HELSENORGE
Ortopedisk seksjon, Haugesund

Brot i legg

Dei to knoklane i leggen kan brekke viss noko treff med stor kraft, men også ved kraftig rotasjon. Dei kan brekke kvar for seg eller samtidig og på ulike stader. Dei fleste leggbrot skjer under fysisk aktivitet eller trafikkulukker.

Innleiing

Leggbrot er delt i kategoriar, der vi skil mellom opne og lukka brot.

Ved ope brot er det ei opning i huda som gjer at det er kontakt inn til beinet. Dette gir fare for infeksjon, og du må få antibiotika for å hindre dette.

Brotet kan har varierande grad av feilstilling. Ved lita feilstilling kan brotet i visse tilfelle behandlast med gips og du slepp operasjon. Dette gjeld særleg barn. Ved moderat til stor feilstilling må brotet opererast.

Utgreiing

Brot i legg blir undersøkt med røntgen og klinisk undersøking. Dette betyr at legen sjekkar om det er eit ope eller lukka brot, grad av hevelse og feilstilling, funksjon av nerver og om beinet har god blodforsyning. Røntgen gir god informasjon om kor mykje feilstiling det er og om brotet er enkelt eller ikkje.

Ved høgenergiskader, som trafikkulukker og fall frå stor høgd, er det viktig å utelukke det vi kallar losjesyndrom. Dette kan skje dersom hevelsen i leggmuskulaturen klemmer av blodforsyninga til beinet. Dette gir mykje smerte og må opererast akutt.

Les mer om

Behandling

Leggbrot blir anten behandla med gips/skinne (såkalla konservativ behandling) eller med operasjon.

Vi behandlar fortrinnsvis barn og unge med gips. Dersom det er nødvendig å korrigere feilstilling i brotet, blir du lagt inn på sjukehuset. Du får narkose før feilstillinga blir korrigert, og så legg vi på gips eller skinne. Litt avhengig av kor gammal du er og teikn til korleis brotet gror, må du ha gips/skinne på i fire til tolv 12 veker.

Hos vaksne er den vanlegaste behandlinga operasjon i narkose eller spinalbedøving. Under operasjonen blir beinet sett i riktig stilling og du får ein nagle i knokkelen. Dersom brotet er langt nede ved ankelen eller høgt opp mot kneet, er det vanleg å bruke plate i staden for nagle.

Oppfølging

Etter behandling med gips/skinne

Kontroll med røntgen på poliklinikk etter seks og eventuelt tolv veker.

Etter operasjon

Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar. Kor lenge kjem an på kor vondt du har og kor raskt du kjem deg på beina. Det er viktig at du kjem deg opp på krykker og ikkje blir liggande i seng lenger enn nødvendig. Ved brot i skaftet kan du belaste mot smertegrensa, mens brot mot ankel eller kne må touchbelastas. Ein fysioterapeut vil hjelpe deg å komme i gang med krykker og opptrening.

I starten får du smertestillande medisinar, men desse bør du slutte med så snart som mogleg.

Du får time til kontroll ved poliklinikk når du reiser frå sjukehuset, som regel seks og tolv veker etter operasjon. Det er vanleg at tilheling og opptrening tar tid, i visse tilfelle eitt til to år. Ein del pasientar får også varige restplagar i form av smerter eller stivheit, eller lett feilstilling av beinet.

I utgangspunktet kan plate/nagle bli verande i beinet. Dersom du får tydelege plager relatert til plata/naglen, kan det vere aktuelt å fjerne den, tidlegast etter eitt år. Det er viktig å vente så lenge for å sikre at brotet er grodd, og unngå nytt brot på samme stad.

Dersom brotet ikkje vil gro, kan det bli nødvendig med ny operasjon. Det er kjent at både røyking og dårleg ernæring kan føre til at brot har vanskeleg for å gro. Røyking gir også auka risiko for dårleg sårtilheling. Det er derfor svært viktig at du kuttar røyken, særleg i perioden såret skal gro.

Faresignal

Viss det kjem bakterier i operasjonssåret, kan det gi infeksjon. Då er det viktig at du kontaktar sjukehuset for utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.

Teikn på infeksjon kan vere raud farge, aukande hevelse, eller væske frå såret. Smerter frå såret eller feber kan også vere teikn på infeksjon.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 20 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 140 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?