Behandling

Cystoskopi

Cystoskopi er ei undersøking av urinblæra og urinrøret. Eit tynt instrument (skop) blir ført inn gjennom urinrøret og opp i urinblæra. Cystoskopet kan vere stivt eller bøyeleg. Legen kan sjå gjennom cystoskopet, eller det kan vere kopla til ein skjerm. På denne måten kan legen inspisere urinblæra, prostata og urinrøret.

Cystoskopi blir mellom anna gjort ved mistanke om kreft i blæra. Pasientar med påvist og behandla overflatisk blærekreft blir også fulgt opp med denne undersøkinga etter faste intervall for å sjå etter tilbakefall.

Ved enkelte sjukehus blir fotodynamisk diagnostikk brukt ved cystoskopi.


Før

Det er ingen spesielle forberedingar før du skal ta ein cystoskopi. Rett før undersøkinga blir du bedt om å tømme blæra. Kvinner som har menstruasjon kan utan problem få gjennomført undersøkinga.



Under

Cystoskopinstrumentet blir ført inn i blæra via urinrøret. Forandringar i blærevevet blir kartlagt. Ved behov tar vi vevsprøver frå mistenkelege område. Dette blir gjort ved å føre inn ei lita tang gjennom skopet, som gjer det mogeleg å ta prøver av forandringar i slimhinna.


Etter

Det kan vere blod i urinen og svie ved vasslatinga i 1 - 2 dagar etter undersøkinga. Du bør drikke godt, 1 1/2 til 2 liter same dag. Ved vedvarande svie og hyppig vasslating bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.


Oppfølging blir avtalt individuelt etter diagnose og behandlingsopplegg.


Ver merksam

Ved vedvarande svie og hyppig vasslating etter undersøkinga bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologi

Kontakt Urologi
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​