Etter behandlinga kan du gå sjølv ut frå operasjonsstua. Du kan gå som normalt same dag, og forlat sjukehuset ca ein time etter behandlinga er ferdig. Du treng ikkje sjukmelding og du kan gå på jobb dagen etter behandlinga. Du må bruke lange støttestrømper på dagtid i 1-2 to veker etter behandlinga.
Dei små stikka gror i løpet av ei veke, og det er kunn små spor etter desse 3-4 månader etter behandlinga.
Du kan oppleve misfarging i huda i 2-3 veker etter behandlinga. Det kan vere blåmerker av forskjellig størrelse.
Nokon har smerter, men hos dei fleste er det nok med reseptfrie smertestillande medikament.