Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cystoskopi – undersøking av urinblæra og urinrøyret

Cystoskopi er ei undersøking av urinblæra og urinrøyret. Eit tynt instrument (skop) blir ført inn gjennom urinrøyret og opp i urinblæra. Cystoskopet er kopla til ein skjerm, det er mogleg å sjå på bildet sjølv undervegs i undersøkinga dersom ein har lyst. Undersøkinga kan vere ubehageleg, men gjer vanlegvis ikkje vondt.

Cystoskopi blir blant anna gjort ved utgreiing på mistanke om kreft i blæra. Pasientar med påviste og behandla overflatisk blærekreft blir følgd med denne undersøkinga etter faste intervall for å sjå etter tilbakefall.

Nokre sjukehus bruker fotodynamisk diagnostikk ved cystoskopi.

Før

Før undersøkinga går du på toalettet og tømmer blæra. Kvinner som har menstruasjon, kan også få gjennomført undersøkinga.

Ta med deg oppdatert medikamentliste til timen. Det er særleg viktig å vite om du bruker blodfortynnande medikament og i så fall kva medikament.

Under

Du får sett inn bedøvelsesgel i urinrøyret før vi fører cystoskopinstrumentet inn i blæra via urinrøyret. Blæra blir fylt opp med vatn for å få god oversikt. Vi ser om det er forandringar i blærevevet og ved behov tar vi vevsprøver frå mistenkelege område.

Dette gjer vi ved å føre inn ei lita tong gjennom skopet, som gjer det mogleg å ta prøver av forandringar i slimhinna. Undersøkinga tar vanlegvis 10–15 min.

Etter

Du kan ha blod i urinen og svie når du tissar, i 1–2 dagar etter undersøkinga. Du bør drikke godt, 1 1/2 til 2 liter same dag. Ved svie som ikkje går over og hyppig tissing bør du levere urinprøve ved fastlegekontoret ditt, da dette kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.

I løpet av timen avtaler vi om du skal følgast opp vidare og på kva måte.  

Ver merksam

Urinvegsinfeksjon kan førekomme etter ei slik undersøking, men da er plagene meir uttalte. Du må da ta med ei urinprøve til eigen lege for å undersøke han dersom plagene varer meir enn 2–3 dagar.

Ein sjeldan biverknad av denne undersøkinga er at ein kan få total urinstopp. Du må da oppsøke fastlege/legevakt eller ta kontakt med sjukehuset.

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.