Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Allergiutredning hos øre-nese-hals-spesialist, voksne

Allergirelaterte symptom kan komme frå øvre og nedre luftvegar, mage og tarm eller frå huda. Ein del symptom frå dei øvre luftvegane, særleg nasen, kan minne om allergi utan å vere det. Pollenallergi, som også blir kalla høysnue, er den mest vanlege forma for allergi.

Før

  • Det kan vere at du skal avbryte medisinering med allergitablettar eller astmamedisin. Dette blir du informert om. 
  • Om du ikkje får melding om anna, skal du fortsette med medisineringa som føreskrive.
  • Når ein skal til allergiutgreiing, må ein ta med seg liste over faste legemiddel. 

Under

Du får time hos ein allergikompetent lege som også er spesialutdanna innan øyre-nase-hals. Legen snakkar med deg og undersøker deg i forhold til dine utfordringar.

I forbindelse med timen kan du vere sett opp til ei eller fleire undersøkingar hos sjukepleiar. Dette kan vere undersøkingar som hudprikktest (allergitest), spirometri (lungefunksjonstest), lungeprovokasjonstest og allergiprovokasjon.

Utgreiinga varer frå 30 minutt til to timar, avhengig av kva undersøkingar som er planlagt. 

Etter

Legen vil snakke med deg om resultatene. Vidare gang avheng av slutninga ved utgreiinga. 

Det kan vere behov for ytterlegare kontrolltime for vidare utgreiing, du kan også få vidare oppfølging hos fastlegen, eller det kan vere vi ikkje finn grunnlag for mistanke om allergi som årsak til plagene dine. 

Ved pollenallergi der ein ikkje blir symptomfri med behandling, kan allergivaksinering vere ein del av behandlinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​