Det er fleire andre lidingar eller tilstandar som kan gi liknande symptom som ADHD. Derfor er det viktig med ei grundig utgreiing. For å finne ut av om det er ADHD må vi få svar på følgande spørsmål:
ADHD hos vaksne
ADHD står for attention-deficit/hyperactivity disorder og kan kjennast igjen ved uttalt merksemdssvikt, uro, rastløyse og impulsivitet. ADHD-diagnosen kan også bli stilt når symptombildet hovudsakleg er kjenneteikna ved merksemdssvikt (ADD).
Behandlingsmetodane
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men også anna helsepersonell kan tilvise. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av Helsedirektoratets prioriteringsrettleiar «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.
Utredning
Behandling
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Andre behandlingsmetodar som kan vere aktuelle, er:
- Ulike variantar av kognitiv basert åtferdsterapi (for eksempel dialektisk åtferdsterapi), i gruppe eller individuelt
- Systematisk arbeidsminnetrening


