Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Andre førebuingar
Om du brukar blodfortynnande medisinar, sjå informasjon i innkallingsbrevet frå sjukehuset om kva du skal gjere. Ta med ei liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.
Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingar eller liknande ikkje er fjerna, kan du risikere at dei blir klipte av.
Briller og høyreapparat kan du ha på.
På morgonen operasjonsdagen eller kvelden før, skal du dusje og vaske håret. Skyll godt i navlen. Ikkje bruk krem eller sminke etter at du har dusja.
Operasjonsområdet blir barbert på sjukehuset om nødvendig.
Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.

