Testen vert utført ved at du syklar på ergometersykkel.
Ein skal halde mest mogleg jamt tempo under syklinga. I starten er det lett. Kvart andre minutt aukar belastninga, slik at det blir tyngre å sykle.
Testen blir avslutta dersom du får smerter i brystet, eller legen finn andre teikn der det er rett å stoppe.
For at testen skal bli best mogleg, er det viktig at du ikkje stansar for tidleg.
Du får kvile på ein benk til eventuelle brystsmerter har gått over.
Testen blir utført ved at du syklar på ein ergometersykkel.
Du skal halde så jamt tempo som mogleg under syklinga, og for at testen skal bli best mogleg er det viktig at du ikkje stansar for tidleg. Testen startar med låg belastning som blir auka med eitt minutts mellomrom. Blodtrykket blir målt jamlet.
Testen varer til du blir så sliten at du ikkje klarar meir eller dersom legen finn andre teik til at det vil vere riktig å stanse. Viss du får smerter må du seie i frå om dette.
Ved bruk av tredemølle vil du gå/løpe, medan tempo og stigning blir justert undervegs.
I kvilefasen etter belastninga vil puls og blodtrykk blir fulgt til dei har normalisert seg.