Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Overnatting for foreldre på Nyføddintensiv

Alle barn har rett til å ha minst ein av foreldra sine saman med seg når dei ligg på sjukehus. Vi prøver så godt vi kan å leggje til rette for at begge foreldra kan overnatte.

Familierom

Vi har seks familierom som høyrer til avdelinga. Romma varierer i storleik og funksjon. Har vi ikkje ledig familierom, vil vi finne annan overnattingsmoglegheit for mor og eventuelt den andre foreldra så nær som mogleg avdelinga. På grunn av at romma har forskjellige funksjonar, kan det bli behov for omrokkering på rom og de vil då måtte bytte rom under opphaldet.

Når de bur på familierom, reknast ikkje mor som pasient lenger. Det betyr at mor skal vere utskrivingsklar frå føden før ho kan flytte over til oss.

Søsken og overnatting

Her på nyføddintensiv har mange av våre pasientar søsken, som har venta spent saman med familien på når det nye familiemedlemmet skal kome til verda. Skuffelsen kan dermed vere stor når ting ikkje går heilt etter planen, og at foreldra blir verande på sjukehuset lenger enn planlagt, kanskje over fleire månader.

Vi på nyfødtintensiv prøver difor å tilrettelegge for at søsken skal få komme på besøk og hilse på lillebror eller lillesøster. Det er også moglegheiter for å få sove på familierom saman med foreldra dersom det er ønskeleg. Dette kan hjelpe på separasjonsangst, og at dei framleis får den merksemda dei treng.

Å få eit nytt søsken kan skape mykje sjalusi, og vi meiner difor det er viktig å inkludere dei slik at dei både kan få helse på, og samstundes få alenetid med foreldra. Vi har ein liten lekekrok utanfor kuvøsestua, samt moglegheit for å låne Nintendo Switch og Apple TV.

Dersom søsken skal komme på besøk, er det derimot viktig at dei er heilt friske, då det er svært viktig å ikkje smitte vår pasientgruppe. Barn som går i barnehage, skal skifte klede og vaske seg godt før dei kjem til avdelinga. Det er og viktig at barna er rolege når dei er inne i kuvøsestua, då mange av våre babyar ikkje tole høge lydar.

Det er dessverre berre foreldra som har krav på å få mat når dei er på sjukehuset. Ein må difor ta med eigne måltid dersom søsken skal sove på avdelinga. Det er derimot kjøleskap på romma for oppbevaring av mat, samt mikroomnar og vasskokar tilgjengeleg.

Hygiene og orden på rommet

De må leggje på sengene sjølve når de får tildelt rom. Sengjetøy skal skiftast kvar veke, og oftare ved behov. Nytt sengjetøy finn de i skap i gangen utanfor nyføddintensiv.

På familieromma er det eit skap med kleshengar og hyller der de kan oppbevare klede og andre ting. Hald rommet ryddig og ikkje setje ting på golvet, då golvet er rekna som ein skitten sone og reinhaldspersonell skal ha moglegheit til enkelt å vaske golva.

Reingjering blir gjort på golva måndag-laurdag av reinhaldspersonell.

Blir de buande over ein lengre periode, må de sjølv sørge for å til dømes tørke støv og vaske over kjøleskapet.

Skittentøy kastar de i tøysekkar på rommet (lånt ull må leverast inn til avdelinga), og når den er full, tek de den med til avfallsrommet. Søppel blir teke av reinhaldspersonell seks dagar i veka, men på søndag må dette takast til avfallsrom sjølv. Panteflasker kan de gi til avdelinga eller sørge for å pante sjølve.

Klede vaskast helst heime hos de sjølve, men dersom de har lang reiseveg, kan de låne vaskemaskin på avdelinga. Spør ein sjukepleiar om hjelp til å finne vegen.

Mange ønskjer å gi ein blomsterhelsing når dei besøkjer ein pasient på sjukehuset, men på grunn av infeksjonsfare og allergiar er nokre avdelingar blomsterfrie. Blomster, jord og vatn kan innehalde bakteriar. Difor tillèt ingen intensivavdelingar blomster verken på avdelinga eller på foreldrerom.

WC og dusj

Det er WC og dusj på gangen utanfor familierom 6 og WC på gangen utanfor familierom 3. Desse romma blir også brukte av dei som bur på barsel sine familierom.

Familierom 1 kan bruke WC og dusj på barneavdelinga på natta då dørene er låste ut til dei andre romma på natta.

Mat til foreldra

Begge foreldra har rett til å få mat medan barnet er innlagt på nyføddintensiv.

Foreldra våre bruker kantina i 3. etasje ved barneavdelinga. Her vert det servert frukost, lunsj og middag. Sen kveldsmat blir sett i kjøleskapet på tekjøkkenet utanfor foreldreromma samtidig som kveldsmat blir servert i kantina.

Vi bestiller middagar kvar dag etter kor mange som skal ha middag. De har sjølv ansvar for å skrive dykk opp på tavla som heng på veggen på veg inn til avdelinga kvar dag. Kvar morgon rundt kl. 9 bestiller vi middag og stryk deretter ut middagsbestillinga slik at de kan skrive dykk på for neste dag. Det vert hengt opp middagsliste kvar søndag slik at de kan sjå kva som er til middag.

Det er eit lite tekjøkken utanfor familierom 6. Her er det mikrobølgjeomn, kaffemaskin, kjøleskap og oppvaskmaskin. De kan bruke tekjøkkenet fritt, men de må halde orden, då det ikkje er kjøkkenpersonale som tek seg av det rommet. Bruker de oppvaskmaskinen, må de sørge for å sette den på, og ta ut av etterpå. Fat, glas, bestikk osv. skal alltid takast med tilbake til kantina.

Kantinar 

Opningstider kantine i 3. etasje

Frukost: kl. 08.00 – 09.30

Lunsj: kl. 11.30 – 13.00

Middag: kl. 14.15 – 15.45

Kveldsmat: kl. 18.30  –19.30

Opningstider kantine i 6.etasje

De er velkomen til å bruke kantina i 6. etasje, men ver merksam på at de da må betale sjølv.

Kvardagar: kl. 09.30 – 15.15

Helg og heilagdagar: Stengt

Opningstider Narvesen kiosk i 1. etasje

Kvardagar: kl. 06.30 – 21.00

Laurdag: kl. 09.00 – 21.00

Søndag: kl. 10.00 – 21.00

Brannsikkerheit

Gjer deg kjend med rømningsvegar og kvar du er på kartet som heng på veggen på familierommet.

Hovudregelen er at dersom brannalarmen går, skal du umiddelbart gå inn til barnet ditt i avdelinga, slik at vi får kontroll på alle. Har du barnet med deg på rommet på overvaking, koplar du barnet frå overvakinga og kjem inn, eventuelt ta den lille skjermen med deg dersom du veit korleis du gjer det.

Det er IKKJE tillate med stearinlys eller annan eld på rommet.

Overvaking av barn på familierom

Dei fleste barn vil ha behov for overvaking av puls og metning, også når dei er på foreldrerom. Sjukepleiarane kan overvake barnet på skjerm i avdelinga slik at dei får med seg det som skjer.

Dei siste dagane før heimreise vil barnet mest sannsynleg vere utan overvaking.

Alle familierom har ei raud ringesnor. Denne snora skal berre dragast i dersom det er avtalt med sjukepleiar på vakt. Vi har ofte ikkje moglegheit til å gå frå avdelinga.

Dersom det skjer noko akutt med barnet, ta barnet raskt inn til avdelinga.

Besøk på rommet

Alle besøkande skal vere heilt friske og ikkje vere utsett for kjend smitte.

Besøkande må ha god handhygiene.

Vi har ikkje besøkstid på familierommet, men skal dei inn i avdelinga og hilse på barnet, må de avtale det med sjukepleiar først.

WIFI og Apple TV

Logg inn på gjest.ihelse.net for å få tilgang på wifi.

Vi har kjøpt inn Apple TV for gåvepengar til avdelinga. Foreldre kan låne desse til å ha på rommet. Hugs å logge av og levere inn igjen Apple TV før heimreise.

Samsoving

Vi anbefaler ikkje samsoving så lenge de bur på familierom, då romma ikkje er tilrettelagde for dette. I tillegg frårådes det å samsove med for tidleg fødde barn.

Ved samsoving bør du følgje desse råda:

  • At mor/far ikkje røyker eller snusar
  • At barnet ikkje er fødd for tidleg
  • At mor/far ikkje er påverka av alkohol, andre rusmiddel eller sløvande medikament
  • At foreldresenga er brei og har ei fast madrass
  • Barnet må ha eigen liten og lett barnedyne (unngå pute osv.)
  • Sørg for at barnet ikkje kan trille ut eller falle ned i ein sprekk
  • Spedbarnet må ikkje sove i mageleie på mors (eller fars) bryst medan ho (han) søv. Den auka risikoen for krybbedød som oppstår når spedbarn søv på magen, gjeld også i denne situasjonen.

Kjelde: Sørg for forsvarleg samsoving - Landsforeningen uventa barnedød (LUB)

Avreise

  • Rydd rommet heilt fritt for ting
  • Ta av sengjetøy og legg det og eventuelt anna tøy i skittentøyssekken.
  • Beskyttelseslakenet kan du la ligge på, då dette ikkje skal i skittentøyssekken.
  • Sjekk at du har tatt med deg tinga deira frå senga til barnet. Fødekortet og namneband er fine minner å ha med seg heim.
  • Alle strikka ting som ulltepper, ullsokkar og ullue som barnet ditt har brukt, er no dykkar og kan takast med heim. Bodyar og anna ikkje-strikka tøy leverast inn til avdelinga. Takk til Amandaprosjektet og andre privatpersonar som strikkar til avdelinga vår.
  • Tøm kjøleskapet og sjekk at de har tatt med dykk eventuell fryst morsmjølk frå frysen på rommet.
  • Lever inn pumpeutstyr og pumpa.
  • Lever nøkkelen tilbake til avdelinga.
Sist oppdatert 17.02.2025