Det er eit krav om at ein i spesialisthelsetenesta skal bruke evidensbaserte metodar (grunna på vitskap). Som pasient kan det vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og allereie når du blir søkt inn byrje å tenke over mål for behandlinga. Om du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida er det verdifullt.
I utgreiing av depresjon er det viktig med grundig kartlegging, både i forhold til depresjonen og eventuelle andre symptom og plagar. Behandlaren din vil legge opp til samtalar og utfylling av relevante skjema for å kartlegge dette. Dette vil danne utgangspunkt for å vurdere kva type diagnostiske problemstillingar som passar.
Vi vurderer også om det er aktuelt å innhente informasjon frå andre som kjenner deg godt. Dei kan beskrive kva dei kan ha lagt merke til, som du sjølv kanskje ikkje har festa deg ved. I slike tilfelle ber vi deg om samtykke til innhenting.
Angst
Mange med depresjon opplever i tillegg symptom på angst. Angst kan vere svært ubehageleg, men det er aldri farleg. Når depresjonen blir behandla og minkar, blir som regel angsten også mindre kraftig. Nokre gongar forsvinn likevel ikkje angsten heilt. Viss den fortsatt er veldig kraftig kan du få behandling retta mot angstlidinga. Det er glidande overgangar mellom det vi kjenner på når vi er i dårleg humør, og det vi opplever når symptoma fell innunder ein depresjon, ei psykisk liding. Det er også ulike gradar av depresjon. Vi snakkar gjerne om milde, moderate og alvorlege depresjonar.
Manisk eller hypoman
Behandlar vil spørje deg om du nokon gong har vore «oppstemt» eller «høgt oppe» på ein slik måte at andre har oppfatta deg annleis eller rar. For eksempel: Har du brukt uvanleg mykje pengar og oppført deg meir impulsivt enn vanleg. Desse spørsmåla kan avdekke om du har hatt ein eller fleire episodar der stemningsleiet har vore heva til det vi kallar mani eller hypomani. Dette er viktig for å finne ut om du svingar mellom å vere langt oppe og langt nede, det vi kallar ei bipolar liding. Ein depresjon som er ein del av ei bipolar liding skal behandlast på ein litt annan måte enn ein «vanleg» (unipolar) depresjon.
Suicidalitet
Terapeuten spør alltid om du har tankar om å ta livet ditt eller om du har planar om det. Det er ulike gradar av suicidalitet. Når ein kjenner seg deprimert er det ikkje uvanleg å oppleve at livet er tungt å leve. Dersom tankane blir veldig påtrengande, og du kjenner at du er nær ved å skade deg sjølv eller ta livet ditt, er det svært viktig å fortelje om det. Behandlar kan forsøke å hjelpe deg til å få tilbake håpet og trua på at livet er verdt å leve. Dei tunge tankane når ein er deprimert, vil forsvinne når depresjonen lettar.