Anoreksi hos vaksne, dagbehandling
Anoreksi er ei alvorleg psykisk liding som blir kjenneteikna ved utilstrekkeleg matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektauke, og vedvarande åtferd som forhindrar vektauke. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilde, og mange synest det er vanskeleg å forstå alvoret i situasjonen.
Spiseforstyrringar
Behandling kan skje poliklinisk eller ved innlegging. For mange pasientar vil poliklinisk behandling vere tilstrekkelege, men for nokon vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet. Innlegging i døgneining kan vere nødvendig i akutte fasar av sjukdommen, eller for å redusere alvorleg undervekt når ein ikkje har lykkast med dette poliklinisk.
Tilvising og vurdering
Behandling kan skje poliklinisk eller ved innlegging. For mange pasientar vil poliklinisk behandling vere tilstrekkelege, men for nokon vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet. Innlegging i døgneining kan vere nødvendig i akutte fasar av sjukdommen, eller for å redusere alvorleg undervekt når ein ikkje har lykkast med dette poliklinisk.
Utredning
Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal nytte kunnskapsbaserte metodar. I utgreiing av spiseforstyrringar er det viktig med grundig kartlegging, som omfattar både fysiske (kroppslege) og psykiske plager. Utgreiing skjer ofte i samarbeid med fastlegen, som kan ta ansvar for den fysiske utgreiinga.
Undersøkingar som inngår i utgreiinga:
- Somatisk undersøking, inkludert blodprøver og kostanamnese.
- Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
- Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og sjølvutfyllingsskjema.
- Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar.
Behandling
Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person. Overordna mål for behandling må alltid sjåast i lys av sjukehistoria til pasienten, ressursar, og motivasjon for endring. Behandlinga må ha struktur og fokus, og adressere symptoma knytt til anoreksi.
Alle som går i poliklinisk behandling for anoreksi bør også gå til regelmessige kontrollar hos lege, for å blant anna ta blodprøver. Dette blir oftast gjort hos fastlege. Det bør takast regelmessig vekt, og ein bør jobbe med etedagbok eller liknande, for å halde fokus på reernæring og vektauke.
Det finst mange ulike typar psykoterapi. For anoreksi er det inga spesiell terapiform som kan klart anbefalast. Type individualterapi blir vurdert individuelt og i samråd med pasienten.
Legemiddelbehandling
Behov for legemiddelbehandling blir vurdert individuelt og i samråd med pasienten.
Kor lang tid tar normalt behandlinga?
Forløpet ved spiseforstyrringar varierer, dette medfører at det individuelle forløpet og prognosane for kvar enkelt ikkje kan anslåast.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Når pasienten avsluttar poliklinisk behandling, er det svært viktig at vedkommande følger oppfordringane som blir gitt og nyttar seg av anbefalte oppfølgingstilbod også etter avslutning. For mange vil det vere viktig med regelmessig kontakt med fastlege i etterkant av poliklinisk behandling.