Hygiene på Nyføddintensiv
For tidleg fødde barn og sjuke nyfødde er ekstra sårbare for smittsame sjukdommar. God hygiene er difor viktig. I sjukehusmiljøet er det fleire og meir motstandsdyktige bakteriar enn heime hos dykk sjølve. Nokre bakteriar er meir aggressive og kan føre til alvorlege infeksjonar.
Alt som fell på golvet blir rekna som ureint, og må difor enten kastast eller vaskast.
Ved sjukdom
Ingen må gå inn på avdelinga dersom dei er sjuke med feber, oppkast, forkjøling, diare eller har vore i kontakt med barn som har barnesjukdommar. Foreldre som er forkjølte kan vere hos barnet sitt dersom dei har på munnbind.
Reinslegheit
Ta av ringer, klokker og armband før du går inn i avdelinga og før du går i gang med handvask og handdesinfeksjon.
Sørg for at neglene er reine, kortklipte og utan naglelakk. Bakteriar som samlar seg i smykke, ringer og under negler er oftast ufarlege for friske barn og vaksne, men kan gi sjukdom til svekka og for tidleg fødde barn.
Vi forventar at de under opphaldet dusjar kvar dag og har på reine klede. De kan låne sjukehusklede på avdelinga som de byter ut kvar dag.
- Parfyme eller anna som luktar sterkt er ikkje anbefalt.
Kosedyr
Av hygieneårsaker anbefaler vi at talet på kosedyr vert avgrensa til eitt i senga. Dette skal vaskast før det takast med inn på avdelinga. Dersom de ønskjer å bruke eigne tepper og klede til barnet, skal desse også vaskast før dei takast med inn.
Blomster
Mange ønskjer å gi ei blomsterhelsing når dei besøkjer ein pasient på sjukehuset, men på grunn av infeksjonsfare og allergiar er nokre avdelingar blomsterfrie. Blomster, jord og vatn kan innehalde bakteriar. Difor tillèt ingen intensivavdelingar blomster verken på avdelinga eller på foreldrerom.
Mobiltelefonar
Mobiltelefonar som takast med inn i avdelinga skal tørkast over med 70 % vaskesprit. Dette er på grunn av smittefare. Mobiltelefonar skal vere sett på lydlaus. Vi ønskjer minimal bruk av mobiltelefon av omsyn til barna på avdelinga. Hugs at barnet treng din merksemd.
Riktig handhygiene
Vi har to forskjellige måtar å gjere hendene våre reine på:
- Handdesinfeksjon med sprit
- Grundig handvask med såpe og vatn. Handdesinfeksjon med sprit er mest effektivt, og det vi anbefaler å bruke. I nokre situasjonar skal du likevel gjere handvask:
- Dersom hendene er synleg tilsølte
- Etter toalettbesøk
- Før måltid
- Før og etter at du har pumpa mjølk.
I alle andre situasjonar bruker du handdesinfeksjon! (Alt henta frå SUS).
Handvask med såpe og vatn
- Bruk totalt 40-60 sekund.
- Fukt hendene med vatn.
- Tilfør tilstrekkeleg såpe til å dekkje begge hendene sine overflater.
- Gni handflatene mot kvarandre.
- Gni høgre handflate over venstre handbak inkludert mellom fingrane og motsett.
- Gni handflatene mot kvarandre med fingrane flette.
- Gni baksida av fingrane mot motsett handflate, med samanlåste fingrar.
- Grip med høgre hand rundt venstre tommel og gni med roterande rørsler og motsett.
- Plasser fingrane på høgre hand i venstre handflate og gni i roterande rørsler, og motsett.
- Skyl hendene under rennande vatn.
- Tørk hendene grundig med eingongshandkle.
- Benytt handkle til å skru av vatnet.
Vask med handdesinfeksjon (alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel)
- Bruk totalt 20–30 sekundar.
- Tilfør tilstrekkeleg handdesinfeksjonsmiddel til å dekkje begge hendene sine overflater.
- Gni handflatene mot kvarandre.
- Gni høgre handflate over venstre handbak inkludert mellom fingrane og motsett.
- Gni handflatene mot kvarandre med fingrane flette.
- Gni baksida av fingrane mot motsett handflate, med samanlåste fingrar.
- Grip med høgre hand rundt venstre tommel og gni med roterande rørsler og motsett.
- Plasser fingrane på høgre hand i venstre handflate og gni med roterande rørsler, og motsett.
- Når hendene er tørre, er dei reine.
- Dersom hendene kjennest tørre før det har gått 10–15 sekund, har du truleg brukt for lite handdesinfeksjonsmiddel.