Astma hos barn og unge
Astma blir kjenneteikna ved at det i periodar er vanskeleg å puste (pustevanskar). Innsida av luftvegane er dekt av ei slimhinne. Ved astma fører ein betennelsesreaksjon til hevelse i slimhinna og det blir danna eit seigt slim. Den glatte muskulaturen i lungene trekkjer seg saman og luftvegane blir tronge. Dette gjer at det blir tungt å puste.
Symptom
Teikn på pustevanskar kan vere rask pust, forlengd utpust med pipelydar, bruk av ekstra muskulatur for å puste, hoste, oppkast av slim, oppheiste skuldrer og utviding av nasebor.
Førekomst
Førekomsten av astma hos barn og unge har auka dei siste tiåra. Årsakene er ikkje sikkert kjende, men forsking tyder på at allergi, arv og miljø speler ei rolle.

Utgreiing
For å finne ut om eit barn har astma er det viktig å kartleggje sjukehistoria, spesielt hos dei minste barna som er for små til å få gjennomført lungefunksjonstestar.
Spirometri
Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Den gir primært informasjon om tilstanden til luftvegane.
Hos barn frå 4 til 6 år og hos ungdom kan det utførast ulike lungefunksjonstestar.
Prikktest (allergitest)
Prikktest er ein allergitest som kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike stoff. Testen kan vise om det blir ein reaksjon i huda når det blir lagt på ulike dropar som inneheld stoff som folk ofte reagerer på, til dømes egg, mjølk, bjørk og gras. Mange kan ha ein positiv, det vil seie unormal test utan å vera allergiske. Ein må både ha ein positiv test og subjektive plager ved kontakt med det ein er allergisk mot for at det skal det skal vera ein allergi.
Blodprøvar
Det er ingen blodprøvar som kan vise at eit barn eller ungdom har astma. Det er vanleg at barn og ungdom har både allergi og astma. Allergiske reaksjonar kan gjere astmaen til barnet verre. Derfor er det vanleg å gjere allergitestar som del av utgreiinga for astma dersom det er symptom på allergi. For å undersøkje kva barnet/ungdommen reagerer allergisk på, kan vi gjere ein allergitest (prikktest) eller vi kan måle mengda IgE antistoff i blodet og måle dei spesifikke IgE antistoff til dømes mot husstøvmidd, ulike pollen og matvarer.
Dersom barnet eller ungdommen bruker store dosar med inhalasjonssteroid kan det vere aktuelt å gjere ein Synacthentest. Denne testen sjekkar barnets eller ungdommens evne til å lage kortisol og sjå om det er teikn til binyreborksvikt.
Nokre barn og ungdommar synest det er vondt og/eller litt skummelt å ta blodprøvar. For at det ikkje skal gjere vondt vil vi gi tilbod om bedøvingskrem (Emla) som blir smurde på huda ein time før blodprøven skal takast.
Blodprøvar til allergi må takast frå ei blodåre i armen. Ved Synacthentest får du ein dose syntetisk hormon (ACTH) intravenøst. Deretter blir kortisolnivået målt i blodet etter 30 og 60 minutt. Dei fleste opplever ingen biverknader av testen, men nokre få kan oppleva varmekjensle og kvalme. Dette går over etter ei lita stund. Legen vil gå gjennom resultatet når svaret har komme frå laboratoriet.
Bodybox (helkroppspletysmografi)
Spirometri gir ikkje informasjon om det volumet av luft som er igjen i lungene etter ei maksimal utanding. Undersøking i bodybox gir informasjon om den totale mengda luft i lungene og kor mykje luft som er igjen i lungene når barnet/ungdommen har pusta heilt ut.
Tredemølletest
Testen viser om det skjer ei samantrekking i luftrøyra hos barn/ungdom i samband med fysisk aktivitet, og om luftvegane er overømfintlege for anstrenging.
Herjetest
Denne testen blir nytta ved undersøking av anstrengings utløyst samantrekking i luftrøyra hos små barn som ikkje klarer å springe på tredemølle. I staden for løp på tredemølle går testen føre seg i gymsal eller ved å springe i gangen på sjukehuset. Barnet skal springe så raskt som mogleg utan å ta pausar. Det blir lytta med stetoskop på dei barna som ikkje klarer å gjennomføre spirometri.
Røntgen av lungene
Legane kan ikkje stille ein astmadiagnose ved røntgenundersøking, men vi tek ofte røntgenbilete for å utelukke andre sjukdommar som også kan gi pustevanskar.
Direkte bronkial provokasjonstest (metakolintest/PD20)
Testen blir gjord for å finne ut om luftvegane er overømfintlege. Testen er best på å utelukke astma, men kan gi støtte til ein sterk mistanke om astma.
Diffusjonskapasitet
Diffusjonskapasitet er ei pusteprøve som måler evna til å transportere oksygen frå lungeblærene til hemoglobinet i dei raude blodlekamane. Diffusjon blir gjord for å utelukke andre sjukdommar.
På små barn som ikkje kan gjennomføre spirometri, kan det vere aktuelt å måle tide flow volum kurve.
Behandling
Målet med astmabehandling er at barnet eller ungdommen skal vere minst mogleg plaga av astmasymptoma sine.
Inhalasjonsbehandling
– er den vanlegaste behandlingsmåten. Ved inhalasjon kjem medisinane ned i luftvegane. Inhalasjonsbehandling blir gitt for å fjerne symptom og som førebyggjande behandling.
Symptomlindrande behandling (beta2-agonistar)
– verkar raskt, dei opnar opp luftvegane og gjer det lettare å puste.
Førebyggjande behandling (kortison)
– har effekt på lang sikt og er svært viktig i behandlinga av astma. Dei skal forhindre at det kjem symptom på astma.
Sjå instruksjonsfilmar for bruk av inhalatorar på felleskatalogen.no
Oppfølging
Dei fleste barn og ungdommar med astma kan leve eit heilt normalt liv.
Om lag halvparten av alle barn som får astmabehandling i alderen 1-3 år vil ikkje lenger ha astma når dei byrjar på skulen. Nokre fordi dei har andre sjukdommar som årsak til hoste og pustevanskar, men dei fleste fordi astmaen forsvinn av seg sjølv, og då helst hos dei med mild til moderat astma.
Symptom på astmaen blir betra ved rett medisinbruk. Medisineringsplan blir sett opp og justert ved behov saman med barnet eller legen til ungdommen. Inkludert i medisineringsplanen er at foreldre til små barn og ungdommane sjølve bør lære å justere si eiga medisinering utor kva symptom dei har. Nødvendige kontrollar blir avtalte.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund