Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Anafylaktisk sjokk

Alvorleg allergisk reaksjon (anafylaksi) er ein akutt innsetjande og potensielt livstruande reaksjon som krev akutt behandling. Allergisk (anafylaktisk) sjokk er den kraftigaste forma for allergisk reaksjon.

Alvorlig allergisk reaksjon (anafylaksi) kan være livstruende og krever akutt behandling. Allergisk (anafylaktisk) sjokk er den kraftigste formen for allergisk reaksjon. Ved mistanke om anafylaksi, ring 113 øyeblikkelig.

Les meir på helsenorge.no

Ved ein allergisk reaksjon reagerer kroppen din på stoff som i utgangspunktet er naturlege og ufarlege. Immunsystemet oppfattar at han blir utsett for noko skadeleg og det blir utløyst ein oversensibilitetsreaksjon, vanlegvis med produksjon av antistoff.

Det er mykje individuell variasjon med tanke på korleis ein reagerer, og symptoma kan variere frå lette symptom til anafylaktisk sjokk. Berre eit fåtal får alvorleg reaksjon og blant dei er dødelegheita svært låg.

Ved anafylaksi utviklar symptoma seg raskt og kan komme få minutt etter du har blitt utsett for noko du er allergisk mot. Som oftast kjem reaksjonen innan 30 minutt.

Det kan vere lette allergisymptom til å byrje med, som kløe i hovudbotn, øyregangar, handflater og fotsolar. Ein kan også få symptom lokalt i området der det har vore kontakt, eksempelvis rundt munn og svelg ved matallergi, eller ved stikkstaden dersom du har blitt stukke av eit insekt.

Har du anafylaksi får du raskt symptom frå fleire organsystem, til dømes:

  • generell hudkløe, raude eller vabler (elveblest/urtikaria)
  • hud og slimhinner hovnar opp
  • rennande nase og nysing
  • pustevanskar, hoste og kjensle av trongheit i halsen
  • svimmelheit og uttalt trøyttleik
  • uro og angst
  • varmekjensle og hjartebank
  • magesmerter, kvalme/oppkast og avføringstrong
  • krampar
  • blodtrykksfall der du blir bleik, kaldsveitte og eventuelt medvitsløyse

Dei vanlegaste årsakene til anafylaksi er:

  • matvarer som til dømes nøtter, skaldyr, egg og mjølk
  • legemiddel
  • insektstikk (bi- og vepsestikk)

Utredning

Dersom du har hatt ein alvorleg allergisk/anafylaktisk reaksjon, tilrår vi at du blir vist vidare for utgreiing hos spesialist med allergologisk kompetanse.  Utgreiinga vil ofte innebere testar som kan påverkast av medisinar, til dømes allergimedisinar. Dersom det er nødvendig at du tek bort medisinar før utgreiinga, vil du få beskjed om dette.

Formålet med utgreiinga er å finne årsaka til den alvorlege allergiske reaksjonen slik at vi kan hjelpe deg med å førebyggje nye reaksjonar. Du vil også få opplæring i kva du skal gjere dersom ein ny reaksjon skulle oppstå.

All utgreiing startar med ein grundig gjennomgang av kva som skjedde under reaksjonen. I tillegg til opplysningane du kan bidra med vil det vere nødvendig å innhente dokumentasjon frå hendinga. Samtalen vil danne grunnlag for vidare utgreiing. Det kan bli aktuelt å ta blodprøver, hudtestar, pusteprøver og provokasjonstest(ar).

Behandling

For dei fleste vil utgreiinga gi oss svar på kva du må unngå for å hindre nye reaksjonar. Dersom utløysande årsak er ei matvare vil du få rettleiing for å sikre eit best mogleg kosthald trass i allergien.

Ved alvorleg allergisk reaksjon på grunn av insektstikk (bie/veps) vil du bli vurdert for allergen immunterapi (allergivaksine).

Både provokasjonstest og allergivaksinasjon vil leggje enkelte avgrensingar på kva aktivitetar du kan gjere same dag. Dette vil du få informasjon om før heimreise.

Oppfølging

Når det er fare for gjentaking av ein alvorleg allergisk reaksjon, bør du utstyrast med adrenalinpennar og få opplæring i korleis du bruker dei. Du bør informere dine næraste om symptoma, slik at dei kan hjelpe deg dersom du skulle få ein ny reaksjon. Dersom vi finn årsaka til den alvorlege allergiske reaksjonen, bør dette registrerast under kritisk informasjon i kjernejournalen din.  

Ver merksam

Ved mistanke om anafylaktisk sjokk, kontakt lækje/ambulanse straks. Ring 113.

Kontakt

  • Kontakt Barn

    Oppmøtestad

    Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30
    • Måndag 17:00 - 18:30
    • Tysdag 17:00 - 18:30
    • Onsdag 17:00 - 18:30
    • Torsdag 17:00 - 18:30
    • Fredag 17:00 - 18:30
    • Laurdag 17:00 - 18:30
    • Søndag 17:00 - 18:30
    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Akuttmottak

    Oppmøtestad

    Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

    Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

    Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

    Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Opningstider for ekspedisjon

    • I dag 08:00 - 22:00
    • Måndag 08:00 - 22:00
    • Tysdag 08:00 - 22:00
    • Onsdag 08:00 - 22:00
    • Torsdag 08:00 - 22:00
    • Fredag 08:00 - 22:00
    • Laurdag 08:00 - 22:00
    • Søndag 08:00 - 22:00