Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radiologi

Vi har fleire typar undersøkingar: røntgen, ultralyd, CT, MR, angiografi, gjennomlysing, mammografi og nukleærmedisin. Vi er lokalisert i Haugesund, på Stord og i Odda. På Haugesund sjukehus har vi i tillegg eit brystdiagnostisk senter (BDS) som spesialiserer seg innan mammografi.

Viktig informasjon til pasientar

Dersom du får innkallingsbrev til time hos oss, ber vi deg lese innkallingsbrevet nøye i god tid før timen. Nokre undersøkingar krev at du må førebu deg før timen, anten i form av blodprøvar, fasting, ein sjeldan gang tarmtømming og ved enkelte undersøkingar endring i inntak av faste medisinar.

Innkallingsbrevet finn du når du loggar deg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge.

Dersom du ikkje er forberedt til timen, vil vi måtte endre den og det kan bli lengre ventetid.

Ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00 ved spørsmål om timar. Dei har opent kl. 07.30-15.30 måndag til fredag.  Om ein ikkje møter opp til avtalt time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, får ein eit fråværsgebyr på 1612,-

Eigendelar på sjukehus og poliklinikk - Helsenorge  

Radiologiavdelinga har ei venteliste for når vi sett opp timar.

Sjå Ventetider for utredning og behandling - Helsenorge for oppdatert venteliste for dei ulike undersøkingane. Ventelistene blir oppdatert ein gong i månaden.

Du må kontakte fastlegen din for å få svar på undersøkingar. Vi sender svaret på undersøkingane dine til legen som har tilvist deg til sjukehuset. Ofte er dette fastlegen.

Sjå meir informasjon her: Undersøkelse og behandling - Helsenorge

Vi har elektronisk overføring til dei fleste sjukehus, Unilabs og Aleris​.

Viss bilda skal til anna behandlar, som for eksempel kiropraktor, kopierer vi bilde og beskriving, og sender dette til behandlaradresse.

Dersom pasienten ønsker kopi til eige bruk, må dei følgje vanleg rutine for utskrift av journal. Sjå

Pasientjournal - Helse Fonna HF

Nytten av undersøkinga er vurdert som større enn risikoen av stråling.

Du kan lese meir om Medisinsk strålebruk - DSA på nettsida til Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA).

Du kan også lese meir om sjølve behandlingane nedst på denne sida under Behandlingar, eller snakke med fastlegen din.

Vi treng å vite kva for type pacemaker du har og når den blei satt inn. Det er ikkje alle pacemakerar du kan ta MR med.

Er timen til MR booka utan informasjon om pacemaker, må timen endrast. I Helse Fonna blir desse timane berre utført på Haugesund sjukehus.

Kvinner 50-69 år blir automatisk invitert til mammografiscreening av brysta kvart andre år. Dette skjer i regi av Mammografiprogrammet. Hensikta er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium. 

Les meir om Mammografiprogrammet på kreftregisteret.no. Du kan også sjå behandlingar nedst på sida for å lese meir om sjølve Mammografi-undersøkinga.

Det er ikkje anbefalt å ta med barn til denne undersøkinga. Strålinga er sterkast rett etter det radioaktive stoffet er injisert. Etter nokre undersøkingar er det også anbefalt å ta ammepausar. Les innkallingsbrevet ditt for meir informasjon.

Det er ikkje farleg for andre reisande om du bruker kollektivtransport etter ei undersøking. På nokre flyplassar har dei sensorar som kan måle stråling. Ta kontakt med oss dersom du har behov for følgebrev/bevis på undersøkinga.

Ta kontakt med pasientreiser for å få informasjon om transport og transportutgiftar knytt til behandling, sjå Pasientreiser - Helse Fonna HF

Om avdelinga

Kva undersøkingar gjer vi?

Vi utfører røntgenundersøkingar av skjelett, lunger og mage, ultralyd, CT, MR, angiografi, gjennomlysing, mammografi og nukleærmedisin.

Vi har poliklinisk drift alle kvardagar frå klokka 08.00-15.00. Enkelte dagar har vi poliklinisk drift også på kveldstid.

Vi har akuttberedskap heile døgnet.

Kor finn du oss?

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus rett overfor Narvesen kiosken.

Kva undersøkingar gjer vi?

Vi utfører røntgenundersøkingar av skjelett, lunger og mage, ultralyd, MR og CT.

Vi har poliklinisk drift alle kvardagar frå klokka 08.00-15.00. Enkelte dagar har vi poliklinisk drift også på kveldstid.

Vi har akuttberedskap heile døgnet.

Kor finn du oss?

Du finn oss i 2. etasje på Stord sjukehus.

Kva undersøkingar gjer vi?

Vi utfører røntgenundersøkingar av skjelett, lunger og mage, CT og ultralyd .

Vi har akuttberedskap heile døgnet.

Pasientar som er tilvist frå lege kan komme på drop-in timar for skjelett- og lungeundersøking mellom kl. 08.00-14.00 måndag-fredag.

Kor finn du oss?

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus. 

Hos oss vil du møte tre ulike yrkesgrupper.

  • Radiografar tar bilde ved hjelp av røntgenstråler, ultralyd og MR-teknologi
  • Radiologane analyserer og beskriver bilda
  • Helsesekretærar organiserer tilvisingar og røntgentimer, betener telefon.
  • Avdelinga har jamleg radiografstudentar i praksis som utfører røntgenundersøkingar under rettleiing av ein erfaren radiograf.

Les meir om yrkesgruppene våre her:

Sjølvbetjent innsjekk og betaling

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

Les meir om sjølvbetjent innsjekk og betaling
Et skjermbilde av en telefon

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

      Refusjon for tømmemiddel

      Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.

      Refusjon for tømmemiddel
      En hvit boks med en hvit etikett og et glasskrus med en brun væske i