Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodfortynnande medisinar – endoskopisk undersøking

Endoskopi er samleomgrep på undersøkingar der ein bruker eit instrument med lys og kamera i tuppen (endoskop), for å undersøkje holrommet til kroppen. Endoskopiske undersøkingar kan medføre bløding. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar (antikoagulasjon eller platehemming) er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Med nokre få unntak, er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar før undersøkinga.

Før

Brukar du blodfortynnande medisinar må du stoppe mellombels å ta nokre av desse medisinane for å redusere risikoen for bløding i samband med undersøkinga, sjå tabell nedanfor.

Viktig!

  • Dersom du har mekanisk hjarteklaff, skal du ikkje slutte med medisinar.
  • Dersom du har hatt blodpropp siste tre månader, hatt hjarteinfarkt eller fått koronarstent siste 12 månader, skal du ikkje slutte med medisinar.

 

Stoppe midlertidig blodfortynnande medisinar
Blodfortynnende medisinar, salgsnavn Virkestoff i medisinen Kva skal du gjere før undersøkinga?
Albyl-E, Asasantin Retard, Persantin, Aponova, Disprasorin acetylsalisylsyre, dipyridamol Bruke som vanleg
Plavix, Clopidogrel, Ticlid, Brilique, Efient, Prasugrel Krka clopidogrel, prasugrel, ticagrelor, tiklopidin Ta siste dose 6 dagar før undersøkinga
Pradaxa, Xarelto, Lixiana, Eliquis, Novastan dabigatran, rivaroxaban, apixaban, edoxaban, argatroban Ta siste dose 48 timar før undersøkinga
Marevan, Warfarin Orion warfarin Ta siste dose 3 dagar før undersøkinga. OBS! Møt opp 1 time før undersøkinga for blodprøve (INR)
Fragmin, Klexane, Heparin heparin, dalteparin, enoksaparin Ta siste dose kvelden før undersøkinga
Andre viktige medisinar   Ta som vanleg

 

Viktig!

  • Dersom du har mekanisk hjarteklaff, skal du ikkje slutte med medisinar.
  • Dersom du har hatt blodpropp siste tre månadar, hatt hjarteinfarkt eller fått koronarstent siste 12 månadar, skal du ikkje slutte med medisinar.

Etter

Ta med deg dei faste medisinane dine til sjukehuset slik at du eventuelt kan ta desse med ein gong undersøkinga er ferdig.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.