Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativt team

Vi gir lindrande (palliativ) behandling til pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast.

Kva er palliativ behandling?

Palliativ behandling er behandling som har fokus på lindring, pleie og omsorg for pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast.

Dette kan vere

  • Tiltak retta mot fysiske plager som for eksempel smerter, kvalme eller tungpust
  • Tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelege/eksistensielle behov

Palliativ behandling ser heile mennesket og behandlinga er individuelt tilpassa pasienten og pårørande sine eigne ønskjer og behov. Det vil sei at behandling og oppfølginga varierer, og i nokre tilfelle kan oppfølginga være langvarig.

Palliativt team

Palliativ team består av lege, sjukepleiar, prest, fysioterapeut og sosionom som arbeider tett saman for pasient og deira pårørande. Vi har eit nært samarbeid med dei ulike avdelingane ved Haugesund sjukehus, og med fastlege, sjukeheim, heimesjukepleie, kreftkoordinator og andre sjukehus.

Kva gjer vi?

Vi i palliativt team følgjer og behandlar pasientane der dei er: på sjukehus, sjukeheim eller heime. Vi skal bidra til best mogleg livskvalitet og tryggheit for pasient og pårørande.

Våre oppgåve

  • Kartlegging av pasient og pårørande sitt behov
  • Tiltak og behandling individuelt tilpassa pasienten og pårørande sine utfordringar
  • Oppfølging via telefon, polikliniske konsultasjonar, tilsyn på sjukehus eller sjukeheim og heimebesøk
  • Open telefonkontakt med teamet på kvardagar
  • Bidra til god informasjonsflyt mellom samarbeidspartnarar, pasient og pårørande
  • Familiesamtalar/samtalar om ønskeleg med pårørande

Kvifor palliativ behandling?

Pasient og pårørande skal oppleve tryggheit og meistring i kvardagen der dei er. Vi ønskjer å legge til rette for god heimetid og meiningsfullt samvær med pasienten sine pårørande. Vi støtter pasienten i sitt ønske om kvar ho eller han vil dø, og om dette er heime eller på institusjon.

Kven får palliativ behandling?

Pasientar med behov for palliativ behandling kan tilvisast palliativt team, uavhengig av diagnose og alder.

Kven kan tilvise til oss?

Lege på sjukehus, fastlege eller sjukeheimslege.

Kontakt oss

Ta kontakt via sentralbordet på telefon 52 73 20 00.

Du er velkommen til å ta kontakt med oss måndag til fredag, mellom 9.00-15.00.

Kontakt

Døgnopent sentralbord

Slik finn du fram

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund