Oppfølging etter brot i skulder er omtrent lik, uavhengig om du er operert.
Du blir innkalt til kontroll med røntgen og legeundersøking etter 2, 6 og eventuelt 12 veker.
Etter 6 veker kan du vanlegvis starte med fri beveglegheitstrening, og etter 12 veker kan du starte med gradvis stryketrening. Dette er avhengig av at brotet ser ut til å gro.
Du blir vist til fysioterapeut ved behov. I den første perioden etter skaden og eventuelt operasjon, vil du trenge smertestillande medisinar. Desse bør du ta i ein så kort periode som mogleg.
Dersom det er sett inn plate eller nagle, treng du vanlegvis ikkje få fjerna denne.