Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking, Bronkoskopi av lunger

Bronkoskopi

Bronkoskopi er ei undersøking dei nedre luftvegane. Det blir brukt ein bøyeleg slange med videokamera, eit bronkoskop. Undersøkinga medfører ingen smerter, men noken kan oppleve det som litt ubehageleg.

Ved bronkoskopi kan vi sjå luftvegane innanfrå, ta bakteriologiske prøver, fjerne framandlekamar, sjå etter tekn til lungekreft, eller behandle svulstar og tronge parti.

Vi fører bronkoskopet gjennom nase eller munn og ned i lungene. Via bronkoskopet kan legen ta prøver av slimhinner og vev i lungene. I tillegg kan vi ta prøver av lymfeknutar langs pusterøra. Nokre ganger bruker vi eit spesiallaga bronkoskop med ultralyd (kalla EBUS = endobronchial ultrasound).

Undersøkinga blir vanlegvis utført med lokalbedøving og beroligande medisin. 

Før

Du skal vere fastande i minst 4 timar før undersøkinga. Nokre kan faste lengre, følg beskjeden du får frå avdelinga via telefon eller brev. 

Før undersøkinga får du lokalbedøving som vi sprayar i svelget ditt. Du får også lagt inn eit plastkateter i ei blodåre. Gjennom det får du medikament som verkar avslappande, hostedempande og smertestillande.

Faste medisinar

Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, må du gi beskjed til avdelinga i god tid før undersøkinga. Avdelinga vil gi beskjed om du må slutte å ta medisinane i ein periode før undersøkinga.

Du kan ta dine faste medisinar som vanleg med ein liten slurk med vatn. Du kan også ta inhalasjonsmedisinane dine om du brukar det.


Under

Under sjølve undersøkinga ligg du vanlegvis på ryggen i ein seng/på ein benk. Du får avslappande medisin før undersøkinga startar. På fingeren får du ei lita klemme som måler surstoffinnhaldet i blodet ditt. Om surstoffinnhaldet i blodet går ned under undersøkinga, vil du få  tilført ekstra surstoff gjennom ein slange i nasen.

Når legen fører skopet ned gjennom halsen, vil slimhinnen bli bedøvd med lokalbedøving via ein liten kanal i bronkoskopet. Dette kan føre til forbigåande hoste.

Under sjølve undersøkinga vil legen kunne inspisere slimhinnene i dei største og mellomste luftvegane. Her kan ein ta vevs- og celleprøver for vidare undersøking.  Prøvetakinga medfører ingen smerter.

Etter

Etter undersøkinga skal du fortsette å faste i minst 2-3 timar og ta det med ro.

Du kan reise heim same dag som undersøkinga er utført, men du må sørge for at du har transport. Du får medisinar som gjer at du ikkje skal køyre bil den dagen du blir undersøkt.

Etter undersøkinga får du ein legetime ved avdelinga for svar på prøvene. Svara føreligg vanlegvis etter 4-7 dagar. Du vil også få informasjon om tilstanden din, og plan for eventuell vidare utgreiing eller behandling.

Ver merksam

  • Hoste kan forekomme relativt hyppig. 
  • Enkelte kan oppleve eit trykk eller kjenne sårheit, men denne er kortvarig. 
  • Ein kan oppleve ulik grad av tung pust under undersøkinga, men det følger vi godt med på undervegs.
  • Dersom vi har tatt prøver kan det kome litt friskt blod i spyttet, men dette er heilt ufarleg. Større blødingar kan forekomme, men det er svært sjeldan. Hvis det stadig kjem friskt blod i spyttet etter heimkomst, må du ta kontakt med sjukehuset igjen.
  • Nokre kan få temperaturstigning etter undersøkinga. Denne er vanlegvis forbigåande. Om den ikkje gir seg eller allmentilstanden er påverka, kan det skuldast infeksjon. Ta kontakt med lege dersom feberen ikkje gir seg.  
  • Ein sjeldan gong kan det forekomme skade på luftrøyret og lungene ved ein bronkoskopi. Dersom det blir tatt prøver langt ute i lunga kan det ein sjeldan gong oppstå hol i lunga, slik at det blir ein lekkasje. Dette kan krevje behandling som fjerner luft frå lungesekken. 

Kontakt

Odda sjukehus Medisinsk sengepost Odda

Kontakt Medisinsk sengepost Odda
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.