Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Depresjonsplager og triste følelsar

Alle barn og unge kan ha dagar der dei er triste og synst kvardagen er tung. Det er når følelsen påverkar livskvalitet og livsutfolding, at det er viktig å få hjelp.

Den vanlegaste årsaka til at barn og unge blir triste, er konfliktar eller belastningar i familien eller på skulen. Følelsen går ofte over av seg sjølv når situasjonen endrar seg, eller ein får hjelp med belastningane. Det er når barnet/ungdommen er trist over tid, og det går utover korleis ein fungerer i kvardagen, at ein bør vurdere om det kan vere teikn på depressive plager.

Barn og ungdom med milde til moderate plager skal få hjelp i kommunen. Mistanke om moderat til alvorleg depresjon gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Barn og unge som strever med triste følelsar og depresjonsplager kan kjenne på sterk håpløyse. Mange kjenner seg slitne og trøtte, eller at dei ikkje søv godt. Nokre mister matlysta og får smerter i kroppen. Mange har negative tankar om seg sjølv og sin eigen verdi. Dei kan virke sinte eller frustrerte, og trekk seg ofte unna venner og familie. Depresjonsplager og triste følelsar kan og vise seg som konsentrasjonsvanskar, dårlege skoleprestasjonar eller skulefråvær.

Triste følelsar og depresjonsplager kan oppstå av mange ulike grunnar. Den vanlegaste grunnen til at barn og ungdom blir deprimert, er at dei opplever psykososiale belastningar som konfliktar, mobbing, fattigdom, kjenner seg einsame eller har opplevd traume.

Hos mindre barn kan manglande trivsel komme til syne som reguleringsvanskar, tilbaketrekking og forstyrringar i utvikling. Hos eldre barn og ungdom kan sjølvskading og sjølvmordstankar være ein del av plagene, og er ofte eit uttrykk for psykisk smerte.

Behandling i både kommunen og spesialisthelsetenesta vil fokusere på å redusere belastningane i livet til barnet/ungdommen, sosial støtte og utvikling av meistringsstrategiar i samarbeid med trygge vaksne.​

Kven gjer kva

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Ved bekymring kring barn/ungdom si psykiske helse er fastlegen si rolle å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse, samt kartlegge psykososiale forhold som kan påverke barnet si helse og utvikling. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Fastlegen kartlegg gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Pasientens symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av barnet sine plager og deira ønske om hjelp
  • Somatisk historikk og somatisk status for å utelukka somatiske forklaringar på symptoma
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Krenkingar som f.eks. overgrep eller psykososiale belastningar
  • Søvnproblem
  • Sjølvskading og fare for sjølvmord
  • Rusmiddelproblem
  • Fastlegen si vurdering av vanskane til barnet/ungdommen og alvor av symptoma
  • Informasjon frå pårørande og ev. andre instansar om kva tiltak og tenester som er prøvd ut og effekt av disse.

Tommelfingerregel for vurdering av depresjonsplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om depresjonsplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule.

Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer, i kartlegging av symptombildet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Milde til moderate depresjonsplager skal vanlegvis bli behandla i kommunale tenester som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tilbod. Sett gjerne opp ny time for evaluering av effekt.
  • Ved mistanke om moderat til alvorlege depresjonsplager bør ein vurdere tilvising til BUP. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør ein vurdere tilvising til BUP også ved lettare depresjonsplager.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse- og omsorgstenester før tilvising: Henvisning og start - Helsedirektoratet. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP.

Oppsummeringar frå andre instansar kan sendast som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet / ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov. Ved behov for snarleg hjelp må fastlege bruke tilbodet til BUP om rask vurdering/augeblikkeleg hjelp.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vil vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolla som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Ved mistanke om psykiske vanskar kartlegg helsestasjonen/skulehelsetenesta vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen. Vidare kan ein utforske bredt faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Trivsel og humør: Her kan «Humøret ditt» bli brukt for å kartlegge tungsinn og depressive symptom
  • Styrkane, ressursane og interessene til barnet/ungdommen
  • Venneforhold og fritid
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehage/skule, konfliktar og mobbing
  • Søvnvanar og endringar i søvnmønster, bruk f.eks. «Søvndagbok»
  • Kosthold og måltid, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Vold, overgrep og omsorgssvikt
  • Suicidalitet og sjølvskading
  • Somatiske symptom eller «vondtar»
  • Bruk av sosiale medium og spel

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege plager barnet/ungdommen har. Tommelfingerregel for vurdering av depresjonsplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om depresjonsplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule. Ved tvil om grad av alvor, bør ein konsultere psykisk helseteneste eller kommunepsykolog før igangsetting av tiltak.

Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer, i kartlegging av symptombildet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Ved lette depresjonsplager kan helsestasjon og skulehelsetenesta tilby:

  • Samtaler, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der ein legg vekt på å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd når barn/ungdom strever med tungsinn og depressive tankar.
  • Tiltak retta mot psykososiale belastningar som plagar barnet/ungdommen.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk Førstehjelp, Hei-spelet, Meistringskatten eller KAT-kassen.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tiltak i barnehagen/skulekvardagen.
  • Gruppetilbod til barn/ungdom dersom kommunen har dette tilbodet, f.eks. kan ein bruke manualbaserte program som «Depresjonsmestring», «Cool Kids» eller «Friends».
  • Kurs, grupper eller programbasert rettleiing for føresette, dersom kommunen har dette tilbodet. 

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Ved tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta er det venta at ein ser betring etter kort tid. Dersom det ikkje blir noka betring eller symptom blir forverra, må ein kople på aktuelle fagpersonar i kommunen eller fastlege for vurdering og drøfting av tiltak. 

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Tilvising til BUP kan også vere aktuelt ved lettare depresjonsplager dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt.

Samarbeid med andre tenester

Helsesjukepleiar bør samarbeide med føresette og barnehagen/skulen og eventuelt PPT ved behov for tiltak i barnehage/skule. Ved depresjonsplager vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere fastlege, kommunal psykisk helseteneste og BUP. Ein kan kombinere samtaler hos helsesjukepleiar med tiltak frå BUP eller fastlege, men då må roller og ansvar vere avklart. Det kan også vere aktuelt å samarbeide med fysio- og ergoterapitenesta.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar kan vere koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagen si rolle å fange opp teikn og signaler ved barnet som gir grunn til uro for barnets psykiske helse eller utvikling. Barnehagen skal samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får hjelp frå rett teneste.  

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Teikn som gir grunn til uro for eit barns psykiske helse eller utvikling er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Barn i barnehagen bør leike, le, vise trivsel og ta initiativ til sosialt samspel med andre barn og vaksne. Viss eit barn er mykje aleine, er passivt, tar lite initiativ, verkar trist eller er vanskeleg å regulere, bør ein bli bekymra. Ved bekymring for den psykiske helsa til eit barn bør ein så raskt som mogleg søke bistand for vurdering av tilstand og vidare tiltak. Det er viktig å hugse på at barn kan vise tilsynelatande små symptom – men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring.

Ver merksam på at vanskar hos barnet kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller belastningar i familien eller hos føresette. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved manglande trivsel hos eit barn kan kartlegginga i barnehagen innehalde:

  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne. Legg merke til om barnet:
    • trekk seg tilbake sosialt
    • har vanskar med å ta initiativ og kome i gang med leik
    • har lite matlyst
    • er klengete på vaksne
    • har mykje vondter eller uspesifikke smerter
    • ikkje utviklar seg som forventa(språk, motorikk)
    • har reguleringsvanskar på fleire områder
    • har regresjon eller tap av ferdigheiter.
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste). Bruk verktøy frå Barnesamtalen: Barnesamtalen - Dialogmodellen - Dialogmodellen og dokumenter samtalen.
  • Kartlegg det psykososiale miljøet i barnehagen.
  • Kartlegg den generelle utviklinga til barnet.
  • Vurder sosial samhandling og leikekompetanse, eksempelvis ved bruk av «Alle Med» eller «TRAS».
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Ved behov kan ein drøfte sak med PPT, etter samtykke frå føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein utviklinga til barnet og kor alvorlege utfordringar barnet står i. Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad ved manglande trivsel er evna barnet har til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om plagene påverkar barnet si fungering i barnehagen.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Tilby tett oppfølging ved behov slik at barnet får oppleving av å høyre til og får tryggleik til å leike, utforske og lære.
  • Legge til rette rundt barnet ut frå behov, små barn med vanskar er særleg sensitive for overgangar og det er derfor viktig å sikre desse.
  • Bruke tryggleikssirkel og sikre at barnet får tilknyting til barnehagepersonalet
  • Jobbe med sosial inkludering og hjelpe barnet til å kome inn i leik med andre barn.
  • Arbeide med forståing av ulike følelsar og korleis ein handterer følelsar i barnehagegruppa
  • Samtale med føresette ved behov
  • Kontakte PPT for rettleiing på systemnivå. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen/fylkeskommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse).

Tiltaka i barnehagen skal bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i samråd med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal det ein gang årleg bli utarbeidd ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon og psykisk helseteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd om og rettleiing av tiltak. Ved psykiske helseplager hos små barn vil sentrale samarbeidspartnarar vere helsestasjonen, kommunal psykisk helseteneste, kommunepsykolog, barnevernteneste, fastlege og BUP.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak. 

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Teikn som kan gi grunn til uro for den psykiske helse eller utviklinga til ein elev, er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at leven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven.

Elevar kan ha periodar der dei er triste eller lei seg, utan at det er problematisk. Det er først når plagene varer over tid og viser seg i mange situasjonar, at det er grunn til bekymring. Ver merksam på at manglande trivsel og depresjon òg kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i klassen eller på skulen, belastningar i familien eller nettverket, eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Om ein blir bekymra for omfanget av tungsinn og depresjonsplager hos ein elev, er følgande kartlegging anbefalt:

  • Observer eleven i skulekvardagen og legg merke til
    • endringar i åtferd og korleis eleven fungerer på skulen, som endra skuleprestasjonar eller høgt skulefråvær
    • manglande trivsel, tungsinn og triste tankar
    • sosial tilbaketrekking og passivitet
    • nedsett hygiene
    • søvnvanskar
    • dårleg sjølvbilde, prestasjonsorientering og perfeksjonisme
    • fysiske symptom utan årsak, som hovudverk, magesmerter eller vondt i armar eller bein.
    • teikn på sjølvskading.                
  • Snakk med eleven. Sett ord på det du har observert, og få tak i korleis eleven oppfattar vanskane, og om han/ho ynskjer hjelp. Informer eleven om at det er viktig at føresette får informasjon, og avtal om eleven skal vere med på samtalen.  
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim-samtale så raskt som mogleg. Få fram føresette si forståing av utfordringa og deira ønske om hjelp. Be om samtykke til vidare kartlegging og drøfting.
  • Kartlegg det sosiale miljøet i klassen og eventuell førekomst av mobbing.
  • Ta opp bekymring rundt enkeltelev med skuleleiing/støtteapparat, skulen sitt tverrfaglege team eller andre etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon. Ein kan drøfte sak med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå eleven og føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege utfordringar eleven står i og om han/ho har behov for vidare kartlegging og oppfølging. Tommelfingerregel for vurdering av psykiske helseplager er evna eleven har til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar, og om depresjonsplagene påverkar korleis eleven fungerer i skulen.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Aktuelle tiltak i skulen kan vere:

  • Etabler ein trygg relasjon og ha regelmessige samtaler med eleven om skulekvardagen. 
  • Jobb med klassemiljøet og legg til rette for trygge og gode relasjonar til medelevar.
  • Vektlegg klasseleiing og eit trygt læringsmiljø, eksempelvis gjennom trivselsprogram i skulen.
  • Grip inn dersom det blir avdekt mobbing i klassemiljøet
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette og ha regelmessige skule-heim-samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime. 
  • Etabler kontakt med skulehelsetenesta for rettleiing. Skulehelsetenesta kan bidra til å skape forståing for behova til eleven og til å kome fram til gode tiltak i skulekvardagen.
  • Ta initiativ til at eleven kan ha oppfølging og samtaler med helsesjukepleiar, om eleven og/eller føresette samtykker til det. Helsesjukepleiar kan kople på andre instansar som psykisk helseteneste eller fastlege ved behov for tilvising til BUP.  
  • Registrer fråvær og sett inn tiltak ved behov. Følg rutinar for skulefråvær i kommunen.
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft behov for å tilvise eleven til PPT.
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak som skildrar tilbodet eleven skal få (varigheit, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen skal bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Ved bekymring for alvorleg depresjon og teikn på risiko for alvorleg sjølvskading eller suicid, må ein sikre at det blir tatt kontakt med legevakt eller politi, i samråd med føresette. Dersom eleven over tid har utfordringar med sjølvskading og auka risiko for sjølvmord, må skulen ha eit tett samarbeid med føresette og tenester som gir behandling, oftast BUP, og det må utarbeidast ein kriseplan for akutte hendingar.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Ved alvorleg bekymring for den psykiske helsa til eleven er det viktig at skulen melder frå til ansvarleg helseteneste dersom ein ikkje ser betring, eller tilstanden blir verre. Dersom eleven kjem med truslar om å skade seg sjølv eller andre må skulen ta direkte kontakt med legevakt eller politi.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Skulen bør samarbeide med dei som gir oppfølging og behandling. Ved lettare vanskar er det kommunale instansar, som helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste som gir behandling. Ved meir alvorlege depresjonsplager vil det vere aktuelt å samarbeide med og få rettleiing frå BUP. Dersom vanskane påverkar utbytte av opplæringa i skulen og langvarig skulefråvær, bør ein drøfte sak med PPT.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved depresjonsplager. Barnehagen/skulen kan be om bistand frå PPT dersom barnet/eleven sine vanskar går utover leik, utvikling og samspel i barnhagen, eller opplæringssituasjonen i skulen. Manglande trivsel og depresjon kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller på skulen, belastningar i familien eller nettverket, eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

Kartlegging knytt til sakkunnig vurdering:

  • I samtale med individet prøvar vi å få fram styrker fagleg og sosialt, utfordringar, oppleving av behov og ynskje om hjelp.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport
  • Føresette si vurdering av behova til barnet/ungdommen
  • Teikn på tristheit og depresjon, omfang og intensitet av symptoma, og om plagene  går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller opplæringssituasjonen i skulen
  • Kartlegging av den generelle utviklinga og utviklingsnivået til barnet/ungdommen, samt eventuelle lærevanskar
  • Kartlegging av kognitiv utvikling og språk
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Kartlegging av barnehage- og skulemiljø:

  • Kartlegge system/miljø/omgivnadar
  • Gjennom observasjon og samtale, gjer PPT ei vurdering av barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing. Her følger ein kommunale rutinar.
  • Vurdere tryggleik og struktur. 

Ut frå kartlegginga skal PPT først og fremst vurdere om utfordringane til barnet/ungdommen går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller læring og utbytte av opplæringa i skulen og om han/ho har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for barn og ungdom med særskilte behov. PPT skal bistå barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling dersom eininga ber om dette jmf. Barnehagelova/Opplæringslova. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak og barnehagen/skulen skal utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan gi rettleiing i enkeltsakar eller på systemnivå.

Andre aktuelle tiltak frå PPT kan vere:

  • Rettleie barnehage/skulen i korleis dei skal legge til rette for og sikre rettane barnet/ungdommen har, etter barnehagelova og opplæringslova.
  • Rettleiing på systemnivå for å sikre forståing av kva depresjon har å seie for utvikling og læring, og sikre at barnet/ungdommen blir møtt på gode måtar.
  • Rettleiing til skule/barnehage i metodar som psykologisk førstehjelp og KAT-kassen.
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette.
  • Ved eventuelt skulefråvær må ein følge kommunal plan for tiltak.

Resultat av tiltak som er sett i verk bør jamleg evaluerast. Evalueringa kan ofte gjennomførast av barnehage/skule og føresette, eventuelt i samarbeid med involverte instansar. PPT deltek i evalueringa ved behov. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

I saker der PPT bistår, og ved mistanke om psykiske helseplager, kan barnehage/skule i samarbeid med PPT sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Det må føreligge samtykke.

Ved behov for tilvising til BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester først.  Dersom barnet/eleven allereie er tilvist PPT for sakkyndig vurdering, kan PPT bidra med tilvising til spesialisthelsetenesta. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Tilvisar kan be om eventuelle saksopplysningar frå PPT. Kopi av utarbeidd sakkyndig vurdering kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ei av oppgåvene til PPT er å støtte barnehage og skule i arbeid med tilrettelegging for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa barnehage- og opplæringstilbod. I det tverrfaglege samarbeidet kan PPT bistå med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging og behandling, som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, fastlege, BUP, fysio- og ergoterapitenesta og barneverntenesta. Ved utgreiing i BUP bør PPT dele saksopplysningar og delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan delta i samarbeidsmøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Kommunen skal sørge for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager. Tenestetilbodet skal vere kommunens psykiske helseteneste til barn og unge og komme i tillegg til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon- og skulehelsetenesta og fastlegen. Tenesta skal kartlegge hjelpebehovet hos barn og unge med psykiske plager og tilby behandling og oppfølging.

Kartlegging ved tristheit​​ og depresjonsplager

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Det er mange årsaker til tristheit og depresjon hos barn og unge. Det er derfor viktig å utforske eit breitt spekter av faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen   
  • Identitet og sjølvbilde, oppleving av stress og prestasjonskrav, meistringsstrategiar
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, nettverk og ressursar i familien, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette, 
  • Barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing frå andre barn/ungdom eller vaksne
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Kosthald og måltid, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Ved depresjonsplager kan ein bruke kartleggingsverktøy som eksempelvis Humøret ditt (MFQ) eller Child Depression Inventory (CDI).
  • Ved indikasjon: spør særleg etter 1) traumatiske hendingar, vald, overgrep 2) sjølvskading og sjølvmordsrisiko og 3) rusvanar og bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette / ungdom.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av depresjonsplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om depresjonsplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule.

Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer, i kartlegging av symptombildet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved tristheit og ​​depresjonsplager

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Psykisk helseteneste kan gi behandlingstilbod til barn og unge med milde til moderate depresjonsplager. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Samtaler, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der ein legg vekt på å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Tiltak retta mot psykososiale belastningar i livet til barnet/ungdommen/familien
  • Samarbeid med føresette og barnehage/skule om støtte og tilrettelegging i kvardagen
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, KAT kassen og liknande
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om kva som er hjelpsamt ved depresjonssymptom. Legg vekt på stabil søvn og døgnrytme, balansert matinntak og fysisk aktivitet.
  • Gruppetilbod eller kurs til barn/ungdom dersom kommunen har slikt tilbod, som f.eks. "DU-Depresjonsmeistring for ungdom" eller "SMART ungdom"
  • Kurs, grupper eller manualbaserte rettleiingsprogram for føresette dersom kommunen har slike tilbod, eksempelvis COS-P og tryggleikssirkel for føresette.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. Ved manglande betring eller forverring av symptoma bør ein vurdere tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga. Ved bekymring for alvorleg depresjon og suicid risiko må ein bruke BUP sitt tilbod om augeblikkeleg hjelp.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ein bør samarbeide med fastlege som har hovudansvar for somatisk vurdering av plagene. Psykisk helseteneste bør ta initiativ til samarbeid med barnehage/skulen når barnet/ungdommen har behov for tilrettelegging. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen, mistanke om lærevanskar eller stort skulefråvær, bør ein drøfte med PPT om det kan vere grunnlag for tilvising til PPT. Ved depresjonsplager vil andre sentrale samarbeidspartnarar vere helsestasjon og skulehelsetenesta og BUP. Psykisk helseteneste kan tilvise til og samarbeide med ergo og fysioterapiteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Fysio- og ergoterapitenesta er ikkje ei primær hjelpeteneste ved psykiske helseplager, men barn/ungdom kan bli tilvist for vurdering av fysiske plager, spenningar og kroppsleg stress relatert til dette. Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringa og behov for hjelp.
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov.
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behova for hjelp.
  • Motorikken til barnet/ungdommen og ferdigheiter i kvardagen.
  • Korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer, og deltaking i organiserte aktivitetar.
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen.
  • Om motoriske vanskar bidrar til at barnet/ungdommen ikkje kjenner meistring i aktivitet, og derfor vegrar seg for å delta.
  • Vurdere om motorisk utvikling er ei primærvanske, eller om dei motoriske utfordringane kan vere resultat av for eksempel depressive plager.
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar.

Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen.. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka.
  • Utvikle og styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring.
  • Hjelpe barnet/ungdommen å oppleve forståing av dei psykiske plagene og livssituasjon eller hendingar gjennom kroppsleg tilnærming og refleksjon rundt kroppslege symptom.
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar, slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.                                                                   
  • Rettleie føresette og barnehage/skule i korleis dei kan lage og tilpasse opplegg og aktivitetar som aukar moglegheiter for meistring og deltaking.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta samarbeider med barnehage og skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, kommunal psykisk helseteneste, fastlege og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet sikre at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernet er regulert i barnevernslova.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege åtferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom. På bakgrunn av bekymringsmeldinga gjer barnevernet ei undersøking.

Som del av undersøkinga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som har oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging.

Undersøkinga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har, og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart, og om dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Sjølvbilde og identitet
  • Familieforhold, inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing frå medelevar eller lærar
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Sjølskading og sjølvmordstankar

Barnevernet må gjere ei vurdering av kor alvorlege vanskane er, og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane.

Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer, i kartlegging av vanskane. I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på samspelsvanskar i familien og teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Etter undersøking og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein plan for oppfølging saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierettleiing
  • Familierådslag og nettverksmøter
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med instansane som familien er i kontakt med

Tiltaka frå barnevernet og planen for oppfølging blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen. Korleis og kven som skal vere med på evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • tilbakemeldingar frå andre instansar
  • status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke.

Oftast er det kommunale instansar som helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykisk helseteneste som gir oppfølging og behandling ved psykiske helseplager. Ved meir alvorlege depresjonsplager vil det vere aktuelt å samarbeide med fastlege og BUP. Dersom vanskane påverkar utvikling eller læring, bør ein drøfte med barnehage/skule om det er grunnlag for å tilvise saken til PPT.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Eininga er ulikt organisert i kommunane, men har tett samarbeid med helse- og omsorgstenesta internt i kommunen, spesialisthelsetenesta og andre sektorar.

Kartlegging ved koordinerande eining

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.​

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt pasientforløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved tristheit og depresjonsplager

Ved oppstart av ei ny sak skal BUP gjere ei brei basisutgreiing som kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • ressursar, styrkar og interesser
    • symptom, vanskar, funksjon
    • psykisk status
    • sjølvmordsfare
    • behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • tilknyting
    • utvikling i sped- og småbarnsalder
    • emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ved behov gjennomfører BUP ei utvida utgreiing. Tommelfingerregel for vurdering av depresjonsplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om depresjonsplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule. Ver særleg merksam på at tungsinn og triste tankar kan vere reaksjonar på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer, i kartlegging av symptombildet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved depresjonsplager kan utgreiinga innehalde:

  • Screeningskjema for depresjon for å vurdere alvor av symptoma
  • Diagnostisk intervju med pasient
  • Observasjon av barnet i samspel med føresette, i barnehagen/skulen eller heime
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar, inkludert samtale med pedagog/lærar
  • Legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar
  • Familiehistorie med vekt på depresjon, bipolar liding og suicidal åtferd i familien.
  • Kognitiv vurdering på indikasjon, særleg ved høgt skulefråvær eller lærevanskar
  • Kartlegging av sjølvskading, sjølvmordstankar og ev. sjølvmordsrisiko
  • Søvnkartlegging
  • Rusmiddelbruk hos barnet/ungdommen og føresette

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.

Tiltak ved tristheit og depresjonsplager

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som skildrar planlagde tiltak.

Aktuelle tiltak frå BUP kan vere:

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Psykoedukativ tilnærming til både barn, familie og ev. nærmiljø.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar i familien og det nære miljøet til barnet/ungdommen.
  • Sørge for at barnet/ungdommen har tilgang til trygge vaksne og opplever dei som ein trygg base.
  • Tiltak i barnehage/skule/fritid.

Psykoterapi

  • Samtale om tankane og følelsane barnet har, med vekt på emosjonsregulering, stressmeistring og problemløysing.
  • Bør inkludere monitorering av depressive symptom, sjølvskading og suicidalitet.
  • Dersom sjølvskading og suicidalitet er eit stort problem, bør ein vurdere målretta behandling som dialektisk åtferdsterapi (DBT).
  • Hjelp til å auke sosial aktivitet og betre sosial kompetanse. Gruppebaserte behandlingsprogram kan bidra til dette.

Medikamentelle og somatiske tiltak

  • Døgnrytme og søvnmønster. Lysbehandling kan vere aktuelt.
  • Auke fysisk aktivitet og trening. Moderat fysisk trening i 30 minutt per dag har god behandlingseffekt på depresjon.
  • Medikamentelle tiltak kan vurderast som supplement dersom psykoterapi aleine ikkje gir effekt.

Tiltaka ska bli evaluert løypande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen.

BUP samarbeider tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien. Ved depresjonsplager er aktuelle tenester særleg fastlege, helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen, kommunepsykolog, PPT og fysio- og ergoterapiteneste. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Informasjon/tilvising til andre tenester

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Sist oppdatert 22.08.2023