Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Depresjon hos barn og unge

Særtrekk ved depresjon hos barn og ungdom er tristheit og/eller at barnet eller ungdomen er irritabel det meste av dagen, nesten kvar dag samanhengande i minst 14 dagar. Det er også vanleg at dei mistar interessa for aktivitetar dei likte før. Det kan vere teikn på depresjon dersom barn eller ungdom trekker seg tilbake frå kontakt med andre på skulen eller på fritida, deltek mindre i aktivitetar eller gjeremål, og har lite energi.

Depresjon kan ramme mennesker i alle aldre, også barn og tenåringer. Vanlige symptomer er nedstemthet, irritabilitet, økt søvnbehov og manglende interesse for aktiviteter som barnet eller tenåringen vanligvis liker. Det finnes ulike behandlinger som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Depresjon kan vere mild, moderat eller alvorleg.  Graden av alvor blir vurdert ut frå kor mange av teikna på depresjon barnet eller ungdomen opplever, og kor myke teikna på depresjon verkar inn på deltaking i kvardagslivet.

Kva som blir vektlagt mest er avhengig av alderen. Søvnvanskar, redusert eller auka matlyst, kroppslege plagar (magesmerter, hovudpine), og konsentrasjonsvanskar er vanlege trekk i alle aldersgrupper.

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir vurdert av psykologspesialist eller barnepsykiater innan 10 arbeidsdagar frå den er motteken på ein poliklinikk for psykisk helsevern barn og unge (BUP). Helsedirektoratet har laga ein prioriteringsvegleiar i psykisk helsevern for barn og unge som gir BUP retningslinjer for ventetid.

Milde depressive tilstandar skal kunne få god hjelp frå helsetenesta i sin kommune, for eksempel av fastlege, helsesøster elle  kommunepsykolog.

Mistanke om moderat til alvorleg depresjon gir rett til hjelp i BUP, og det kan vere opptil åtte veker ventetid frå motteken tilvising til eit tilbod startar.  I ventetida skal barnet/ungdommen bli fulgt opp i kommune- eller bydelshelsetenesta. Om det oppstår forverring i løpet av denne tida skal BUP blir informert, slik at barnet eller ungdommen kan få fremskynda sin time i BUP.  

Dei som kan tilvise til BUP er lege, psykolog og barnevernsleiar. Helsesøster, PPT, eller barne- og familieteneste er ofte med og tilvise.

I dei fleste tilhøve vil familien allereie før tilvising til BUP ha eit samarbeid med barnehage, skule, helsestasjon, PPT eller andre i førstelinjetenesta. Dette kan vere kommunepsykolog, barne- og familietenesta, barnevern eller andre.            

Kartleggingar, rapport eller andre framstillingar av tiltak, og effekten av desse, bør leggast ved tilvisinga. Beskriv også psykososiale tilhøve, inkludert familieforhold og tilknyting til nære omsorgspersonar, samt fungering i barnehage/skule.            

Det blir gitt tilbod i BUP dersom tilstanden er vurdert å vere moderat til alvorleg, og at det er sannsynleg at helsehjelpa vil vere nyttig.            

Det er viktig at den som tilviser har kartlagt og skildra om barnet eller ungdomen har hatt ei brå endring i korleis han eller ho fungerer, om søvnen og vekta har endra seg, og kva for støtte gir familien og nettverket elles.          

Ved symptom på rusmisbruk, sjølvskading eller psykoseliknande fenomen, må dette kome fram i tilvisinga.          

Det må også seiast noko om graden av sjølvmordsrisiko slik at tilvisinga kan bli vurdert rett i samband med hastegrad. 

- Henvisingsskjema til psykisk helsevern barn og unge. 

Utredning

Når du kjem til BUP første gang startar vi alltid med ei utgreiing. Den er vanlegvis ferdig innan seks veker frå oppstart, eller seinast innen tolv veker frå oppstart. Utgreiinga består av ulike kartleggingar med barnet eller ungdomen og foreldre/føresette. Det blir som regel samla informasjon ved bruk av klinisk og diagnostisk intervju, observasjon og spørjeskjema. Det er viktig at opplysningar kjem fram tidleg om utvikling, oppvekst og familieliv, samt korleis barnet eller ungdomen fungerer i barnehage eller skule.

For å avklare graden av alvor i ein eventuell depressiv tilstand, vil ein på BUP vere oppteken av å kartlegge endringar i matlyst, søvnmønster og energinivå hos barnet eller ungdomen. Typiske spørsmål som vil bli stilt handlar om regulering av kjensler, overdriven skuldkjensle, oppleving av å vere verdilaus, konsentrasjonsvanskar og vanskar med å ta avgjersle. Ved depresjon vil angstsymptom ofte opptre samtidig og dermed er det vanleg at det gjerast vurdering av begge tilstandane.

Det vil også bli kartlagt om barnet eller ungdomen har vore utsett for skremmande opplevingar som framleis plagar dei. Det blir også kartlagt kva for sterke sider barnet eller ungdomen har, eller som finst i familien og nettverket rundt.

Det er vanleg å kartlegge sjølvmordsrisiko hos eldre barn og ungdomar. BUP følgjer då tilrådingar frå Nasjonale retningslinjer for forebygging av selvmord i psykisk helsevern (pdf).

Det vil bli vurdert om testing skal gjennomførast. Det vanlegaste er å gjere evnetesting. Nokre gongar blir det gjort andre testar for å undersøke vanskar med konsentrasjon og merksemd, språk, minne, psykomotorisk utvikling, finmotorikk med meir. Behandling blir sett i gong så snart tilstanden er avklart.

Behandling

Behandlinga vil bli planlagt i samråd med barnet eller ungdomen og familien. Etter utgreiing er det mest vanleg å setje i gong samtalebehandling individuelt, i gruppe eller saman med familien. Det kan også blir vurdert foreldre- eller nettverksarbeid, samarbeid med barnehage eller skule, og i nokre tilfelle medisinering.

Kor ofte og lenge ein skal møtast til behandling blir vurdert i kvar enkelt tilfelle. Målsettinga med behandlinga er å auke mestring og legge til rette for at barnet eller ungdomen igjen fungerer i barnehage eller skule, på fritid og heime.

Sjølvhjelp

Nokon vil ha god nytte av sjølvhjelp ei periode. Under finn du sjølvhjelpssider for barn og unge som kan vere nyttig.

-  Enkle råd når livet er vanskelig (ung.no)
-  Kognitiv terapi og veiledet selvhjelp for barn og unge, pdf (Norsk forening for kognitiv terapi)

Sjølvhjelpssider på engelsk

-  MoodGYM (velg norsk språk i nedtrekksmenyen)
-  Dealing with depression - Antidepressant Skills for Teens (kognitiv.no, pdf)

Oppfølging

Etter at behandlinga hos BUP er avslutta, vil familien ofte halde kontakten med samarbeidande instansar på kommunalt nivå som barnehage eller skule, helsestasjon, fastlege, PPT, kommunepsykolog, barne- og familietenesta, barnevern eller andre.

For barn eller ungdom med samansette vanskar vil det ofte vere etablert ei ansvarsgruppe som følger opp og koordinerer tilbodet, også etter at BUP er ferdig med sin del av behandlinga. Eit slikt tilbod kan for eksempel bli gitt dersom barnet har store lærevanskar eller har ei gjennomgripande utviklingsforstyrring, i tillegg til depresjonen.

Ver merksam

Etter behandlinga bør foreldra eller føresette vere ekstra merksame dersom dei opplev at barnet eller ungdomen brått endrar seg. I slike tilfelle bør ein drøfte situasjonen med for eksempel lærar, helsesøster eller andre i førstelinjetenesta som kjenner familien. 

Fastlege, psykolog eller barnevernsleiar vil kunne vurdere om det bør sendast ny tilvising til BUP.

Kontakt

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.