Valen sjukehus

Valen sjukehus er ein av to sentralsjukehusseksjonar i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Sjukehuset ligg ved fjorden i den vakre bygda Valen i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.

Les meir om Valen sjukehus

Valen sjukehus

Pålogging pasientar - CheckwareBrukerveiledning Checkware

Meir om Valen sjukehus

Hagen foran Valen sjukehus. (Foto)For oss er menneskeverd og individuelt tilpassa behandling viktig, samstundes som vi er opptatt av endring og utvikling for å tilpasse oss behova i samfunnet. Pasientar og pårørande skal oppleva seg møtt med respekt og erfara at deira tilbakemeldingar blir verdsatt og nytta i det vidare utviklingsarbeidet i seksjonen.

Vi har 35 døgnbehandlingsplassar og ein poliklinikk: Akuttpost Valen, Eining for psykosebehandling, Eining for sikkerheitspsykiatri, Eining for forsterka rehabilitering og Ambulant sikkerheitsteam.

Vi yter helsetenester av god kvalitet og har kontinuerleg prosessforbetring for å sikra eit fagleg høgt nivå, og gjennomfører brukarundersøkingar. Vi gjennomfører årlege revisjonar av eige arbeid, og seksjonen har ved to høve mottatt kvalitetsprisar for dette arbeidet. Alle einingar har fagpersonar som jobbar i tverrfaglege team for å møte pasientens individuelle målsetjingar og behov.

Jobb i Helse Fonna?

Telefon sentralbord
53 46 64 00

Telefontid
07.30-15.00 måndag-fredag. Resten av døgnet og helg blir du satt over til sentralbord ved Haugesund sjukehus.

Sjå også      

Lov om psykisk helsevernKva er psykose?Selvskader du?Kjenner du noen som selvskader?Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helseMental helse

Kart over sjukehusområdet

  1. 1. etg: Eining for sikkerhet. Underetg: Eining for sikkerhet og rehabilitering
  2. FDPS poliklinikk
  3. 2. etg: Behandlerkontor og resepsjon. 1. etg: Akuttposten. Underetg: Eining for psykosebehandling
  4. Leiing og administrasjon
  5. Folgefonn DPS
  6. Internservice
  7. Hovedkjøkken
  8. Nor Tekstil vaskeri
  9. Verkstad
  10. Velferdsbygg/kapell
  11. Gartneri
  12. Søsterheimen

Akuttpost Valen

Utsikt fra Valen sjukehus. (Foto)Eininga har sju døgnbehandlingsplassar til akuttpsykiatri og ein behandlingsplass til psykosebehandling.

Akuttbehandlingstilbodet er for vaksne personar som har behov for øyeblikkeleg psykiatrisk hjelp på sentralsjukehusnivå. Det kan vere ved psykotiske tilstandar som medfører betydelig fare for pasienten og/eller andres liv eller helse, suicidalitet, tilstandar prega av stor angst eller depresjon, og akutte forvirringstilstander.

I dei fleste tilfella vil pasienten bli tilvist frå fastlege, legevakt eller DPS til øyeblikkeleg hjelp.

Opphaldet ved akuttposten er normalt av kort varighet, men det varierer ut frå pasienten sin tilstand. I løpet av opphaldet vil eininga saman med pasienten planlegge vidare forløp som kan vere overføring til kommunehelsetenesta, DPS døgnpost, poliklinisk oppfølging eller overføring til langtidspost.

Vårt opptaksområde er kommunane Etne, Kvinnherad, Stord, Fitjar, Bømlo,  Tysnes, Odda, Ullensvang og Jondal. Vi samarbeider tett med Folgefonn DPS og Stord DPS, med samarbeidsmøter to gonger i veka.

Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 74. Pasienttelefon: 53 46 64 93.

Besøk

Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Prosedyre - Grunnlag for behandling på akuttposten Valen


Eining for psykosebehandling

Postar ved Valen sjukehus. (Foto)Eining for psykosebehandling er eit behandlingstilbod for heile Helse Fonna. Posten har ni døgnbehandlingsplassar og er ein lukka post.Tilbodet vårt er retta mot unge vaksne med psykoselidingar med høg symptombelastning.

  • Pasientar med så høg symptombelastning og lågt funksjonsnivå at dei ikkje kan ta vare på seg sjølv i kvardagen
  • Pasientar som har fått behandling på lågare nivå, men ikkje har opplevd betring

Pasientane i målgruppa kan ha ein forholdsvis kort sjukehistorie, men eininga gir også tilbod til pasientar med langvarige psykoselidingar med alvorlege tilbakefall. Eininga tek ikkje i mot pasientar der rus eller valdeleg åtferd pregar symptombiletet.

Behandlingsfilosofien ved eininga er tufta på recoverybasert tenking i eit tverrfagleg behandlingsteam. Vi har eit spesialansvar for å gi behandlingstilbod for dei som treng meir tidkrevjande og intensive behandlingsopplegg. Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Eininga har fokus på brukarmedverknad.  

Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, psykologisk behandling, miljøterapi og rehabilitering med særleg fokus på ADL-trening og sosial trening, relasjonsbygging (Les også: Relasjon, en nøkkel ved psykose, napha.no) og familie- og pårørandesamarbeid.

Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for psykosebehandling på Valen SjukehusProsedyre - Miljøterapi på psykoseposten

Eining for psykosebehandling har som målsetting å ha regelmessige samarbeidsmøter med DPSa i Helse Fonna.

Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 73. Pasienttelefon: 53 46 64 92.

Besøk

Pasientbesøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Les meir om psykose på helsenorge.no

Eining for sikkerhet og rehabilitering

Inne på post Valen sjukehus. (Foto)Eininga er ei spesialavdeling med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.

Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.

Vi samarbeider nært med Eining for sikkerhetspsykiatri, og har mange felles aktiviteter og tilbod til pasientane.

Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for behandling på eining for sikkerhet-og rehabilitering

Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 82. Pasienttelefon: 53 46 64 96.

Besøk

Besøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Det rolige rommet på Valen sjukehus. (Foto)Det rolige rommet

Valen sjukehus har fokus på å kunne redusere bruk av tvang, gi et medikamentfritt behandlingstilbod, og ha fokus på pasientmedverknad.

Det rolige rommet er ein alternativ behandlingstilnærming styrt av pasienten sjølv, der dei kan lære seg enkelte mestringsstrategiar for å auka sin livskvalitet.

Det rolige rommet er eit behandlingsrom der pasientane kan praktisere emosjonell eigenomsorg og avslapping gjennom aktivt beroligande stimuli. Rommet er innreia for å verke komfortabelt og behageleg for sansane, og å væra ei trygg hamn frå stress.

Bruken av rommet er tenkt utelukkande ut frå eit omsorgs- og helsefremmande perspektiv, er alltid valfritt for pasienten, og er ope heile døgnet. Rommet kan brukas for eksempel til å roa seg ned, som distraksjon frå vanskelige tankar og/eller kjenslemessige opplevingar, eller for å frigjere tristhet. Pasienten kan tidlig ta ansvar for teikn på angst og uro med å bruka rommet. Her er det fokus på pasienten, pasientens behov, og kva pasienten sjølv bestemmer i samråd med sitt behandlingsteam. Komponentane i Det rolige rommet treng ikkje vera kostbare, og er enkle i bruk og vedlikehald. Ein kan difor sjå for seg ein overføringsverdi både til egen heim eller til tilbod på lågare funksjonsnivå.

I sikkerheitspsykiatri finn vi alvorleg sjuke pasientar med særleg krevjande behandlings- og forsterka rehabiliteringsløp, og hovuddelen av pasientane er underlagt tvungen psykisk helsevern eller er dømd til behandling.

Tradisjonelt sett har denne pasientgruppa vert underlagt mykje overstyring. Med større statlig fokus på redusert bruk av tvang, ønskjer Valen sjukehus at Det rolige rommet skal bidra til auka mestring og livskvalitet hos denne pasientgruppa.

Sjå også: «Rolige rommet i Norge» (PDF 3,8MB)

 

Eining for sikkerheitspsykiatri

Sikkerheitsposten på Valen sjukehus. (Foto)Ei spesialeining med ni døgnbehandlingsplassar for vaksne menn.

Eininga har spesialkompetanse innan observasjon og behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar med særleg risiko for valdeleg åtferd overfor seg sjølv eller andre. Pasienten kan også ha problematikk knytt til alvorleg personlegdomsforstyrring, rusmisbruk og/eller psykisk utviklingshemming.

Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.

Saman med Eining for sikkerhet og rehabilitering, har eininga mange felles aktiviteter og tilbod til pasientane.

Slik jobbar vi

Prosedyre - Grunnlag for behandling innanfor Sikkerhetspsykiatri

Spesialeining barn og unge

Denne eininga er eit prosjekt med plass til éin pasient under 18 år. Prosjektet er planlagt avslutta hausten 2017.

Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 64 83. Pasienttelefon: 53 46 64 97.

Besøk

Besøk bør avtalast på førehand. Vi har eige besøksrom og eit familierom spesielt tilpassa barn.

Ambulant sikkerhetsteam

Ambulant sikkerheitsteam er ein poliklinikk for pasientar som treng behandling utan døgnopphald i institusjon. Poliklinikken AST er ein viktig del av sikkerheitkjeda for pasienter med alvorlige psykisk liding i kombinasjon med volds- og farligheitsproblematikk og skal skreddarsy opplegg for særleg resurskrevjande pasientar som har eit særleg behov for trygghet og kontinuitet i relasjonane.

Teamet består av overlege, psykolog, sjukepleiarar og sosionom. Poliklinikkens oppgåver er særleg retta mot pasientar som er under tvungent ettervern, og kan blant anna vera:

  • Koordinere og kvalitetssikre pasientens overgang mellom spesialisthelsetenesta og kommunen
  • Kartlegging, tilrettelegging og oppfølging i samarbeid med kommunen
  • Rettleiing, rådgiving og undervisning til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Koordinering av tiltak mellom spesialisthelsetenesta og kommunen

Tilvising

Pasientane må tilvisast til teamet, tilvising sendast til Valen Sjukehus ved poliklinikken AST.

Vurdering av voldsrisiko – les meir hos Sifer.no

Eining for aktivitet og livsmestring

Sikkarverkstaden Valen sjukehus. (Foto)Eininga er ei ressursavdeling som gir støtte til behandling for pasientane på dei føretaksovergripande einingane. Deltaking i aktivitet og ergoterapi er ein del av behandlinga ved Valen sjukehus. Aktivitet er med på å fremme sjølvstende og meistring av eigen kvardag, og førebygger passivitet og isolasjon. Fysisk aktivitet kan også redusere psykiske symptom og fremmer fysisk helse.

Vi legger vekt på å tilby meiningsfulle og målretta aktiviteter ut frå pasientane sine interesser, ønskjer, behov og ressursar. Vi tilbyr også ein til ein-aktivitet tilpassa den enkelte pasient. Kvar eining har ein aktivitør som har som oppgåve å tilpasse aktivitet i samarbeid med pasienten.

Gymsal Valen sjukehus. (Foto)Aktivitane inkluderer arbeidsstove, snikkarverkstad, handleturar og sosiale tilstellingar som haust- og vårfest, onsdagstreff, fotballkveld, juletrefest og båtturar

Fysisk aktivitetar kan vere Boccia, ballspel, katring, teningsrom, tugruppe og ulike ativiteter etter årstid, som ski, skøyter, kajakk, båt og sykkel.

Også kosthold og livsmestring er tema vi tar opp, og vi har kurs på treningskjøkken og lagar individuelle treningsprogram til pasientar.

Kontakt oss

Telefon einingsleiar: 53 46 65 01. Telefon aktivitetsansvarlig: 53 46 64 32. Telefon Kringlebakken arbeidsstove: 53 46 65 03.

Lærings- og meistringssenteret

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i klinikk for psykisk helsevern dekker heile Helse Fonna og har base på Valen sjukehus. Vi arbeider for å styrke pasientar og pårørande si helse og livskvalitet gjennom ulike opplæringstiltak der erfaringskompetanse og brukarmedverknad frå pasientar og helsepersonell på sjukehus er sentrale element.

Pasient- og personalundervising på sjukehuset, gruppesamtalar på enkelte postar, og temakveldar ut i kommunane der ein samarbeider med brukarorganisasjonar og kommune er blant desse tiltaka.

Også fagpersonell, studentar og elevar vil ha nytte av tilboda våre.

Sjå kurs og les meir om LMS

Terma

Målsetjinga med Terma kurs er å førebyggja at aggressive situasjonar oppstår. Det kan skje gjennom auka bevisstgjering rundt eiga rolle i situasjonar som utviklar seg i aggressiv retning.

«Møt pasienten slik du sjølv ville ynskt å bli møtt dersom du var sjuk»  - Instruktør

Minst mulig bruk av makt

  • Gjennom kunnskap om ulike tema får tilsette større trygghet i korleis dei kan førebyggja og dempa ulike situasjonar
  • Kurset har stort fokus på korleis me møter pasienten, ulike teknikkar å samhandla på, samt haldningar og etikk
  • Vedlikehald av kunnskap ved å ha repetisjonskurs, jevnlig refleksjon over praksis og gjennomføring av faste treningar.

Eit utsett arbeidsmiljø

  • Helsearbeidarar innafor psykisk helse er blant dei som oftast vert utsett for vold og truslar på arbeidsplassen. Dette kan gi fysiske og psykiske skader, sjukefråver, mistrivsel og høg turnover blant personale. På sikt kan det gå ut over kvaliteten i pasientbehandlinga.
  • Arbeidet med å auka kunnskapen hos personalet er difor viktig og nødvendig.

«Alle yrkesgrupper treng kurs. Jo fleire kurs eg har holdt som instruktør, dess meir ser eg at kunnskapen om teori og anvending av denne, betyr meir enn fysiske teknikkar.» - Instruktør

Dette kjenneteiknar sengepostar som har Terma-fokus

  • Personalet jobbar dagleg med å skapa eit godt behandlingsmiljø og få til gode relasjonar med pasientane.
  • Personalet møter pasientane på ein rolig og respektfull måte når pasienten blir grensesett eller åtferd blir korrigert.
  • Personalet prøver å forstå kva årsaker som ligg bak dersom pasientane vert sinte eller aggressive gjennom ettersamtale.
  • Posten har husreglar og rutiner i postane som me kan forklara og begrunna for pasientane.
  • Personalet formidlar tydeleg korleis me ynskjer å opptre mot kvarande, og kva type åtferd hos pasientar og personale som ikkje er akseptabel og kvifor det er slik.
  • Personalet har innarbeidde prosedyrar for korleis konfliktar og uro i posten skal møtast på ein mest mulig skånsam og trygg måte både for personalet og pasientane.
  • Personalet går jamnleg gjennom teori om terma, og har tilbod om å få trena fysisk på teknikkar i gymsalen i etterkant av kurs.
  • Personalet har støtte frå leiinga på å innarbeida Terma kunnskap og kultur, samt å få det til å fungera på sengepostane.
  • Postane har Terma ressurspersonar som er viktige medspelarar for instruktørane til å vera gode og kunnskapsrike førebilete og ivareta trening

Vite meir?

Kontakt torill.storhaug.fotland@helse-fonna.no eller telefon 53 46 64 58.

Sinnemeistring

Kurs i sinnemestring - eit behandlingstilbod for kvinner og menn som utøver vald i nære relasjonar

Vald løyser ingen problem. Den som vert utsett for vald tek skade av det. Vald gjev både fysiske og psykiske sår. Det største "såret" er angsten vald skaper. Vald drep kjensler, og derfor vil valden drepe kjærleiken. Valden smerter også for den som brukar den.

Det er vondt å leve saman når du ikkje veit om partnaren er saman med deg fordi ho/ han er redd deg, eller fordi ho/ han er glad i deg. Om det er eit mål for deg å kunne leve i eit harmonisk forhold, prega av gjensidig respekt, så er vald den dårlegaste vegen til dette målet.

Eit tilbod til deg med vald- og aggresjonsproblem

Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer. Hos oss møter du behandlarar som har god kjennskap til denne problematikken samt lang erfaring med ulike former for vald og aggresjon. I tillegg til den hjelp det kan være for den enkelte klient, trur vi det kan bidra til auka livskvalitet for andre familiemedlemmer .

Vald er ditt ansvar

Vald er ein av mange alternative måtar å reagere på. Når du brukar vald, er dette din reaksjonsform - ditt alternativ. Mange vil kjenne at det ikkje er alternativ, at det ikkje er mogeleg å reagere på anna vis, eller dei maktar ikkje å styre seg sjølv. Det fins alternativ til vald, men mange treng hjelp til å gjere seg bruk av dei.

Kva er vald?

Fysisk vald er konkrete handlingar som strekkjer seg frå halding, risting, dytting og øyrefikar - til alvorleg skadelege handlingar - i verste fall drap.

For dei som vert utsett for valden, er den fysiske skaden sjeldan det viktigaste. Det truande inntrykket og sinnet som følgjer handlingane, gjer mest vondt. Psykisk vald er handlingar-som skremmer, audmjuker og kontrollerer, eller som får andre til å kjenne seg mindreverdig og usikker.

Det vert ikkje betre, det vert verre

Valden vert ikkje borte av seg sjølv. Du må ta den alvorleg og gjere noko med den.  Dette er vanskeleg, og mange treng hjelp til denne jobben, men det finnes hjelp. 

Kontakt

Telefon
53 46 64 00
E-post
Postadresse
Sjukehusvegen 23, 5451 Valen
Valen sjukehus
Besøksadresse
Sjukehusvegen 23, 5451 Valen
Besøkstider
Besøk kan avtalast med avdelinga.
Telefon
Telefon: 53 46 64 00
måndag - fredag 07.30-15.00
Resten av døgnet og helg blir du satt over til sentralbord ved Haugesund sjukehus.
E-post

Transport Valen

​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

Praktisk informasjon

Apotek Valen

Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

Daglegvare Valen

​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine Valen

​Kantina er open 11.30-12.30. Måltid blir serverte på postane.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Parkering Valen

​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Kioskane ved sjukehusa sel ikkje tobakksvarer, men har nikotinplaster eller nikotintyggegummi. Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.