HELSENORGE
Hemato/endo/infeksjon

Akutt leukemi

Leukemi (blodkreft) er kreft som oppstår i celler i blodet eller blodproduserande celler i beinmargen. Mellom 200 og 250 personar får påvist akutt leukemi kvart år i Noreg. Sjølv om akutt leukemi er ein av dei vanlegaste kreftformene blant barn, er dei fleste som får akutt leukemi eldre.   

Innleiing

Akutt leukemi kan delast inn i myelogen (AML) og lymfatisk  (ALL) form, alt ettersom kva for celletype som er utgangspunktet for kreftcellane.  

I nokre tilfelle oppstår akutt leukemi på bakgrunn av eit såkalla myelodysplastisk syndrom (MDS). Dei fleste med MDS utvikler likevel ikkje akutt leukemi.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.   

Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft, Helsedirektoratet

Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Utgreiing

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Ved mistanke om kreft vil du undersøkjast av lege. Det vert teke blodprøver og prøve av beinmargen. Det kan vera nødvendig med andre undersøkingar. Du vil då informerast om dette.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje.

I dei fleste tilfella kan det avklarast i løpet av få dagar om du har akutt blodkreft.

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

  1. Før

    Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon. Rekvisisjon kan vera sendt til laboratoriet før prøvetaking, om du har fått ein papirrekvisisjon må du ta med denne. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalar ikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma og avleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?
    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.
    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?
    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.
    Kva vil det seie å vere fastande?
    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.
    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?
    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.
    Kan eg trene før blodprøvetakinga?
    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.
    Tidspunkt for blodprøvetaking?
    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.
    Skal eg ta med rekvisisjon?
    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f. eks. fastlege) må ha med utfylt papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.
    Gjer det vondt?
    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.
    Korleis går blodprøvetakinga for seg?
    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.
    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?
    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.
    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?
    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.
    Når får eg analyseresultatet?
    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.
    Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.
    Skal eg betale eigendel?
    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sitte i ro i minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel undervegs

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Ein sjeldan gang blir blodprøva tatt frå ein arterie. Da vil du få beskjed om å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultat på blodprøva blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Tilvisande lege informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​





Behandling

Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte. Akutt leukemi hos vaksne vert behandla i starten med cellegift. 

Denne behandlinga er svært intensiv, og må følgast opp med omfattande støttebehandling. I nokre tilfelle blir cellegiftbehandlinga følgt opp med stamcelletransplantasjon, også kalla beinmargstransplantasjon.

I ein del tilfelle anbefaler vi ikkje ei så tøff behandling. Dette er særleg der pasienten på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje vil tole ei slik behandling. Då kan det vere aktuelt med ei mildare cellegiftbehandling for å bremse sjukdommen, eller kun støttande behandling. Støttande behandling vil ofte vere tilførsel av raude blodceller og blodplater, i tillegg til behandling av infeksjonar.

Akutt leukemi kan i mange tilfelle kurerast, men diverre langt i frå alltid. Generelt er det større sjanse for å kurere yngre enn eldre personar med blodkreft. Mange ulike faktorar ved blodkreften påverkar også sjansen til å bli frisk.

Ubehandla akutt leukemi er vurdert som 100 prosent dødleg.

Ved akutt myelogen leukemi (AML) strekker den mest brukte behandlinga seg over fire til seks månader. Ved akutt lymfatisk leukemi (ALL) varer behandinga i to og eit halvt år. Dette gjeld når målsettinga for behandlinga er å bli frisk.

Viss ein skal ha stamcelletransplantasjon vil det forandre lengda på behandlinga.

Les meir om Cellegiftbehandling

Cellegiftbehandling

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.

Målet med cellegiftbehandlinga avheng av sjukdommens stadium:

  • Kurativ behandling har som mål å kurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom
Kor lenge og kor mykje vi skal behandle sjølve kreftsjukdommen, er ofte ei vurdering. Dine ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør få. Nokre gangar må vi starte behandlinga for å sjå korleis den virker på deg og kreftsjukdommen. Informasjon frå deg og dine pårørande, samt dialog mellom deg og legen, er avgjerande når vi skal planlegge, starte og avslutte den vidare behandlinga. Du får informasjon om kva som er hensikta med behandlinga som blir tilbydd.
  1. Før

    Før kuren startar må du ta blodprøvar. Dette gjer du oftast same dag eller dagen før. Ved enkelte typar cellegiftkurar skal du også ta EKG før første kur.

    Vi anbefaler å ete eit lett måltid før cellegiftbehandlinga.

  2. Under

    Vanlegvis får ein cellegiftkurane intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i urinblæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fire veker.

    Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innlegging på sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

  3. Etter

    I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

    • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

    • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

    • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

    • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

    • Ved seksuell kontakt bør ein bruke kondom

    Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygt vere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

    Ernæring under cellegiftbehandling

    Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren din eller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skylt ut med urinen. Rikeleg inntak av væske kan òg førebygge kvalme.

    Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

    Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få på resept eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

    Biverknader og komplikasjonar

    Cellegiftbehandling gir ofte fleire biverknader fordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen. Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

    Auka risiko for infeksjonar

    Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamar minkar etter behandlinga. Dette oppstår oftast fem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen er ein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, som kan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bli redusert, og blodoverføring kan vere aktuelt.

    Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelle er det aktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

    Kvalme og brekningar

    Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgn etter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldast cellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskrive av legen din på sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte.

    Slappheit

    Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tre døgna. Slappheita går gradvis over dei neste dagane.

    Håravfall

    Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut. Dette skjer vanlegvis etter ein til to kurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

    Smerter

    Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skade normalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

    Feber

    Enkelte cellegiftkurar gir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38 gradar mellom kurane må lege kontaktast med ein gong.

    Skade på slimhinner

    Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie ved urinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kan gi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

    Påverknad av kjønnskjertlar

    Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

    Produksjon av sædceller hos menn blir påverka og dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre er sjansen for å bevare befruktningsevna.

    Skade på nervar

    Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde. Slike bivirkverknader forsvinn vanlegvis innan nokre veker til månader etter avslutta behandling. I nokre tilfellar vil du måtte stoppe eller endre på cellegiftsbehandlinga for å unngå varige plagar.

Ver merksam

  • Når du er under cellegiftbehandling kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38 grader mellom cellegiftkurane må du kontakte lege umiddelbart.

Gå til Cellegiftbehandling

Oppfølging

Etter avslutta behandling for akutt leukemi, blir dei fleste følgt opp med kontrollar på sjukehuset i fem år. Kontrollane er ganske hyppige det første året, og så sjeldnare. Ved kontrollane blir det tatt blodprøver, og ofte beinmargsprøver.  

Rehabilitering og meistring ved kreft

Etter kreftbehandling vil nokre ha behov for rehabilitering. Dette for å kome raskare tilbake til eit normalt liv etter behandlinga. Vanlegvis anbefaler vi dette tidlegast ein til to månader etter avslutta behandling. Snakk med behandlande lege eller fastlegen din om dette.


 

Faresignal

Blødingstendens, infeksjonstendens, slappheit eller andre teikn på låg blodprosent, kan vere teikn på tilbakefall.

Ved slike symptom må du kontakte lege. Dersom blodprøver viser at det er grunn til å mistenke tilbakefall, blir du tilvist til sjukehus.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?