Allergi mot bjørk, gras, katt og husstøvvmidd - injeksjonar
Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi kan dette gjerast i form av injeksjonar/sprøyter i armen. Du må møte på poliklinikken for kvar vaksinasjon. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ein dose kvar veke i åtte veker. Deretter gradvis overgang til ein dose annankvar månad i tre år. Dei første gongene får du to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom. Du blir kontrollert etter kvar injeksjon. 30 minutt etter at siste injeksjon er gitt vil du få beskjed om du kan gå heim eller om du må vere til observasjon lenger.
Allergi mot husstøvmidd - smeltetablettar
Husstøvmiddallergi kan også behandlast med smeltetablettar, men sjukehuslegen må då søke om registreringsfritak. Dette vurderer sjukehuslegen. Også denne behandlinga har planlagd varigheit på 3 år, men dersom du etter 3 månadar ikkje har opplevd betring av plagene, skal behandlinga vanlegvis avsluttast. Denne vurderinga blir gjort i samråd med lege.
Graspollenallergi – behandling med smeltetablettar
Graspollenallergi kan behandlast i form av smeltetablettar med graspollenekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Du tar første tablett hos oss på poliklinikken. Du blir deretter observert i 30 minutt før du kan gå heim. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnen nokre minutt etter du har tatt tabletten. Etter den første behandlinga kan du ta tablettane heime, med årleg kontroll hos lege.