Om noko nettopp har skjedd
Dersom overgrepet nettopp har skjedd (innan siste døgn), skal du helst ikkje dusje, skifte klede, ete, drikke eller pusse tenner før du kjem. Det er for at vi kan sikre gode spor.
Om du har skifta klede, ta gjerne med deg det du hadde du hadde på deg da overgrepet skjedde, inklusive bind eller tampongar.
Kva skjer når du kjem til oss?
På mottaket møter du lege og sjukepleiar med særskilt kompetanse. Vi har teieplikt, og deler ikkje informasjon med nokon utan ditt samtykke.
Vi gjer ei rettsmedisinsk undersøking med sporsikring, tek prøvar for kjønnssjukdommar, graviditet og rusmiddel, og ordnar vidare oppfølging.
Bevismateriale blir oppbevart i to år.
Dette gjer lege og sjukepleiar
- Omsorg og nokon å prate med i trygge omgjevnader
- Behandling av skader eller smitte
- Prøvar med tanke på smitte og graviditet
- Undersøking for å sikre bevis i tilfelle du vil anmelde
- Kriserådgiving og oppfølging
- Kontakt med gratis bistandsadvokat
- Kontakt med krisesenteret, barnevernet eller andre hjelpeinstansar
Barn under 14 år
Barn under 14 år skal vanlegvis undersøkast ved barneavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus. Vi kan formidle kontakt.
Om overgrepsmottaket
Vi held til ved Haugesund sjukehus og er for kvinner, menn og ungdom over 14 år som er blitt utsette for eit seksuelt overgrep i løpet av den siste veka.
Du treng ikkje tilvising, og det er ikkje eit krav at du vil anmelde saka.
Du kan godt ta med deg ein person du er trygg på når du kjem hit.
Mottaket vårt dekker alle kommunane i Helse Fonna, unntatt Jondal, som bruker Bergen kommunes mottak.