Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blærekreft

Blærekreft er ein eller fleire svulstar som veks ut frå den indre overflata til urinblæra. Blærekreft er den sjette vanlegaste kreftforma blant norske menn. Talet på tilfelle av blærekreft er aukande blant kvinner, og røykarar er spesielt utsette. Blærekreft blir hovudsakleg behandla med operasjon.

Blærekreft er en eller flere svulster som vokser ut fra urinblærens indre overflate.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og pårørande dine, og dessutan ansvarsplassering og konkrete forløptider.

 
Forløpkoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

 

Utredning

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Kva undersøkingar som blir gjorde varierer, men mange blir undersøkte med eit tynt røyr, eit skop, som blir ført inn gjennom urinrøyret og opp i urinblæra (cystoskopi). Vi tar ofte blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga av deg.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi tar avgjerd om diagnose. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

Dei vanlegaste undersøkingsmetodane ved mistanke om blærekreft er:

 

 

 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​



Behandling

Ved påvist kreft, planlegg vi nå kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga di tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

For pasientar med blærekreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling aleine eller i kombinasjon.

Den kirurgiske behandlinga av blærekreft kan delast i to grupper:

Ved overflatisk kreft prøver vi å bevare blæra og berre fjerne svulsten (TURB).

Der kreftsvulsten har vakse inn i blæremuskulatur eller djupare (muskelinfiltrerande svulstar) vil vi som oftast måtte fjerne blæra (cystektomi).

Overflatiske blærekreftsvulstar 

kan heilast ved operasjon gjennom urinrøyret (TURB). Blærefunksjonen vil vere normal etterpå. Desse svulstane har ein tendens til å komme tilbake. Ein må derfor kontrollerast i mange år med cystoskopi og ev celleundersøking av urinen. Kontrollane blir vanlegvis gjorde poliklinisk med lokalbedøving.

 
TURB kan gjerast dagkirurgisk eller ved at du blir lagd inn på sjukehuset. Dei aller fleste pasientane med overflatiske blærekreftsvulstar er ferdig behandla etter TURB.
 
 
For å redusere faren for nye svulstar, blir urinblæra skyld med cellegift (Mitomycin) eller immunologiske medisinar (BCG) som reduserer hyppigheita av tilbakefall. 
 

Muskelinfiltrerande blærekreft 

Pasientar med muskelinfiltrerande blærekreft blir som oftast behandla med fjerning av blæra (cystektomi).  Operasjonen kan gjerast med open teknikk eller som robotassistert operasjon. Somme pasientar vil få cellegift i forkant av operasjon. Dette blir vurdert av urolog, kreftlege og røntgenlege i fellesskap. 

Anna behandling

Strålebehandling aleine har ikkje stor plass i behandling av blærekreft, men har så avgjort ein plass i kombinasjonsbehandlinga av utbredt (avansert) blærekreft og i lindrande behandling. 

Lindrande behandling

Ved langt komen kreft kor sjukdom ikkje kan kurerast finnast det nå ein rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebuing og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.





 

 

 

 

 

 

Oppfølging

Behandling og oppfølging av pasientar behandla for blærekreft delast i to hovudgrupper:

  • Ikkje muskelinfiltrerande 
  • Muskelinfiltrerande
Det er forskjell i kontrollopplegg også innan hovudgruppene ut frå kreftens potensiale for progresjon og tilbakefall, samt behandlinga som er gitt.
 

3, 12 og 24 månader etter behandling: kontroll med cystoskopi.  

  • Dei fleste pasientane i denne gruppa behandlast med installasjonar i blæra av BCG eller Mitomycin  etter faste protokollar (kvar 3 månad i 1-3 år) for å redusere faren for tilbakefall. Medikamenta blir satt i blæra via eit kateter.
  • Pasientar som ikkje tolererer desse medikamenta følges med cystoskopi kvar 3 månad i 2 år, kvar 4 månad i 1-2 år og kvar 6 månad fram til 5 år. Deretter årleg undersøking.
  • Kvart 2 år: røntgenundersøking av øvre urinvegar.

  • Cystoskopi 3. månader etter TURB
  • Kvar 6. månad i 2 år
  • Årleg frå 3.-10. år 

  • 3 månadar: blodprøvar og røntgen-undersøking
  • Halvårleg kontrollar fram til 5 år etter operasjonen. Kontrollar med blodprøvar, røntgen og eventuelt cystoskopi ved blæresubstitutt.
  • Individuell oppfølging vurderast utover 5 år.

Kontroll hos urolog: 

Cystoskopi: Kvar 3. månad i eitt år, deretter kvar 6. månad i 2 år. Årleg så lenge pasienten blir rekna for å tole ein større operasjon. 

Kontroll kreftlege: 

Kvar 6. månad i 2 år, deretter kvart år i 3 år.  Kontrollar med CT-undersøking og blodprøver. 

Utover dei oppsette kontrollane vil det vere individuell vurdering om det er behov for vidare oppfølging. 

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ein hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkte rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og starten av behandlinga. Måler er å kunne fungera og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet. 

 

 

 

 

 




Sist faglig oppdatert 06.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.