Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Benmargsprøve fra hoftekam

Beinmergsprøve er ein vevsprøve som blir teken frå hoftekammen med hjelp av eit spesielt instrument. Prøva viser korleis blodproduksjonen er, og om det eventuelt finst teikn på sjukdom i beinmergen. Prøva blir gjennomført under lokalbedøving.

Før

Det finst inga førebuing for denne undersøkinga.




Under

Du må ligge på sida på ein behandlingsbenk. Legen finn innstikksstaden for prøvetakinga i hoftekammen. Staden blir merkt med tusj og du får lokalbedøving.
 
Du kan kjenne litt ubehag med det same sprøyta treff den ytre beinhinna. Når bedøvinga har fått verke, blir det gjort eit lite innsnitt der prøva skal hentast ut. Ei nål blir ført inn gjennom det harde ytre på knokkelen og inn til beinmergen, den indre delen som er ei blaut masse. Nokre kan merke litt ubehag idet nåla går gjennom det ytre knokkelvevet. Beinmergsmateriale blir henta ut med ei sprøyte.
 
Vidare blir det eventuelt teke ein prøve av vevet, der ein sylinderforma vevsbit blir teken ut frå same staden i hoftekammen, med hjelp av ei hol nål. Etter at vevsprøven er henta ut, legg vi press over innstikksstaden for å stoppe eventuell bløding, før området blir vaska reint, og bandasje blir lagt på.

Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim.
 
Det er vanleg å kjenne seg sår ved innstikksstaden i nokre dagar etterpå. Bandasjen kan fjernast etter nokre timar.