Fjerning av blæra (cystektomi):
Inngrepet starta med fjerning av blæra, saman med prostata hos menn og indre kjønnsorgan hos kvinner. Organa fjernast som ein del. Når det planleggast rekonstruksjon av urinvegane med blæresubstitutt blir det gjort med nervesparande kirurgi, for eit betre funksjonelt resultat. Inngrepet fortsett med fjerning av lymfeknutar i bekken. Dette er ikkje bare for å sjå utbreisle av sjukdommen, det har også vist å kunne gi betre prognose av behandlinga. Venstre ureter førast over til høgre side. Deretter gjørast den planlagde rekonstruksjonen. Til slutt fjernast preparata gjennom eit lite snitt over navlen.
Rekonstruksjon av urinvegane
Vi rekonstruerer urinvegane på 2 måtar. Urostomi eller blæresubstitutt:
Urostomi(Brickerblære):
Urinvegane rekonstruerast ved bruk av 15 cm av den nedre delen av tynntarmen. Denne delen av tarmen blir sydd mot urinlederane og leggast ut på magen som ein stomi. Det leggast ut stentar for å sikre drenasjen frå nyrene. Tarmen blir sydd saman igjen. Urinen samlast i ein stomipose.
Blæresubstitutt(Studer-blære):
Blæresubstitutt er ein rekonstruksjon av urinblæra med bruk av ca. 50 cm av den nedre delen av tynntarmen. Segmentet blir sydd ned mot urinrøret. Tarmsegmentet blir deretter opna i lengderetninga og bretta og sydd saman til ei ny blære med kuleform. Det leggast inn kateter til blæresubstituttet. Tarmen sys saman igjen. Det blir lagt ut stentar for å sikre drenasjen frå nyrene.
Denne blæra tømmer seg ikkje som før, då tarmen har ein anna nerveforsyning. Tømming av blæra skjer ved spenning av magemusklane og avslapping i bekkenbunn. Dette er noko pasientane må lære og det kan ta litt tid. Det er viktig at pasientane på førehand har lært å tømme blæra med kateter. Blæra skal skyljast 4 gonger per døgn den første tida for å få ut slim. Etter kvart blir dette sjeldnare og ved behov.
Den første tida skal pasienten prøve å halde seg for å auke kapasiteten på blæra. Seinare er det viktig å tømme blæra etter klokka, 4 gonger pr. døgn, for å unngå at den blir for stor. Det er vanleg å ha lekkasjeproblem spesielt i starten etter operasjon. Varig nattleg lekkasje er vanleg dersom tømmingsregime ikkje etablerast.
Blæresubstituttet kontrollerast med røntgen før fjerning av kateter ca. 3 - 4 veker etter operasjon.