Du skal vere fastande i minst fire timar før undersøkinga. Nokre kan faste lengre, følg beskjeden du får frå avdelinga via telefon eller brev. Du kan drikke klare væsker (vatn, svart kaffe, klar te og juice uten fruktkjøtt).
Før undersøkinga får du lokalbedøving som vi sprayar i svelget ditt. Du får også lagt inn eit plastkateter i ei blodåre. Gjennom det får du medikament som verkar avslappande, hostedempande og smertestillande.
Faste medisinar
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, må du gi beskjed til avdelinga i god tid før undersøkinga. Avdelinga vil gi beskjed om du må slutte å ta medisinane i ein periode før undersøkinga.
Du kan ta dine faste medisinar som vanleg med ein liten slurk med vatn. Du kan også ta inhalasjonsmedisinane dine om du brukar det.