Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aplastisk anemi

Aplastisk anemi er ein sjeldan type blodsjukdom som kjem av ein stor svikt i produksjonen av både raude blodlekamar, kvite blodlekamar og blodplater. Dette fører til ein nedsett konsentrasjon av hemoglobin (Hb) i blodet. Aplastisk anemi er ei form for beinmergssvikt og finst i omlag 2–5 tilfelle per million personar per år.

Symptom

Ved aplastisk anemi fungerer ikkje stamcellene i beinmergen som dei skal. Stamcellene blir hemma i funksjonen sin, og immunceller er viktige aktørar i denne hemminga. Stamcellene i beinmergen er «morceller» for alle blodceller; raude blodlekamar, kvite blodlekamar og blodplater. Stamcellene finst i beinmergen, og aplastisk anemi blir derfor omtalt som beinmergssvikt.

Aplastisk anemi er ein sjeldan tilstand med 2–5 nye tilfelle per million per år. Hyppigast opptrer aplastisk anemi hos yngre mellom 15 og 25 år og hos eldre over 60 år.

Symptom oppstår som følgje av låge verdiar av dei ulike typane blodceller. Symptoma er derfor typiske for beinmergssvikt:

  • anemi (mangel på raude blodlekamar)
  • tilbakevendande infeksjonar (mangel på kvite blodlekamar)
  • blødingar i hud og slimhinner (mangel på blodplater)

Utgreiing

Symptom på total beinmergssvikt kan gi mistanke om aplastisk anemi. Ved kliniske undersøkingar vil anemi, at ein blir bleik og blødingar i hud og slimhinner kunne forsterke mistanken. Vidare undersøkingar kan stadfeste diagnosen:

Blodprøve

Ved aplastisk anemi vil ein alltid finne ein nedsett blodprosent (Hb-verdi) hos pasienten. Blodprøva viser også nedsett tal på kvite blodlekamar og blodplater.

Beinmergsprøve

Etter lokalbedøving blir ein sprøyte nytta for å ta ei prøve av beinmergen i hoftekammen, alternativt brystbeinet. Undersøkinga vil vise eit redusert tal blodceller.

Behandling

Det finst tre hovudbehandlingar: Stamcelletransplantasjon, immunhemmande medikamentell behandling og støttebehandling. Alder og alvorsgrad av sjukdommen er med på å avgjere kva type behandling vi tilrår for sjukdommen din.

Er du over 40-50 år er førstevalet å bruke medikament som hemmar immunsystemet. Er du under 40 år er den føretrekte behandlinga oftast stamcelletransplantasjon. Dette er kort beskrive under.

Alvorsgrada til sjukdommen kan variere frå moderat, til alvorleg og til svært alvorleg avhengig av kor alvorleg mangelen på dei ulike blodcellene er. Ved ubehandla alvorleg aplastisk anemi er risikoen stor for å døy. Pasientar med låge blodcelletal, men få eller ingen symptom, treng oftast inga behandling.

Stamcelletransplantasjon

Stamcelletransplantasjon er tilrådd behandling hos personar under 40–50 år, dersom det er mogleg å nytte stamceller frå ein donor som er vevsforlikeleg (søskendonor eller ubeslekta givar). Best resultat blir oppnådd hos dei som tidlegare har fått få eller ingen blodtransfusjonar.

Resultata ved stamcelletransplantasjon har vorte stadig betre, men opptil ein tredel kan med tida få kroniske plager (kronisk transplantat-mot-vert sjukdom) og risikoen for dette aukar med alderen til pasienten. Dersom du skal ha ei slik behandling vil du få meir informasjon om dette på sjukehuset.

Immunhemmande medikamentell behandling

Immundempande behandling er tilrådd viss du er eldre enn 40–50 år, har annan alvorleg sjukdom, manglar vevsforlikeleg donor eller av andre grunnar ikkje kan gå gjennom ein stamcelletransplantasjon. Det er ikkje alle pasientar som vil bli fullstendig heila med denne behandlinga.

Ein del oppnår ikkje normale blodverdiar, og ein del får tilbakefall og blir avhengige av å bruke immundempande medisinar i fleire år.

Det er også ein viss risiko for å utvikle andre blodsjukdommar som paroksystisk nattleg hemoglobinuri eller akutt mykjelogen leukemi.

Støttebehandling

Det kan givast blodoverføring dersom talet på raude blodlekamar blir for lågt. Det kan også vere aktuelt med overføring av blodplater. Vi er likevel tilbakehaldne med blodoverføringar til pasientar som er aktuelle for stamcelletransplantasjon, fordi det kan gi eit dårlegare transplantasjonsresultat.

Ved få kvite blodlekamar (neutropeni) er vi raske med å gi antibiotika ved feber og teikn på infeksjon for å forhindre utvikling av alvorlege infeksjonar som blodforgifting.

Oppfølging

Det kan ta lang tid før behandlinga verkar (meir enn 6 månadar). Du vil regelmessig bli kontrollert med enkle blodprøvar hos eigen lege etter behandling. Dersom prøvane held seg normale vil kontrollane etter kvart slutte. Ved tilbakefall vil behandlinga ofte gjentakast.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk

Kontakt Medisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.