Blodpropp – djup venetrombose
Djup venetrombose (DVT) er forårsaka av ein blodpropp som oppstår i dei djupe venene i beina, bekkenet eller armane. DVT blir behandla med blodfortynnande medikament for å hindre ytterlegare progresjon av proppen, og for å redusere risikoen for komplikasjonar.
Symptom
Vanlege symptom på DVT er nyoppståtte smerter eller hevelse i beinet (vanlegvis leggen) eller armen. Ved slike symptom skal du ta kontakt med fastlege eller legevakt same dag. DVT er ein akutt medisinsk tilstand som krev at behandling med blodfortynnande medikament startar utan unødvendig forseinking.
Tilvising og vurdering
Dersom du utviklar akutt hevelse eller smerter i beinet eller armen, skal du kontakte fastlegen eller legevakta same dag. Dersom legen din mistenkjer DVT, viser legen deg til akuttmottaket for vidare utgreiing og eventuell oppstart av behandling. Ved sterk mistanke om DVT, kan behandling med blodfortynnande medikament starte i forkant av utgreiing. Dette er særleg aktuelt dersom utgreiinga blir utsett til dagen etter.
Utgreiing
Utgreiing startar med ei medisinsk vurdering av om det kan vere for blodpropp. Vidare utgreiing består av ein blodprøve (D-dimer), ultralyd- og røntgenundersøking av aktuelle bein eller arm. Utgreiinga skjer i akuttmottaket og tek vanlegvis nokre timar. Dersom lege mistenkjer lungeemboli utfører vi også ein CT (computerromografi).
Behandling
Blodfortynnande legemiddel (koagulasjonshemmarar)
DVT blir behandla med blodfortynnande medikament (koagulasjonshemmarar). Dei kan løyse opp blodproppen og forhindre danning av ny blodpropp. Behandlinga blir gitt frå 3 månader til ubestemd tid, avhengig av årsaka og utbreiinga.
Nokre blodfortynnande medikament må du få på sjukehus, anten i form av injeksjonar eller som intravenøs behandling. Ofte kan det vere nok med ei behandling på sjukehus, der du får opplæring i korleis du kan gjere det heime. Nokon treng likevel hjelp av ein heimesjukepleiar etter utskriving.
I tillegg til blodfortynnande behandling får pasientar med DVT støttestrømpe for å redusere hevelse og seinkomplikasjonar, som posttrombotisk syndrom.
Lokal kateterbasert trombolyse
Lokal kateterbasert trombolyse er ei behandling for pasientar med djup venetrombose (DVT) i øvre del av lår og bekkenområdet. Vi legg inn eit kateter via lysken og/eller knehasen og fører det vidare inn i venen der blodproppen (tromben) sit. Vi fyller kateteret med medikament som løyser opp blodproppane der dei er plasserte.
Ved nokre tilfelle vurderer vi bruk av noko som heiter AngioJet. Dette er eit lite instrument som er festa på eit kateter som vi fører inn i venen der tromben er lokalisert. Den har evne til å rotere og ein oppsugingsevne som skal, i dei tilfella det er mogleg, løyse opp store trombar og suge til seg tromberestane. Langtidseffekten er usikker, då det ikkje er gjort nok forsking på dette, men vi ser at det kan vere svært effektivt og kan gjere tida du må være innlagt på sjukehuset, kortare.
Oppfølging
I etterkant av DVT blir du følgt opp på poliklinikken ved sjukehuset eller av fastlegen. Du skal gjennom ei utgreiing for å finne underliggjande årsak til DVT, til dømes arveleg disposisjon. I sjeldne tilfelle kan også underliggjande kreftsjukdom vere ei årsak til DVT.
Dersom plagene i det aktuelle beinet eller armen aukar, skal du ta kontakt med fastlege/legevakt med ein gong.
Det kan også hende at delar av blodproppen losnar og bevegar seg til lungene. Dette blir kalla lungeemboli. Vanlege symptom på lungeemboli er smerter i brystkassa og andenød. Ved slike symptom skal du ta kontakt med sjukehuset, legevakta eller fastlegen omgåande.
Ver merksam
Behandling med blodfortynnande medikament gir risiko for blødingar. Dersom du får alvorlege blødingar eller blødingar som ikkje stansar må du ta kontakt med fastlege eller legevakt. I sjeldne tilfelle kan det oppstå blødingar i hjernen. Dette kan gi symptom som redusert medvit, kraftsvekking eller problem med balanse eller taleevne.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00