Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Blodtrykksmåling

Blodtrykket ditt blir som regel målt når du blir innlagt på sjukehus. Sjukdommen du har og kva du som skal bli behandla påverkar kor ofte blodtrykket ditt blir målt.

Blodtrykket vert angitt med to adskilte tal av ein skråstrek. Måleininga er mm Hg (millimeter kvikksølv). Til dømes kan blodtrykket ditt vere 120/80 (120 over 80 mm Hg). 

Det fyrste og høgaste talet (systoliske blodtrykk/«overtrykket») er er trykket i blodårane (arteriene) når hjartet pumper ut blod. Det andre og lågere talet (diastolisk blodtrykk/«undertrykket») er trykket når hjartet slapper av og blir fylt opp med blod før neste slag. 

Før

Du bør ikkje vere i fysisk aktivitet, ete, drikke, røyke, eller innta koffein dei siste 15-30 minuttane før blodtrykket skal bli målt. 

Under

Blodtrykket blir målt av lege eller sjukepleiar. Blodtrykksmansjetten, som blir sett rundt overarma, blir blåst opp ved hjelp av ein liten ballong, så mansjetten strammar litt rundt arma. Mansjetten er forbunde med eit blodtrykksapparat, kor trykket i mansjetten kan avlesast.

Etter

Resultatet av blodtrykkestesten får du med ein gong, og eventuelt behov for behandling kan iverksettast.