Nyføddintensiv
Gode råd ved heimreise
Er det snart tid for at barnet dykkar skal skrivast ut frå nyføddavdelinga? Vi håpar desse råda vil vere nyttige når de kjem heim.
Endeleg skal de reisa heim og vera ein "vanleg" familie. For mange er dette noko de har vore klare for lenge.
For andre kan det verka skremmande å ha ansvaret for barnet som har lege kortare eller lengre tid på sjukehuset.
Det tek som regel litt tid før ein finn rytmen og kjenner seg heilt fortruleg med situasjonen.
Vi håpar at de har fått moglegheit til å bli kjend med barnet dykkar i avdelinga, og lært å kjenna signala til barnet.
Då er de velkommen til å ta kontakt med nyføddintensiv avdeling den første veka etter utskrivinga.
Du kan nå oss på telefon 52 73 23 70.
Kom gjerne med store og små spørsmål, eller tankar som du har omkring ditt for tidleg fødde barn.
På nyføddavdelinga har barnet vore i eit miljø med mykje sanseinntrykk og stimuli. Personalet på avdelinga har prøvd å redusera stimuli mest mogleg. Barnet kan ei tid etter utskrivinga vere prega av å ha vore i eit miljø med til tider mykje lydar, lys og andre stimuli.
Det kan de merka til dømes ved at barnet reagerer med uro og mistrivsel på nye situasjonar og nye omgivnader. Det er no svært viktig at de legg vekt på normal kontakt og samspel når de kjem heim. Barnet treng mykje fysisk og psykisk kontakt og samvær med mor/far/søsken for å utvikla seg. Men det har også behov for ro og pausar innimellom.
Når barnet græt, er det ikkje nødvendigvis fordi det er svolte. Kanskje det vil ha kontakt med deg? Eller kanskje det treng litt ro, fred og pause frå omgivnadene? Øv deg på å tolka ditt barns signal! Dette krev øving fordi signala er ofte kortvarige og uklare. Men det er viktig at de prøver å finna ut av dette. Slik lærer barnet at det kan vera med på å påverka omgivnadene sine. Det er derfor lurt å verna for tidleg fødde barn mot for mange påverknader samtidig.
Det kan de gjera ved å:
- ha ein roleg og regelmessig rytme i kvardagen.
- introdusera barnet for nye menneske og nye
- omgivnader gradvis
Barn med fødselsvekt over 1000 gram eller GAV 28 veker, og som har hatt eit ukomplisert forløp i nyfødtperioden, blir følgt opp med vanlege konsultasjonar på helsestasjonen i heimkommunen.
Barn med fødselsvekt under 1000 gram eller GAV 28 veker blir følgde opp med vanlege, ev litt hyppigare konsultasjonar hos helsesøster og lege på helsestasjonen.
I tillegg blir barn med fødselsvekt under 1000 gram følgt opp på Barnepoliklinikken på sjukehuset etter følgjande skjema:
- 1-2 månader etter utreise: time hos lege på barnepoliklinikken
- 6 månader korrigerte alder: time hos lege på barnepoliklinikken
- 12 månader korrigerte alder: time hos lege på barnepoliklinikken
- 2 år kronologisk alder
- 5 år kronologisk alder
Utover dette blir barnet evt. følgt opp etter individuell vurdering.
Lær barnet å sovna av seg sjølv
- Det bør unngåast at barnet vender seg til å sovna med brystet eller flaska i munnen Ikkje vogge, rugga eller klappa barnet i søvn
- Nokre barn græt litt før dei sovnar, dette er normalt
Nattmåltidet: Mat ikkje kos
- Det bør berre givast mat om natta (kos verkar som påskjønning)
- Helst ikkje nattmåltid til barn over 6 mnd. Alder (korrigert alder)
- Det er ikkje nødvendig med bleieskift om natta viss huda er fin og barnet ikkje har hatt avføring.
Unngå å ta barnet opp viss det vaknar
- Forsøk å roa barnet i senga med stemme eller berøring
- Evt. Bleieskift i senga viss
- nødvendig
- Å ta barnet opp i foreldresenga blir lett ein vane
- Viss barnet blir amma er det ofte betre at faren prøver å roa barnet (når ein skal slutta med nattmåltidet er dette spesielt viktig).
Når barnet reiser heim frå nyføddavdelinga, får det morsmjølk eller morsmjølkerstatning. Vi anbefaler sjølvregulering ved amming, men maksimalt 4 timar mellom måltidene til barnet er 3,5 kg.
Gi mat cirka kvar 4. time når barnet får morsmelkerstatning. Det er ikkje nødvendig å vekkje barnet om natta for å gi mat, men dei aller fleste barn vil ha eit nattmåltid.
For barn som er født mykje for tidleg, kan de starte med tillegg av fast føde frå 2-4 månader korrigert alder, eller 4-6 månader etter fødselen. Dette må vurderast etter barnets vekst og trivsel.
Diskuter med helsesøster før du begynner. Nokre premature barn kan ha problem med å svelge og kan lett brekke seg. Bruk tid og lag maten tynn som velling, og gå gradvis over til meir normal konsistens.
For å unngå at barnet vegrar seg mot nye smakar og konsistensar, er det viktig å ikkje vente for lenge med å introdusere fast føde for premature barn.
Det blir anbefalt at for tidleg fødde barn får dei vaksinene som er i vaksinasjonsprogrammet. Vaksinene blir gitt til vanleg tid, det vil seie etter kronologisk alder.
Det er viktig at barna får desse vaksinene for å unngå smitte. Vaksinene blir gitt på helsestasjonen.
Fastlege
I tillegg til å gå på helsestasjonen må barnet ha fastlege. Dersom ikkje noko anna er avtalt, vil barnet få same lege som mor har. Egen lege brukar ein når barnet er sjukt.
Gode søvnvanar
- Finn ein rytme eller eit ritual for sengetid (natt)
- Gradvis nedtrapping av aktivitet (rolig før sengetid)
- Marker forskjell på dag og natt (nattøy, mørkt rom)
- Bading om kvelden kan vere søvndyssande (eller omvendt)
- Gjenta det same ritualet kvar kveld
- Forsøk å halde fast leggetid (lørdag som kvardag)
Unngå at barnet blir overtrøtt
- Regelmessige og faste sovetider på dagen
- Begrense inntrykk og aktivitet om kvelden
- Bør ikkje kutte ut dagsøvn (i håp om betre nattesøvn)
Alle barn får tilbod om kontakt med helsestasjonen der dei bur. Helsestasjonen har blant anna helsesøster og lege. I tillegg har dei kontakt med andre instansar i kommunen, for eksempel fysioterapeut.
Helsestasjonen har mange oppgåver og tilbod. Dei driv blant anna med helseopplysning, foreldreveiledning, helseundersøkingar og vaksinering. Målet for helsestasjonen er å fremje god helse blant barn og unge.
Mange av dykk har fått kontakt med helsesøster medan barnet har vore innlagt på sjukehuset. Frå fødeavdelinga har helsestasjonen fått fødselsmelding. Dei får tilsendt helsestasjonsrapport frå sjukepleiar og epikrise frå lege når barnet vert utskrive frå nyfødtavdeling. Her vert barnets forløp og behandling beskrevet, samt eventuelle beskjedar om ting som skal følgjast opp på helsestasjonen.
Når du kjem heim, kan helsestasjonen brukast til rettleiing og rådgiving om alle spørsmål du måtte ha i samband med barnet ditt. For eksempel om ernæring/amming, sår brystvorter, vektkontroll, søvn, sår hud, motorisk og mental utvikling, samspel og kontakt. Nokre helsestasjonar har grupper for nybakte foreldre. Spør på di helsestasjon.
På grunn av låge jerndepoter og rask vekst, treng for tidleg fødde barn tilskot av jern og vitaminar.
Jern
For barn som er fødde med vekt under 2500 gram, får dei tilskot av jern (Neo Fer mikstur) frå 6 veker til 1 års alder.
Vitaminar: Nycoplus eller eit anna multivitaminpreparat får barnet i det første leveåret. Dette kan byttast ut med tran frå 4–6 veker etter korrigert alder.
Du får resept på desse tilskota før du reiser heim.
Temperatur
Når de kjem heim, treng du vanlegvis ikkje å gjere noko anna enn det du ville gjort om barnet var fødd til vanleg tid.
På nyføddavdelinga er det ekstra varmt, men heime kan du ha vanleg stuetemperatur. På soverommet bør temperaturen ikkje vere høgare enn 18 grader C, men heller ikkje for kaldt.
Kle barnet etter temperaturen, og gjerne ha på ei lue på soverommet. Legg ikkje barnet rett under eit opna vindauge.
For å førebygge krybbedød, er det anbefalt at barnet ligg på rygg til det kan snu seg sjølv. Pass på at hovudet ligg vekselvis til høgre og venstre.
Bruk sunn fornuft når du tek barnet ut på trilletur. Sjekk gradestokken og ta hensyn til vinden. Når gradestokken viser under -10 grader C og det er sterk vind, er det best å halde barnet inne. Auka tida de er ute gradvis.
Du kan sjølvsagt ta barnet ut i bilen straks.
For trafikktryggleiken er det best for barnet å sitje i ein bakovervend spedbarnsstol, der kollisjonsbelastninga blir fordelt over heile ryggen. Barna skal likevel ikkje sitje for lenge i stolen. Fysioterapeutar tilrår at barnet maks sit 30 minutt om gangen i starten.
Sjå eigne brosjyrar for korleis barn skal sikrast i bil, eller besøk nettsidene til Trygg Trafikk på Skjerm i bil – til hjelp eller besvær? - Trygg Trafikk
Nokre av dei minste for tidleg fødde barna kan vere spesielt utsette for smittsomme sjukdomar etter at dei kjem heim frå sjukehuset.
Unngå å utsetje barnet for unødvendig smitte:
- Unngå besøk frå barn og vaksne som er sjuke eller forkjøla.
- Unngå å ta barnet med til stader med høgare risiko for smitte, som kjøpesenter, store samlingar osv.
Er foreldra eller søsken sjuke:
- Ha god handhygiene.
- Unngå å hoste eller nyse i nærleiken av barnet.
- Unngå å kysse det lille barnet.
Premature barn har ofte lungeproblem i nyfødtperioden. Nokre har vore i respirator, og nokre har hatt behov for oksygen i fleire veker. Alle spedbarn, spesielt premature, har følsame slimhinner i luftvegar og lunger.
Dei er derfor meir utsette for lungesjukdommar som til dømes bronkitt og lungebetennelse.
Tobakkssjøk irriterer luftvegane, og derfor må ein unngå røyking i rommet eller heimen der barnet er.
Forskning har vist at nikotininnhaldet er fire gongar høgare i morsmjølk enn i mors blod.
Dette er ein god grunn til å slutte å røyke. Klarer du ikkje det, er det best å røyke rett etter amming når brystet er tomt. Då går mest mogleg nikotin ut av kroppen før ny mjølk blir produsert til neste måltid.