Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering - Autismespekterforstyrrelse hos barn og unge

Det er store individuelle forskjellar med omsyn til utviklinga til barn. Likevel er det nokre forventingar til kva barn vanlegvis lærer på ulike alderstrinn. Når eit barn ikkje utviklar seg som forventa med tanke på samspel med andre menneske, språkutvikling, læring og sosiale ferdigheiter, og det vekker bekymring hos foreldre, fastlege, barnehage eller skule, kan barnet bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) for utgreiing med tanke på autismespekterforstyrring (ASF).

SJEKKLISTE VED TILVISING – HABILITERING FOR BARN OG UNGE 
 
Formålet med ei sjekkliste er å bidra til at tilvisingane har rett og tilstrekkeleg informasjon, slik at tenestene kan gjere ei rettsvurdering på bakgrunn av «Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten». Sjekklista nemner forhold som er av særleg viktigheit for effektivt å planlegge utgreiing og vidare oppfølging. 
 
Det er forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising, og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga:  

  • Pasientens namn, fødselsnummer, adresse og eventuelt telefonnummer 
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt. 
  • Namn, telefonnummer og korrekt adresse til føresette. 
  • Opplysning om kven som har foreldreansvar 
  • Bekrefting på at føresette samtykker til tilvising 
  • Søsken, halvsøsken og andre i familiens omsorg. Skriv namn, kjønn og alder 
  • Diagnose(ar) på tilvisingstidspunktet. 
  • Aktuelle problemstillingar og ønskt målsetting med tilvisinga 
  • Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar 
  • Legemiddel som er i bruk 
  • Sentrale instansar (helsestasjon/skulehelseteneste, fysio-/ergoterapiteneste, barnehage, skule, avlasting, PPT, BUP, barneverntenesta), med namn på kontaktperson og telefonnummer 
  • Legg ved aktuelle rapportar frå dei aktuelle instansane 
  • Er det oppretta kommunal koordinator? I så fall oppgi namn og telefonnummer 
  • Er det oppretta ansvarsgruppe? 
  • Er det utarbeidd individuell plan? I så fall oppgi namn og telefonnummer til koordinator 
  • Er det aktuelt med arbeid knytt til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9? (Rettssikkerheit ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming)? Er i så fall overordna fagleg ansvarleg kjent med at det er sendt tilvising? 
  • Dersom pasienten blir tilvist av annan lege enn fastlege, oppgi fastlegens namn, adresse og telefonnummer. Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar (dersom ikkje lege er den som skal stå for løpande kontakt med habiliteringstenesta). 

Før

Før du kjem med barnet ditt eller ungdommen din til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om barnets eller ungdommens utvikling og funksjon når det gjeld: 

  • språk, leik og samhandling med andre 
  • bevegelse/motorikk 
  • dagleglivets aktivitetar (slik som eting og påkleding) 
  • søvn 
  • fritidsaktivitetar 
  • tidlegare sjukdommar 

Barnets eller ungdommens høyrsel bør vere undersøkt av spesialist før utgreiing i HABU. Vi ønsker at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt. 
 
Undersøkingane hos lege kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel shorts og ei ermelaus trøye. 

Under

Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. 

Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, testar, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel psykolog, vernepleiar og lege. 

Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule. 
 
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising. 

Etter

Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand. 
 
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen. 

Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til føresette og til den som har tilvist. 

Kontakt

Habilitering

Kontakt Habilitering

Oppmøtestad

Vi har laga ein kjapp vegvisar for kvar du finn oss på Berg-senteret.

Helse Fonna

Vi held til i Berg-bygget i Haugesund

Longhammarvegen 36
5536 Haugesund
Vi er i andre etasje.
Kontortider
  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT