Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva kan du forvente når barnet ditt blir fødd i veke 28-32

Informasjon til komande foreldre og foreldre til for tidleg fødde barn:

Kuvøse 

Dei minste barna blir lagde i ei kuvøse som er både varm og fuktig. For tidleg fødde barn har umoden temperaturregulering og treng hjelp for å halde varmen. Dei har òg tynn hud som treng fuktighet. Etter kvart blir dei lagde i varmeseng, og seinare over på vanleg seng. 

Utstyr 

Nyføddintensiv har mykje teknisk utstyr. Det kan vere skremmande for foreldre å sjå barnet sitt med slanger og ledningar festet til kroppen, og å høyre apparat som stadig alarmerer.

Utstyret er viktige hjelpemiddel for å overvake og behandle barna. Det gir oss informasjon om barnet sin tilstand, slik at vi kan følge med på endringar og sette inn tiltak når det trengst.

Mange kan bli redde når alarmane piper, og tenkje at pleiarane ikkje reagerer raskt nok. Hugs at ikkje alle alarmar er like alvorlege, og at sjukepleiarane kjenner lydene godt. Nokre gonger skjer det falske alarmar, til dømes om barnet er uroleg. 

Pusting 

Barn fødd i veke 28-32 har ikkje heilt ferdig utvikla lungene. Dei vil ofte ha ein "knirkande", tung pust, som betyr at lungene er stive. I denne perioden kan CPAP (continuous positive airway pressure) hjelpe til med å halde lungene opne, så det blir lettare for barnet å puste.

CPAP-masken eller prongen ligg over, eller i, nasen til barnet og er festa til ei spesiallaga lue. Gjennom CPAP-en kan barnet få oksygen om det treng det.

Behandlinga med CPAP kan vare frå nokre dagar til fleire veker, avhengig av kor stive lungene er. Nokre barn født i veke 28-32 treng òg medisin for å modne lungene (Curosurf). Denne medisinen blir gitt gjennom eit plastrør som går ned i luftrøyret.

Når legane gir Curosurf, blir barnet bedøvd. Etterpå kan plastrøret ofte fjernast, men nokre barn treng respirator i kort tid. Når barnet har fått denne behandlingen (CPAP, Curosurf eller respirator), vil lungene gradvis bli meir normale. 

Mat 

Barn fødd i veke 28-32 kan ikkje amme effektivt i starten, så dei får ikkje i seg mat på eigen hand. Når barnet er for umogent eller sjuk til å ete sjølv, får det mjølk gjennom ei sonde (ein liten plastslange som går gjennom nesen og ned i magesekken).

Melka barnet får på sonde, er morsmjølk som mor har pumpa. Før mor har fått opp melkeproduksjonen, får barnet morsmjølkerstatning eller donormelk. Dei minste barna får i starten næring gjennom ein veneflon (slange inn i blodårene).

Etter kvart kan barnet begynne å få maten sin gjennom amming. Vi veit at for tidleg fødde barn har like gode sjansar som fullt utvikla barn til å fullamme. Veien til fullamming startar med at barnet blir lagt hud-mot-hud med mor.

Etter kvart kan barnet få legge seg til brystet for å lukte og smake på mjølka. Mor og barn vil få hjelp og råd frå sykepleiarane når amminga startar. Ved termin vil dei fleste for tidleg fødde barna klare å fullamme. 

Gulsott 

Dei fleste for tidleg fødde barn får gulsott. Gulsott er ufarlig, men treng behandling. Barnet kan bli trøytt og slapt. Gulsott blir behandla med lys (fototerapi), som er heilt ufarlig. Barnet ligg i senga eller kuvøsen med lys over eller under seg. Barnet skal vere mest mogleg avkledd for å få mest mogleg lys på kroppen. For å beskytte augo mot det sterke lyset, får barnet på seg "solbriller". 

Varigheit for innlegging

Barnet blir trolig innlagt fram til termin eller tett opp mot den. Når barnet kan ete all maten sjølv og legg på seg, er det klart for å reise heim.

Nokre barn treng oppfølging etter at dei har reist heim. Det finst eit tilbod der NAST (nyfødt ambulerande sykepleier-team) kan følgje opp familien heime når barnet er klart for å slutte med respirasjonsstøtte og berre treng trening på å ete. Det finst visse krav for å få dette tilbodet. Les meir om tilbodet på Heimeoppfølging av nyfødde - Helse Fonna HF

Sist oppdatert 19.02.2025