Transfusjon
Blodoverføring
Dersom du har for lite raude blodceller, blodplater og/eller plasma kan det vere nødvendig med påfyll. Behandling med påfyll av blod/blodoverføring blir kalla transfusjon.
Blodprodukt
Bestanddel og funksjon i kroppen:
Raude blodceller (erytrocyttar):
- Transporterer oksygen frå lungene til resten av kroppen
Blodplater (trombocyttar):
- Reparerer skader i blodåreveggen og stoppar blødingar
Plasma:
- Inneheld viktige protein som også er nødvendige for å vedlikehalde og reparere blodåreveggane og stoppe blødingar
Kvifor er det nødvendig med transfusjon?
Tilvising og vurdering
Det er berre lege som kan tilvise til/ordinere behandling med transfusjon. Dei fleste transfusjonar føregår på sjukehus.
Det skal vere avklart med deg at du ønsker behandling med transfusjon
Før
Blodprøvetaking før planlagt transfusjon
Før planlagt transfusjon blir det tatt blodprøve til blodtyping og pretransfusjonsprøve, les meir under punkt 2 nedst på sida.
Ved slik blodprøvetaking blir du spurt om å oppgi fullt namn og det 11-sifra personnummeret ditt. Dersom du er innlagd ved sjukehuset, vil den som tar blodprøven også sjekke ID-armbandet ditt. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet som blir satt på ved innlegging. Dette er viktig for at behandlinga blir så sikker og trygg som mogleg.
Dersom du treng transfusjon over lengre tid, blir blodprøvane gjentekne etter 4 dagar. Dette blir gjort for å sjekke om du har danna antistoff som ein må ta omsyn til ved transfusjon, les meir om dette under punkt 3 nedst på sida.
Ved akutte transfusjonar er det ikkje alltid tid til å ta desse blodprøvane, les meir om dette under punkt 10 nedst på sida.
Venekateter
Før transfusjon treng du eit venekateter som blodet kan bli gitt gjennom. Det kan vere eit venekateter som du allereie har på plass eller det kan bli lagt inn eit eige for transfusjonen.
Målingar før transfusjon
Før transfusjonen blir sett i gang blir det målt blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens samt eventuelt oksygeninnhald i blodet (med pulsoksymeter, dersom slikt måleinstrument er tilgjengeleg). Dette blir gjort for å ha eit utgangspunkt for målingane som blir gjort seinare under transfusjonen og for å kunne vurdere eventuelle biverknader undervegs og etter avslutta transfusjon.
Identitetskontroll før transfusjon startar
Like før transfusjonen blir sett i gong blir du spurt om namn og det 11-sifra personnummeret ditt, og i tillegg skal ID-armbandet ditt kontrollerast. Denne informasjonen blir kontrollert mot informasjon på følgearket til blodproduktet. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet du får satt på når du blir innlagt. Eit produktnummer på etiketten på blodposen blir også kontrollert og skal vere identisk med nummeret på følgearket. Denne kontrollen skal utførast like før transfusjonen startar og sikrar at det er den rette blodposen som blir gitt til deg. Kontrollen skjer ved hjelp av ein elektronisk skanner eller ved at to personar kvar for seg kontrollerer opplysningane.
Transfusjonssett
Transfusjon blir gitt gjennom eit eige slangesett (transfusjonssett). Slangesettet har eit kammer med filter som slepp blodcellene gjennom, men vil stoppe eventuelle klumpdanningar av fleire celler som heng saman. Slangesettet blir kopla til blodposen og blir fylt med innhaldet frå blodposen før transfusjonen startar.
Under
Oppstart av transfusjon
Sjølve transfusjon blir sett i gong ved at slangesettet som allereie er fylt med innhaldet frå blodposen blir kopla til venekateteret ditt og rulleklemma på slangen blir opna.
Varigheit av transfusjonen
Kor raskt blodet blir gitt, blir bestemt av legen som har ordinert behandlinga. Normal varigheit for ein transfusjon av ein pose er gjerne 1,5–2 timar. Dersom du har særs høgt blodtrykk eller hjartesvikt kan det bli nødvendig å gi transfusjonen endå saktare enn dette, men maksimalt over 4 timar.
Det kan også hende at du får transfusjon med fleire posar etter kvarandre.
Ved ei stor og pågåande bløding vil du få transfusjonen mykje raskare og fleire blodposar kan også bli gitt samtidig. Det kan i ein slik situasjon også bli behov for blodvarmar (les meir under punkt 7 nedst på sida).
Kva skjer under sjølve transfusjonen?
Dei aller fleste merkar ikkje noko spesielt undervegs i transfusjonen og du kan ete, drikke og bevege deg slik du ønsker. Den som styrer transfusjonen er i nærleiken for å observere deg dei første 15 minuttane av transfusjonen og vil også gjenta målingane av blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens og eventuell oksygenmetning. Etter dette er det ikkje nødvendig at du blir observert kontinuerleg, men du må opphalde deg på avdelinga under heile transfusjonen.
Biverknader av transfusjon
Dersom det er større endringar i målingane som blir gjort etter 15 minutt, kan dette tyde på at du reagerer på transfusjonen. Dette gjeld også dersom du skulle merke nokon av følgande symptom:
- uvel eller sjukdoms-/feberkjensle
- kløe eller utslett i huda
- unormal pust (tungt å puste, rask pust) eller hjartebank
- smerter i armen/rygg/bryst/mage eller andre stader i kroppen
Dersom du merkar slike symptom, må du seie frå om dette med éin gang til den som styrer transfusjonen.
Symptom som nemnt over eller større endringar i målingane av deg kan vere teikn på ein biverknad av transfusjonane (transfusjonsreaksjon). Transfusjonen blir då stoppa og lege blir tilkalla for å gjere ei vurdering av deg, les meir om dette under punkt 8) og 9) nedst på sida.
Etter
Avslutning av transfusjonen
Når heile innhaldet i posen har blitt transfundert koplar den som utfører transfusjonen slangesettet frå venekateteret. Etter avslutta transfusjon blir målingane av blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens samt ev. oksygenmetning gjort på nytt. Hos dei aller fleste er desse målingane uforandra i forhold til målingane før og undervegs, men dersom det er større endringar kan dette vere teikn på ein reaksjon på transfusjonen, les meir om dette under punkt 8) og 9) nedst på sida.
Kontroll av effekt av transfusjonen
For å kontrollere at transfusjonen har hatt ønska effekt hos deg, kan ein ta blodprøve etter at transfusjon er avslutta. Det kan til dømes bli målt Hb (blodprosent) etter transfusjon med raude blodceller, eller det kan bli målt tpk (antal blodplater) etter transfusjon med blodplater. Det tar 1–2 timar å få svar på desse analysane. Dersom transfusjonen ikkje gir ønska effekt (høg nok stigning i Hb eller blodplatetal), kan det bli nødvendig at du får transfusjon med fleire blodprodukt.
Heimreise etter transfusjon
Det er din behandlande lege som avgjer kor raskt du kan reise heim etter ein transfusjon. Ei vurdering blir gjort på bakgrunn av tilstanden din, årsaka til transfusjonen og om transfusjonen har hatt ønska effekt, om du tidlegare har hatt reaksjonar etter transfusjon og korleis heimesituasjonen din er.
Meir om transfusjon
Ver merksam
Dersom du har fått transfusjon og reiser heim i løpet av det første døgnet etter transfusjon er det viktig at du gir sjukehuset beskjed dersom du
- skulle bli uvel
- får sjukdomskjensle eller feber
- får kløe eller utslett i huda
- merkar noko unormalt med pusten eller pulsen din
- får smerter noko stad
- ser at urinen din får mørk raud/brun farge
Dette gjeld sjølvsagt også dersom du merkar slike symptom medan du framleis er innlagt på sjukehuset.
Slike symptom kan vere teikn på ein reaksjon på transfusjonen og kan i sjeldne tilfelle også kome mange dagar etter sjølve transfusjonen.
Ta derfor alltid kontakt med personalet eller ring tilbake til sjukehuset dersom du er i tvil.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00