Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Bipolar lidelse

Bipolar liding vert kjenneteikna av gjentakande og store variasjonar i humør, energi og aktivitetsnivå. Bipolar liding omfattar både depressive episodar og periodar med sterk oppstemd, også kalla mani eller hypermani.

Bipolar lidelse er en psykisk lidelse som gjør at humøret ditt og aktivitetsnivået ditt svinger mer enn hos andre mennesker.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Bipolar liding vert delt inn i to typar. Bipolar liding type 1 vil seie at du opplever episodar med depresjon og mani. Ved bipolar liding type 2 har du episodar med depresjon og hypomani, som er ein mildare form for mani. Nokon har også periodar med blanda symptom, med både depresjon og mani. Det er vanleg å ha stabile periodar med normalt stemningsleie og energinivå, ofte over månadar og år.

Depressive episodar

Depresjon kan påverke deg på fleire område. Du kan kjenne deg tom og nedstemd. Nokon vert meir irritable eller kjenner på sterk uro, rastløyse og angst. Du kan miste interessa for gjeremål du vanlegvis engasjerer deg i, eller du klarar ikkje å glede deg over ting du vanlegvis gleder deg over. Ein kan kjenne på håpløyse, skamkjensle og skuldkjensle. Sjølv enkle oppgåver kan kjennast uoverkommelege, og ein kan ha vanskar med å stå opp om morgonen. 
 
Tenkinga er prega av eit negativt syn på deg sjølv, verda og framtida. Tankane kvernar gjerne omkring hendingar som har finne stad eller ting du bekymrar deg for skal skje. Sentralt er ofte tankar om eigen skuld, skam og verdiløyse. Konsentrasjonsvanskar er vanleg. Nokon har tankar om å ta sitt eige liv. Ved alvorlege depressive episodar kan enkelte også ha vrangforestillingar knytt til opplevinga av eigen mindreverd. Kroppslege reaksjonar som energimangel, søvnproblem og redusert eller auka appetitt er vanleg.

Maniske episodar

Ved sidan av depressive episodar kjenneteiknast bipolar liding type 1 av periodar med mani, med tydeleg oppstemd og overdriven tru på eigne evnar. Ein vert ofte svært aktiv og har redusert behov for søvn. Andre vil gjerne oppfatte personen sin åtferd og tenking som svært ukritisk.
 
Personen kan ha store planar som ikkje let seg gjennomføre. Nokon blir svært aktive og ukritiske med omsyn til seksualitet eller bruk av rusmiddel. Normale sosiale hemningar kan forsvinne heilt. Ein kan bli svært pratsom. Bruk av pengar kan komme ut av kontroll. Dei maniske fasane kan nokon gongar omfatte psykotiske symptom som hallusinasjonar og vrangførestillingar. Desse symptoma vil då ofte spegle førestillingar om eigen stordom. 

Hypomane episodar

Nokon personar med bipolar liding type 2 har ein svakare grad av mani som vert kalla hypomani. Personen kan ha ein periode med auka glede, energi og sjølvtillit, men også av irritasjon. Ein kan bli meir pratsom, og ha ein annleis væremåte enn sin vanlege. Etter kvart som stemningsleiet stig, kan problema komme ut av kontroll eller avløysast av depresjon.

Andre psykiske lidingar

Personar med bipolar type 1 eller dipolar type 2 har ein auka hyppigheit av andre psykiske lidingar som ADHD, tvangsliding og angstlidingar. Desse lidingane kan krevje eigen behandling. 

Årsaker

Årsakene til bipolar liding er fleire og samansette, der genetikk og biologiske faktorar speler ein stor rolle. Det tyder at det kan være større sannsyn for å utvikle bipolar liding om eit anna familiemedlem har lidinga. Du kan også få bipolar liding utan at nokon i slekta har samme sjukdom. Stressbelastingar, bruk av rusmiddel og søvnproblemar kan være utløysande faktorar. Vanlegvis inntreff bipolar liding i ung alder, oftast seinast i tenårene, men kan også komme først i vaksen alder.
 

 

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelstetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren “Psykisk helsevern for vaksne” vil me vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. 

Ved akutte, alvorlege utbrot av sjukdom kan du bli innlagt direkte etter undersøking hjå fastlege eller legevakt. 



Anbefalinger om utredning og diagnostisering

  • I allmennpraksis bør man mistenke bipolar lidelse når pasienten kommer med symptomer både på hevet og senket stemningsleie.
  • Pasienter med mistenkt bipolar lidelse skal henvises til spesialisthelsetjenesten for diagnostikk.
  • Diagnosen bør være kriteriebasert.
  • Når pasienten er mindreårig, skal diagnosen stilles etter et klinisk intervju med pasienten og familien. Man bør vurdere å bruke strukturerte intervju og/eller diagnostiske skjema i tillegg.
  • Kartlegging av bipolare lidelser bør omfatte sosiale forhold, tidligere lidelser, somatisk helse, bruk av medikament og rusmidler, psykiske hendelser i slekta, funksjonsnivå, aktuelle hendelser i livet, tidligere traumatiske hendelser i livet, personlighet, ressurser og støtte fra andre. Man bør skaffe informasjon fra andre i tillegg til pasienten.
  • Når det er mistanke om bipolar lidelse, må andre problemer, som selvmordsfare, samsykelighet og rusmiddelproblemer vurderes.
  • Symptomer ved bipolare lidelser kan også være resultat av somatiske sykdommer, medikament- og rusmiddelbruk. Slike forhold må undersøkes.
  • Selvmordsrisiko må kartlegges i tråd med nasjonale retningslinjer.                          

Utredning

Grundig utgreiing er ein føresetnad for god behandling som er tilpassa dine behov. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg i situasjonen du er i, skal tilleggjast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor. Ved behov vert det også gjennomført felles samtale med familie og eventuelt andre pårørande. 

Følgande punkt er sentrale under ei utgreiing:
  • Problem med søvn og døgnrytme, og grad av fysisk aktivitet
  • Tidligare og noværande somatiske sjukdommar og psykiske lidingar
  • Psykiske lidingar i familien
  • Bruk av rusmiddel
  • Forhold i barndommen og oppveksttida
  • Negative hendingar før og no
  • Problem i privatliv og arbeid
  • Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har born og om dei har spesielle behov no som ein bør ta vare på
Du får også spørsmål om eventuelle tidlegare episodar med depresjon, mani eller hypomani. Dine erfaringar frå slike opplevingar er nyttig i behandlinga, mellom anna for å kartleggje kva som utløyste problema og kva som hjalp deg den gong då. Det vert lagt vekt på korleis du sjølv opplever lidinga, og det er ønskeleg med informasjon frå nokon som står der nær.

Bipolar liding gjer auka risiko for sjølvmord. Behandlaren din vil difor spørje deg om du har tankar eller planar om å gjere sjølvmord no, og om du har prøvd å ta ditt eige liv tidlegare. 

Ut frå kva plagar du har i dag og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungere i kvardagen, skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Deretter sett de i fellesskap opp ein plan for behandling, der du får god informasjon om ulike formar for behandlingstiltak. 

Om du ønskjer det, har du også krav på ein individuell plan for å samordne tenester som vert iverksett. Du finn meir informasjon om dette på helsenorge.no:



Behandling

Behandlinga foregår vanlegvis polikinisk ved eit distriktspsykiatrisk senter, der du kjem til jamnlege avtaler. Ved alvorlege episoder av djup depresjon eller av mani, kan det bli aktuelt med innlegging ved ein døgneining i psykisk helsevern. Du kan også få tilbod om ambulante tenester, der du som pasient ved behov kan få oppfølging i heimen og ditt nærmiljø.
 
Kva slags behandling du treng er avhengig av kva type bipolar liding du har, kva slags fase du er inne i (depresjon, mani eller hypomani) og kor alvorleg denne fasen er. Dei to viktigaste tiltaka er medikamentell behandling og samtalebehandling. Det er vanleg at pårørande deltar i nokon samtalar. Enkelte kan også ha nytte av elektrokonvulsiv terapi (ECT).
 
Dei vanlegaste elementa i behandlinga er:
  • Informasjon om bipolar liding og korleis ein kan forstå og meistre lidinga
  • Tilbod om medikament som stabiliserar stemningsleie og førebygger nye episodar 
  • Informasjon om medikament, både fordelar og mogelege risikoar og bivirkingar
  • Jamnlege samtalar der du og behandlaren din samarbeider om å løyse problem i kvardagen din
  • Samtalar retta mot utforsking og endring av ikkje hensiktsmessige tankemønster og negative kjensler som angst, skam og skuldkjensle
  • Samtalar om tidlegare hendingar som har betyding for problema dine i dag
  • Samtalar om meistring av vanskar og dilemma i kvardagen din
  • Tiltak retta mot jobb og skule
  • Fysisk aktivitet og andre gjeremål som kan gje deg ei oppleving av meistring
  • Tiltak for søvnproblem og stabilisering av døgnrytme

Opplæring

Psykoedukasjon er systematisk opplæring og formidling av kunnskap om ei psykisk liding. Du får tilbod om undervisning anten individuelt eller i gruppe saman med andre pasientar. Tema er kjenneteikn på depresjon, mani og hypomani, medikament som kan være til hjelp, tiltak for stressmeistring, og for å sikre stabile rutinar og god døgnrytme. Eit viktig tema er dessutan utarbeiding av ein plan for førebygging og meistring av nye episodar. Familien, eventuelt andre nære personar, kan også få eit liknande undervisningstilbod. 

Medikamentell behandling

Medikamentell behandling av bipolar liding inneber at du tar medisinar for å stabilisere stemningsleiet. Medikament vert brukt både i behandlinga av ein aktuell epsiode (mani eller depresjon), og i førebygginga av nye episodar.
Litium er eit grunnstoff som vert mykje nytta i behandling av bipolar liding. Litium skal gjevast i små og presise dosar, og du vil difor bli fulgt opp med blodprøvar for å sikre at du får rett dose. Antipsykotiske medikament kan være aktuelle i ein manisk fase. I depressive fasar blir det ofte også nytta stemningsstabiliserande medikament.

Psykologisk behandling

Målet med psykologisk behandling er å førebyggje at du får nye sjukdomsepisodar, lindre plagsame symptom som oppstår mellom episodar, styrke funksjonsnivået ditt og hindre rusmiddelproblem og sjølvmord. Kunnskap om bipolar liding er viktig for at du lærer å kontrollere sjukdommen betre, og raskt søker hjelp om du treng det.
Fire formar for psykologisk behandling ved bipolar liding som har mange fellestrekk, er: psykoedukasjon, interpersonlig og sosial rytmeterapi, kognitiv atferdsterapi og familiefokusert behandling.

Døgnbehandling

Døgnbehandling (innlegging) kan nyttast i periodar med behov for kontinuerleg oppfølging. Døgnbehandling er lik poliklinisk behandling (behandling utan innlegging), men den er meir intensiv, med meir omfattande og konsentrerte hjelpetiltak. Målet er å gje deg kontroll over symptoma så raskt som mogeleg. 

 

Oppfølging

Oppfølginga er avhengig av kor alvorleg lidinga er og vert tilpassa etter ditt behov.
Nokon treng oppfølging i spesialisthelsetenesta, medan i andre tilfelle tar fastlegen over ansvaret for oppfølginga. 

Det er viktig at du tar medikamenta du har fått anbefalt av legen, at du lev eit mest mogeleg sunt liv med regelmessig fysisk aktivitet, får nok søvn og er forsiktig med alkohol og andre rusmiddel. Vær merksam på endringar i stemningsleiet ditt og søk hjelp i ein tidleg fase. Desto tidlegare du får behandling i ein ny fase av mani eller depresjon, desto enklare er det å hindre at sjukdommen får utvikla seg.

Behandleren din i primærhelsetenesta kan ved behov søke faglege råd hjå oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising om det blir aktuelt.



Ver merksam

Endringar i stemningsleiet kan være teikn på at ein manisk eller depressiv episode er i ferd med å utvikle seg. Dette kan krevje rask behandling.

Ein viktig del av behandlinga av bipolar liding er å gjere både deg og omgivnadane i stand til å merke seg slike endringar. Mellom anna sett me opp ein kriseplan.

Ein kriseplan skal hjelpe deg å:
  • bli bevisst på å oppdage teikn på endring
  • planlegge korleis du kan stoppe ein negativ utvikling
  • fortelje deg korleis du på best mogeleg måte kan søke hjelp
Planen skal være skriftleg og blir utarbeida i samarbeid med deg, hjelpeapparatet og dine næraste.




Kontakt

  • Haugaland DPS, Haugesund

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Transport

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Stord DPS

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.