Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodtrykksregistering i 24 timar

Formålet med testen er å få ein status på blodtrykket ditt på dagtid og om natta, under kvardagsaktivitetar og under fysisk aktivitet. Denne testen tek vi for å stadfeste om du har høgt (eller lågt) blodtrykk, eller om det varierer veldig i løpet av døgnet. Ofte bruker vi blodtrykksregistrering i 24 timar dersom vi mistenker at du treng behandling for høgt blodtrykk (hypertensjon).

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist frå fastlege, eventuelt behandlande lege dersom du er innlagt på sjukehuset, eller spesialist.

Før

  • Ta på ein laus t-skjorte som du kan bruke under heile registreringa. Utstyret blir montert delvis utanpå denne.
  • Du skal fortsette å ta medisinane dine som vanleg.
  • Om du bruker medisin som regulerer blodtrykket, skal du ta dette som vanleg, om ikkje lege har gitt anna beskjed. 
  • Det er lurt om du har på deg eit vanleg bukse-belte som utstyret kan bli festa på.

Under

Når du kjem, treng testledaren nokre opplysningar frå deg, som når du pleier å legge deg og når du står opp. Vi fester ein blodtrykksmansjett på din venstre arm. Denne er kopla med ein slange til eit lite apparat (10 x 10 cm) som du ber med deg i ei veske. Apparatet er på førehand programmert til å ta fleire blodtrykksmålingar og måle pulsen gjennom døgnet. Mest vanlege er at blodttrykket blir målt to gonger i timen om dagen/kvelden, og ein gong i timen om natta. Den tida du går med blodtrykksapparatet, skal du ha så normal aktivitet som mogleg. 

Du får ofte eit aktivitetsskjema kor du skal fylle inn kva du gjer i løpet av døgnet. Skjemaet skal du ta med med dagen etterpå når utstyret av.

Du kan ikkje dusje eller bade når du har på deg testutstyret. Det er viktig at du har ein så vanleg dag som mogleg og tar minst mogleg omsyn til blodtrykksmålingane når du planlegg dagen.

Testen gjer i utgangspunktet ikkje vondt, men når blodtrykksmansjetten blir blåst opp, kan dette bli opplevd som ubehageleg.



Etter

Når målinga er avslutte vil resultatet bli gjennomgått og analysert, og du vil få ein tilbakemelding av din fastlege, eller behandlande lege på sjukehuset hvis du er innlagt.

Kontakt

Odda sjukehus Medisinsk sengepost Odda

Kontakt Medisinsk sengepost Odda
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om rutetilbod til Odda sjukehus, sjå skyss.no og kolumbus.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Praktisk informasjon

Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps. 

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.

Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00

Trekk kølapp når du kjem.

Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det. 

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.