Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cellegiftbehandling

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.

Målet med cellegiftbehandlinga

  • Kurativ behandling har som mål å kurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom
Kor lenge og kor mykje vi skal behandle sjølve kreftsjukdommen, er ofte ei vurdering. Dine ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør få. Nokre gangar må vi starte behandlinga for å sjå korleis den virker på deg og kreftsjukdommen. Informasjon frå deg og dine pårørande, samt dialog mellom deg og legen, er avgjerande når vi skal planlegge, starte og avslutte den vidare behandlinga. Du får informasjon om kva som er hensikta med behandlinga som blir tilbydd.

Tilvising og vurdering

Cellegiftbehandling er alltid føreskrive av lege, men sjølve cellegiftkuren får ein av sjukepleiar. Behandlinga blir gitt både på poliklinikkar og ved innlegging på sjukehus.

Før

Før kuren startar må du ta blodprøvar. Dette gjer du oftast same dag eller dagen før. Ved enkelte typar cellegiftkurar skal du også ta EKG før første kur. 

Vi anbefaler å ete eit lett måltid før cellegiftbehandlinga. 

Under

Vanlegvis får ein cellegiftkurane intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i urinblæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fire veker.

Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innlegging på sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

Etter

I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

  • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

  • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

  • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

  • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

  • Ved seksuell kontakt bør ein bruke kondom


Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygt vere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

Ernæring under cellegiftbehandling

Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren din eller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skylt ut med urinen. Rikeleg inntak av væske kan òg førebygge kvalme.

Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få på resept eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.
Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

Biverknader og komplikasjonar

Cellegiftbehandling gir ofte fleire biverknader fordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen. Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

Auka risiko for infeksjonar

Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamar minkar etter behandlinga. Dette oppstår oftast fem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen er ein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, som kan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bli redusert, og blodoverføring kan vere aktuelt.  

Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelle er det aktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

Kvalme og brekningar

Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgn etter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldast cellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskrive av legen din på sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte. 

Slappheit

Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tre døgna. Slappheita går gradvis over dei neste dagane.

Håravfall

Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut. Dette skjer vanlegvis etter ein til to kurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

Smerter

Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skade normalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

Feber

Enkelte cellegiftkurar gir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38,3 grader eller høgare målt ein gong, eller vedvarande temperatur på 38 grader eller høgare i meir enn ein time, sjukehuset kontaktast umiddelbart. 

Skade på slimhinner

Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie ved urinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kan gi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

Påverknad av kjønnskjertlar

Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

Produksjon av sædceller hos menn blir påverka og dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre er sjansen for å bevare befruktningsevna.

Skade på nervar

Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde.  Slike bivirkverknader forsvinn vanlegvis innan nokre veker til månader etter avslutta behandling. I nokre tilfellar vil du måtte stoppe eller endre på cellegiftsbehandlinga for å unngå varige plagar. 

Ver merksam

  • Når du er under cellegiftbehandling kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38,3 grader eller høgare målt ein gong, eller vedvarande temperatur på 38 grader eller høgare i meir enn ein time, sjukehuset kontaktast umiddelbart. 

Kontakt

Haugesund sjukehus Kreftpoliklinikk Haugesund

Kontakt Kreftpoliklinikk Haugesund

Oppmøtestad

Ta heisen ved Narvesen-kiosken opp til 5. etasje. Der finn du Ventesone 5A. 

Når du kjem til sjukehuset, kan du også få hjelp av frivilligkorpset. Dei er kledd i rødt, og du finn dei i resepsjonen i 1. etasje og rundt på sjukehuset.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.