Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal kome over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglane om faste og røyking, kan du risikera at vi må utsette operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det være andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
For å førebygge infeksjon, må du dusje på operasjonsdagen. Vask hender og føter godt. Du skal ikkje barber operasjonsområdet. Området må vere fritt for sår og kviser. Ta av smykke, ringar og piercingar heime.