Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling med infliximab

Infliximab er ein biologisk medisin retta mot tumor-nekrose-faktor-alfa (TNF-alfa) og verkar på betennelsesprosessar i kroppen. Medikamentet blir brukt mot psoriasis, psoriasisartritt, Crohns sjukdom, ulcerøs kolitt og revmatoid artritt. Verknaden på hudforandringane kan komme relativt raskt, ofte i løpet av 2–4 veker.

Før

Før kvar behandling må du ta blodprøver. Bruk blodprøverekvisisjonen du har fått tilsendt. Dei same prøvene blir tatt kvar gong.

  • Blodprøvene tar du 2–3 dagar før planlagt behandling.
  • Dersom du tar blodprøvene på eit lokalt legekontor, og desse skal bli sendt til eit laboratorium eller sjukehus, må du ta prøvene fire dagar før.
Blodprøvene gir oss viktig informasjon når det gjeld om du skal ha behandling eller ikkje. Dersom du ikkje har tatt blodprøvene, kan vi dessverre ikkje gi deg behandling.

Du skal ta med deg urinprøve til kvar behandling.

I avdelinga vil det bli tatt blodtrykk, puls og temperatur.

Under

Infliximab blir gitt via veneflon rett i ei blodåre. Det blir dosert på pumpe.

Dei 3 første behandlingane blir gitt over 2 timar, deretter 1 time. Du skal vere til observasjon i avdelinga i 1 time etter behandlinga. Etter dei 3 første behandlingane må du rekne med å vere i avdelinga i 4–5 timar, og seinare behandlingar 3–4 timar.

Dosering

Preparatet blir dosert ut frå vekt. (3–5 mg pr. kg). Infliximab blir ofte kombinert med methotrexate (sjå eigen pasientinformasjon).


Etter

Du skal etter kvar behandling bli observert i avdelinga i 1 time.

Ver merksam

Biverknader

Dei vanlegaste biverknadene er tendens til luftvegsinfeksjonar som biholebetennelse, bronkitt og eventuelt lungebetennelse. Nokre pasientar opplever hovudverk.

Ta tidleg kontakt med fastlegen din dersom du har symptom på infeksjon.

Ved mistanke om biverknader og/eller uforklarlege biverknader som feber, teikn på blødingar i huda (blåflekkar) eller nasebløding, skal du ta kontakt med lege.

Generelle reglar ved medisinbruk:

Opplys alltid fastlegen din at du får behandling med infliximab.

Legemiddel kan forsterke eller hemme verknaden til kvarandre. Rådfør deg derfor med lege eller farmasøyt om dei forskjellige medisinane du bruker, kan bli tatt saman.

Operasjonar og tannbehandling:

Informer legen din dersom du skal ha ein operasjon eller tannbehandling. Informer kirurgen eller tannlegen om at du blir behandla med infliximab.

Meir informasjon

Du kan ta kontakt med fastlegen, apoteket og Hudavdelingen. Du finn også informasjon på Felleskatalogen.no.




Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.