Helseekspressen
Helseekspressen går i rute mellom Haugesund sjukehus og Haukeland universitetssjukehus, med retur på ettermiddagen. Ekspressbussen er i trafikk frå måndag til fredag.
Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.
Avgang frå Haugesund sjukehus
Haugesund sjukehus
07.20
Aksdal terminal
07.40
Haukås terminal
08.00
Føyno
08.25
Leirvik bussterminal
08.37
Stord sjukehus
08.50
Sandvikvåg
09.30
Halhjem
10.15
Ankomst Haukeland
10.50
Avgang frå Haukeland universitetssjukehus
Haukeland
14.25
Halhjem*
15.00
*Ankomsttidene på returen kan variere noe. Bussen tar ferje kl. 15.00, ved forsinkelser blir det ferje kl. 15.20.
Sandvikvåg
15.45
Stord sjukehus
16.10
Leirvik bussterminal
16.30**
**Hurtigbåt til Sunde båt-kai 17:05
Føyno
16.45
Haukås
17.05
Aksdal
17.20
Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.
Du kan kontakte oss på:
Telefon 05515
Våre telefontider er måndag-fredag kl. 07.30-16.00.
E-post pasientreiser@helse-fonna.no
NB! Ikkje send sensitive opplysningar som f.eks. innkallingsbrev, pr e-post. Benytt deg då av e-Dialog.
Benytt eDialog for sikker sending av e-post via ID-porten
Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog for sikker sending av e-post til Helse Fonna
Postadresse
Helse Fonna HF
Pasientreiser
Postboks 2170
5504 Haugesund
- Tre båreplassar
- 20 sitteplassar i fremre del av bussen og ein «luksusstol»
- Heis
- Handikaptoalett
- Regulerbare seter
- Medisinsk utstyr/medikament om bord
- Hjertestartar
- Utstyr for medisinsk overvaking
- Plass til rullestol
- Kald og varm drikke
- Trådlaust internett
- Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen dumpar i vegen blir ubehagelege for pasientane
Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.
Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.
Med rekvisisjon
Har du behov for tilrettelagt transport, ta kontakt med din behandlar for rekvirering.
Utan rekvisisjon
Har du ikkje har rekvisisjon bestiller du turen hos Pasientreiser, på telefon 05515. Innkallingsbrevet visast i bussen.
Det kan leggast inn seriebehandling for fleire reiser samtidig.
Alle bestillinger til Haukeland skal bestilles seinast verkedagen før, innan kl. 13.00.
Ved stor pågang kan bestilling stoppes litt tidligare for pasienter utan rekvisisjon. Skal du tur og retur same dag får du plass på Helseekspressen begge veier. Dette gjelder også deg som ikkje har rekvisisjon.
Returpasienter fra Haukeland utan rekvisisjon kan henvende seg i ventearealet ved Haukeland Sjukehus eller ringe 05515 for bestilling av transport med Helseekspressen.
Pasienten kan sette seg på venteliste og får bli med Helseekspressen dersom det er ledig plass fra ca. kl. 13:30.
Om du blir innlagt eller ikkje er klar til returreise i tide
Blir du innlagt eller kjem for seint til avgangen frå Haukeland, gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.
Med rekvisisjon: Om du har rekvisisjon og skal reise tur og retur same dag, men ikkje er klar når Helseekspressen kjører, må du gi beskjed til pasientreiser på 05515. Då gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.
Uten rekvisisjon: Har du ikkje rekvisisjon må du ta Kystbussen heim om du er sein til returavgangen.
Pasienter som har bestilling på tur og retur same dag, men som ikkje blir ferdig når Helseekspressen går, må gje beskjed umiddelbart til pasientreiser på 05515 om dette.
Pasienter utan rekvisisjon må ta Kystbussen i retur.
Det må vere medisinsk vurdert av behandler at ledsager er nødvendig på sjølve reisa.
Ynskjer pasienter utan rekvisisjon å ha med pårørande må dei ta Kystbussen saman.
Eventuelt kan pasient bli med Helseekspressen, medan pårørande tar Kystbussen og møter pasient på Haukeland. Kystbussen går parallelt med Helseekspressen.
Alle må betale eigendel etter satsane som er satt for det gjeldande året. Personar med frikort, ledsager og barn under 16 år slepp å betale eigendel.
Egenandel og satser for pasientreiser - Helsenorge
I bussen er det komfortable seter, samt tilgang på varm og kald drikke. Det er personale tilgjengeleg på bussen som kan hjelpe til med å bestille drosje vidare frå stoppestaden, eller bestille portør som møter pasient ved ankomst Haukeland.
Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan sjukepleiar ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden.
Det er billigare enn å nytte Kystbussen, og ein slepp å sende reiseoppgjør i etterkant.