Åreknuter - operasjon
Du kan fjerne åreknutane med operasjon. Det er sannsynleg at kirurgi vil få beina dine til å sjå betre ut, og det kan også hjelpe mot verking eller tunge og trette bein. Kirurgi er den vanlegste behandlingsforma ved åreknutar.
Operasjonen for å fjerne åreknutar gjerast vanlegvis som dagkirurgi, det vil sei utan innlegging i sjukehuset.
-
Før
Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og sted. Dette inneber at du ikkje kan ete, drikke kaffi, mjølk eller mjølkeprodukt, tygge tyggegummi, ete pastill eller røyke/snuse frå kl 24.00 natta før planlagt operasjon. Du kan drikke klare væsker som vatn, saft eller te inntil to timar før du møtar på sjukehuset.
På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.
Alle pasientar gjennomgår ein grundig ultralydundersøking. Legen undersøking et bein av gongen og vurdera djupe og overflatiske venar (årer) på legg og lår.
Åreknutane teiknast på huda med tusj før operasjonen.
Du kan enten få generell anestesi eller lokal bedøving under operasjonen. Dersom du får generell anestesi, vil du sove gjennom operasjonen. Med lokal bedøving bedøvast berre den delen av kroppen din som skal opererast, slik at du er vaken utan å kjenne smerte.
Nokon kan ved behov få avslappande medisin og sove.
-
Under
Legen fjernar hovudåra (saphena magna) frå lysken til ankelen eller kneet. Dette gjerast med eit lite snitt ved ankelen eller kneet og eit litt større snitt i lysken. Nokon gonger blir det også laget 1 eller 2 små hjelpesnitt andre steder langs beinet. I nokre tilfelle må/kan vi fjerna tilleggsåreknutar med små snitt i huda.
Åreknutar bak på leggen fjernast med snitt i knehasen.
Som avslutning på operasjonen blir det opererte beinet surra inn i elastisk bind. Dette gjerast hovudsakeleg for å hindre bløding under huda. Dette er viktigast dei første timane og eit par dagar etter operasjonen.
-
Etter
Kor lenge du må bruke elastisk bind eller strømpe er avhengig av kor mykje det blødde under operasjonen. Det anbefalast å bruke elastisk bind eller strømpe dag og natt i ei veke, deretter berre på dagtid ei ekstra veke.
Ver i aktivitet etter operasjonen – bruk beina til lett gange, ikkje sitt stille for lenge om gongen.
Du må rekne med å vere sjukmeld etter operasjonen. Sjukmeldingsperioden avheng av kva arbeid du har, og varer sjeldan meir enn 2 veker.
Stinga fjernast hos fastlegen din etter ca. ti dagar.
Ver merksam
Dersom du får aukande smerter, vedvarande feber og huda blir raud kan det vere teikn på betennelse i operasjonssåret. Ta kontakt med din fastlege eller sjukehus for å få ein vurdering.
Gå til
Åreknuter - operasjon