Vevsprøve
Biopsi
Vevsprøve inneber at ein tek ut ein liten bit vev for å kartlegge ein diagnose. Dette kan utførast ved bruk av hjelpemiddel som CT, ultralyd eller gjennomlysing.
Før
Før inngrepet må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drike, tygge tyggegummI/drops, snuse eller røyke. Vi tar også ei blodprøve for å sjå om du har aukt risiko for blødningar.
Nyttar du blodtynnande medisin, tek du dette opp med legen som sendte deg til undersøkinga. Vanlegvis må du halde opp med å ta blodtynnande medisin opptil sju dagar før prøvetakinga.
Under
Huda over det aktuelle området blir vaska med desinfeksjonsmiddel og kroppen rundt området blir dekt til med eit sterilt klede. Det blir gitt lokalbedøving i huda der nåleprøva skal takast. Biopsinåla er laga slik at når den vert utløyst, skjer den ut ein liten vevsbit.
Det er viktig å ligge stille under undersøkinga. Røntgenlegen seier frå om du må halde pusten i eit kort augeblikk.
Prøvetakinga kan gi smerter sjølv om du får lokalbedøving.
Vi bruker frå 15 til 30 minutt på å ta prøvene.
Etter
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege som lagar ei beskriving av kva bileta viser.
Bileta og beskrivinga vert lagra i dataarkivet vårt.
Materialet frå prøvetakinga vert granska av ein patolog.
Svar frå patolog og røntgenlege vert sendt til legen din som informerer deg om svaret.
Ver merksam
Det kan oppstå blødning og derfor vert du observert etter prøvetakinga.
Kontakt
Stord sjukehus
Gynekologisk sengepost, Stord
Oppmøtestad
Vi held til i underetasjen (U1) på Stord sjukehus.
Besøkstid for pårørande:
Klokka 17.00-18.30 alle dagar.
Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord