Englebarna
Ei sorggruppe for foreldre som har mista barn i mors liv eller like etter fødselen.
Å miste eit barn er noko av det verste ein forelder kan oppleve. Sorga over det døde barnet er intens.
Samstundes er også sorga stor over alt som ikkje blei. Alt det du drøymer om og planlegg under graviditeten.
Å halde seg til partner, andre barn, familie og vener kan både vere godt, men også utfordrande.
Du kan ofte kjenne deg einsam i sorga. Spesielt når det har gått litt tid. Då kan det vere ei god støtte å møte andre som har opplevd det same.
Vi har ei sorggruppe for foreldre som har mista barn i mors liv og kort tid etter fødselen. Denne kallar vi Englebarna Haugalandet.
Gruppa møtes jamleg, kvar tredje onsdag, på Haugesund sjukehus.
Mange opplev at det er godt å dele erfaringar med andre som har opplevd noko liknande. Samtalane i gruppa har som mål at du i trygge rammer skal få sette ord på eiga sorg og få forståing for korleis sorg verker inn på følelsar, tankar, kropp og relasjonar.
Gruppa drivast av jordmor og sjukehusprest. Vårt håp er at foreldra gjennom samtalane i gruppa kan få hjelp til å arbeide vidare med sorga og finne meining igjen.