Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Angst, barn og unge

Angstlidingar er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom. Ein reknar med at rundt 20 prosent av barn og unge slit med symptom på angst. Tre til fem prosent har så alvorlege plager at dei får diagnosen angstliding. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst.

Det finst forskjellige typar angst. Fellestrekk er ei kjensle av redsle, sterkt ubehag og at du ikkje kan kontrollere det som skjer med deg. Nokre gonger kan du oppleve det som om angsten kjem heilt plutseleg. Angst kan kjennast ved at du får hjertebank, skjelving, pustevanskar eller at du trur du skal besvime eller kaste opp. Det er ikkje farleg å ha angst, sjølv om det kan kjennast slik.

Det viktigaste kjenneteiknet på angst er at du unngår situasjonar som vekker ubehag. Dette er med på å oppretthalde angsten, og kan vere det største problemet i det daglege fordi det gjer det vanskeleg å ha det bra i barnehage/skule, eller saman med familie og venner.  

Nokon får angst av bestemte ting eller situasjonar, som sprøyter, edderkoppar, ta heis eller vere i store folkemengder. Bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet utan at du veit kva du er redd for er også ein form for angst. Nokon får også plutselege panikkanfall. Det er vanleg å dele angst inn i ulike typar: seperasjonsangst, fobiar, sosial angst, generalisert angst, panikkangst og tvangslidingar. Seperasjonsangst og spesifikke fobiar er dei vanlegaste formene for angst hos barn i førskulealder og tidleg skulealder. Sosial angst, generalisert angst og andre angstlidingar kjem vanlegvis etter tiårsalderen.

Kor får eg hjelp?

Viss du er barn eller ungdom og strevar med angstsymptom, kan du snakke med kontaktlærar eller sosiallæraren på skulen. Dei kan gi deg råd om kor du kan få hjelp. Du kan også snakke med helsesøster på skulen eller helsestasjon for ungdom hvis kommunen din har det. Det finst også hjelpetelefonar for barn og ungdom der du kan ringe og få råd.

Viss du er forelder til eit barn eller ungdom som har angstsymptom, kan du søke råd hos helsesøster eller fastlege. Du kan også ta direkte kontakt med psykisk helseteneste eller kommunepsykolog viss kommunen har det. Dei vil hjelpe deg og gi råd om hva som er lurt å gjere.

Tilvising og vurdering

Helsesøster, psykisk helseteeneste i kommunen, kommunepsykolog og fastlegen har kunnskap om behandling av angstliding. Dei vil vurdere behovet for behandling i kommune eller BUP. Fastlegen er den som oftast tilviser til BUP. Psykolog i kommunen eller barnevernstenesta kan også tilvise, men det er tilrådd at fastlege legg ved relevante helsedata.

Samhandlingsforløp for angstlidingar i Helse Fonna

Last ned tilvisingsskjema

Tilvisinga bør innehalde:

  • Pasientens symptom og funksjon
  • Tilvisars vurdering av pasienten
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er prøvd ut i førstelinetenesta
  • For å sikre god overføring, ta med namn og telefonnummer til ulike samarbeidande instansar før tilvising .

For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta: Nasjonal veileder for henvisninger til spesialisthelsetjenesten, Helsedirektoratet.

Utgreiing

Utgreiing av angstlidingar skjer ved poliklinikken i BUP. I første samtale lagar vi ein plan saman med barnet/ungdommen og eventuelt føresette. Utgreiinga vil mellom anna vere samtalar med barnet/ungdommen og føresette, utfylling av ulike spørreskjema og legesamtale.  Det er viktig å finne ut korleis angstsymptoma verkar inn på barnet/ungdommen i barnehage/skule, heime og på fritida.

Etter at utgreiinga er gjennomført, får barnet/ungdommen og føresette tilbakemelding om det er grunnlag for diagnose og behov for behandling i BUP.

Behandling

Behandling av angst handlar om å lære seg å meistre angsten. Kognitiv atferdsterapi er den best dokumenterte behandlinga for angstlidingar. Behandling kan gis individuelt eller i gruppe. I behandlinga inngår:

  • Opplæring til barnet/ungdommen og føresette om kva angst er og kva som hjelper når du har angst.
  • Trening i å tenke annleis om det som utløyser angsten og utvikle betre meistringsstrategier.
  • Eksponering og øvingar: Ved hjelp og rettleiing frå ein behandlar lærer du å gradvis nærme deg det som gir deg angst. Dette kan være krevjande, men gir god effekt. 
     

Nokon vil ha god nytte av sjølvhjelp. Her finn du sjølvhjelpssider for barn og unge som kan vere nyttige.  

http://www.kognitiv.no/wp-content/uploads/2014/11/Informasjon-om-kognitiv-terapi-for-barn-og-unge.pdf

https://www.ung.no/psykisk/214_Angst_og_panikkangst.html

 

Det kan vere vanskeleg for foreldre å sjå at barnet/ungdommen strevar med angst i kvardagen. Nokre råd:
 

  • Ta på alvor og anerkjenn det som er vanskeleg. Sett ord på at kjensla er ubehageleg, men at det ikkje er farleg å ha angst.
  • Støtt barnet gjennom vanskelege situasjonar, i staden for unngå dei. Begynn med enkle utfordringar. Det er viktig at barnet opplever meistring.
  • Hjelp barnet til å finne strategiar som hjelper.
    Eksempel:
    - Når noko blir ubehageleg, fokuser på noko anna. Gjer noko gøy.
    - Ha fast grubletid med fokus på det vonde. Avtal når og kor lenge grubletida skal vare.
  • Barnet treng at du som vaksen er roleg og trygg. Bli bevisst på korleis situasjonane verkar på deg.
  • Det kan vere vanskeleg for foreldre å vite korelis ein skal hjelpe barnet til å meistre angst. Søk derfor hjelp til å hjelpe barnet ditt vidare. Kontakt fastlege eller helsestasjon i din kommune for å høyre kva tilbod som finst.

 

           

Oppfølging

Ved avslutning i BUP får barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar ei oppsummering av utgreiinga og behandlinga. Behandlar i BUP sender også ei skriftleg tilbakemelding (epikrise) til fastlegen og eventuelt den instansen som sendte tilvisinga til BUP. Her står om det er behov for oppfølging i kommunen og kva tilbodet bør innehalde. Det står også kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.

Kontakt

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.