Adalimumab-behandling ved tarmsykdom
Dersom du har ein betennelsessjukdom i tarmen som treng behandling, kan det vere du skal bli behandla med adalimumab. Adalimumab er verkestoffet i medisin som Hyrimoz, Humira, Imraldi.
Adalimumab er ein såkalla TNF-alfa-hemmar. Dette er eit preparat som verkar spesifikt inn på immunsystemet og hemmar eit betennelsesdrivande molekyl (TNF-alfa). Dermed blir den uhensiktsmessige betennelsesreaksjonen som held sjukdommen din ved like, hemma. Det finnast fleire medikament i denne gruppa – kalla «biologiske legemiddel». Dei har til felles at dei gir ei viss hemming av immunsystemet. Dette medfører ein betre effekt enn alternative behandlingsformer, men kan også innebere moglege biverknader og komplikasjonar som det er viktig å fange opp.
Tilvising og vurdering
Hemming av immunsystemet kan medføre at «sovande» (latente) infeksjonar blussar opp, eller at nye infeksjonar kan ramma kraftigare og vare lenger enn vanleg. Derfor er det nødvendig å ta nokre førebuande prøver før ein set i gang behandlinga. Dette inneber blodprøver, inkludert ein test for å sjekke at du ikkje har tuberkulosebakteriar i kroppen, og eit røntgenbilde av lungene.
Andre viktige tilstandar
Før
Graviditet og amming
- Influensavaksine – bør bli tatt kvart år. Denne får du hos fastlegen.
- Pneumokokkvaksine – mot lungebetennelse. Bør bli tatt kvart femte år. Denne får du hos fastlegen.
- Hepatitt B-vaksine – dersom du planlegg å reise til land med høg førekomst av hepatitt B (f.eks. Vietnam eller Kina), eller dersom du av yrkesmessige eller andre årsaker kan bli eksponert (f.eks. helsepersonell).
- HPV-vaksine (humant papillomavirus) – dette viruset kan ha betydning for utvikling av livmorhalskreft. Vaksinen blir nå tilbydd gratis til alle 12 år gamle jenter og blir anbefalt til unge kvinner som startar med TNF-alfa-hemmar fordi det kan vere ein viss risiko for aukande HPV-infeksjon ved denne typen behandling. I tillegg blir gynekologisk undersøking med celleprøver frå livmorhalsen kvart tredje år anbefalt.
- Varicellavaksine (vasskoppar) – blir anbefalt dersom Varicella zoster-prøva viser at du ikkje har immunitet. Vasskoppar kan vere alvorleg ved nedsett immunforsvar.
Under
Etter
Kontrollopplegg og prøvetaking
Behandlingsvarigheit
Ver merksam
Reaksjonar på injeksjonen
Kontakt
Haugesund sjukehus
Gastromedisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund