Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Mitomycin er ein type cellegift som blir brukt ved ulike typar kreftformer. Sidan legemiddelet blir gitt direkte inn i blæra vil det ikkje ha dei biverknadene som elles er knytte til cellegiftbehandling, som for eksempel håravfall og kvalme.
Behandling med mitomycin i blæra etter TURB (blærekreftoperasjon) har vist seg å redusere risikoen for at svulstane kjem tilbake. Dette blir anbefalt for alle pasientar med overflatiske svulstar.
Mitomycin blir også brukt under oppfølging av pasientar som reagerer på BCG.
Dei siste 2 timane før behandling skal du drikke så lite som mogleg. Nyrene vi da produsere mindre urin og dette hindrar at løysinga av mitomycin blir fortynna i blæra.
Eventuelle vassdrivande legemiddel bør takast etter behandlinga.
Under inngrepet (TURB), blir det ført ein fleksibel slange (kateter) opp i blæra via urinrøyret. Via dette kateteret blir sprøyta løysinga av mitomycin inn i blæra. Kateteret blir stengt av i to timar slik at legemiddelet kan få verke.
Deretter blir kateteret opna og løysinga blir sleppt ut igjen. Du kan bli beden om å endre leie (snu deg frå side til side) kvart 15. minutt for å oppnå maksimal overflatekontakt.
Du må seie frå om du opplever smerter/spreng under behandlinga.
Særskild informasjon til kvinner: Mitomycin skal ikkje brukast under graviditet og prevensjon bør brukast i behandlingsperioden. Unngå amming ved behandling med Mitomycin.
Særskild informasjon til menn: Mitomycin kan verke skadeleg på sædceller og kondom bør brukast i behandlingsperioden.
Etter at blæra er tømt for Mitomycin, må du drikke mykje. Dette for å få skylt ut gjenverande restar av legemiddelet. Tøm blæra ofte. Det kan førebygge biverknader i blæra.
Sitt ned på toalettet ved urinering dei første åtte timane etter behandling for å unngå søl av Mitomycin. Skyl ned i toalettet to gonger etter kvart besøk.
Vask hender og underliv godt med såpevatn etter toalettbesøk for å unngå irritasjon av huda.
Klede og sengetøy som har vore i kontakt med urin må vaskast med ein gong. Tørk opp urinsøl med papir. Vask deretter godt med såpe og vatn. Legg bleier, bind o.l. i plastpose som du knyter godt igjen. På sjukehuset skal du kaste dette i behaldar for risikoavfall.
Mitomycin verkar irriterande på hud og slimhinner og biverknader som oppstår komme av dette. Du kan oppleve:
Desse plagene kan også komme av sjølve inngrepet der svulstane blei fjerna. Ta kontakt med fastlegen din dersom desse plagene ikkje går over av seg sjølve i løpet av nokon dagar. Ta omgåande kontakt med legen dersom du viser teikn til infeksjon, som feber over 38 °C, frysningar, hoste og sår hals.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund