Operasjonen er kortvarig, og barnet kan ete og drikke allereie same dag. Det er viktig at barnet står opp og går, eller kjem opp i rullestol, på operasjonsdagen.
Opplæring i skyljing
Dagen etter operasjon startar vanlegvis skyljing gjennom kateteret som ligg i blindtarmstomien. Vanlegvis bruker vi vatn frå springen. Væskemengda er individuell og aukas gradvis. Nokon gonger blir det tilført avføringsmiddel. Erfaring frå tidligare tøyming av tarmen brukast som utgangspunkt. Individuelle justeringar av mengde og hyppighet skjer også etter utskriving frå sjukehuset.
- Væske og/eller avføringsmedisin blir satt inn i kateteret ved å bruke ei stor sprøyte eller ein vatnpose med slange.
- Væskemengda blir satt i løpet av 5-10 minutt. Etterpå må barnet rekne god tid på toalettet, cirka. 30 minutt.
- Det er viktig med regelmessig skyljerutinar og at barnet et og drikk før skyljeprosedyren blir gjennomført.
- Barn kan oppleve ubehag/knip i magen under skyljing. Ta ein liten pause, masser magen eller gjer nokre bevegelsar før skyljeprosessen forsett.
Heimreise
- Heimreise skjer vanlegvis éin til tre dagar etter operasjonen.
- Foreldre og barn må vere trygge på å gjennomføre skyljeprosessen heime.
- Det er gjennomført samtale med stomisjukepleiar og mottatt resept på utstyr.
- Det er kunn nødvendig med ein liten bandasje over blindtarmstomien og plaster for å feste kateteret godt.
- Barnet er som regel klar for normal aktivitet 7-10 dagar etter operasjonen og kan då begynne i barnehage/skole.
- Unngå aktivitet som kan medføre slag og/eller dytt mot magen frem til kateteret er fjernet 3-4 veker etter operasjonen.
- Barnet kan dusje få dagar etter operasjonen, men bør vente med å bade til kateteret er fjernet.
Fjerning av silikonkateter
- Tre til fire veker etter operasjonen skal barnet møte til kontroll på kirurgisk dagavdeling.
- Kateter som ble lagt inn under operasjonen blir nå fjernet.
- Eit tynt kateter førast inn i stomiopninga, og det skyljast med litt vatn.
- Dette blir først gjort av kirurg eller stomisjukepleiar. Deretter gjer barnet og/eller foreldre dette sjølv.
Anna informasjon
- Generelt opplever barn auka sjølvfølelse og meistring når dei sluttar med bleier for avføring.
- Det er viktig at barnet deltar aktivt i skyljeprosessen heime for å oppnå størst mogleg grad av sjølvstendighet.