Ernæring og tilskot av vitamin og jern til barn med fødselsvekt under 2500 gram
Barnet ditt blei født for tidleg, eller var lite for alderen ved fødselen. Då er det viktig å gi barnet ekstra jern og vitamin, og følgje med på ernæringa.
Barnet kan ha fått mat på sonde på nyføddavdelinga og har så vidt byrja å ete sjølv. I løpet av dei første seks månadane vil barnet trenge omtrent 12-15 prosent av vekta si i mjølk per dag, men det kan variere.
Vektauken til barnet er viktig og bør sjekkast kvar veke dei første vekene heime. Vanleg vektauke er 100–200 gram per veke. I starten kan vekta auke litt mindre. Lengda og hovudet til barnet bør også målast jamleg på helsestasjonen.
Fast føde bør bli introdusert når barnet er mellom 5–8 månader gammalt (kronologisk alder), og har fylt 3 månader korrigert alder. Når barnet er klart for fast føde, er det viktig å tilpasse tidspunktet etter barnet si utvikling. Dersom barnet ikkje går opp i vekt, eller verkar svolten sjølv om det får mange måltid med mjølk, kan det vere eit teikn på at barnet treng fast føde. Vanleg kumjølk bør ikkje gis før barnet er 1 år med korrigert alder.
Om vitamin D
Alle norske barn bør få tilskot av vitamin D i heile det første leveåret, og også etter det. Dette gjeld spesielt barn med fødselsvekt under 2500 gram, og særleg dei som berre får morsmjølk (som har lite vitamin D). Morsmjølkerstatning er berika med vitamin D, og dersom barnet får minst 600 ml morsmjølkerstatning per dag, treng det ikkje ekstra vitamin D. Dosering av vitamin D finn du lengre nede.
Om jern
Barn som er født med ein vekt under 2500 gram vil ofte utvikle blodmangel (jernmangelanemi) i løpet av første leveår, dersom dei ikkje får ekstra jerntilskot. Jern er også viktig for den mentale utviklinga til barnet. Difor anbefaler vi jerntilskot frå barnet er 4 veker gammalt og til det blir 1 år. Barn som veide mellom 2000–2499 gram kan slutte med jerntilskot ved 6 månader, dersom dei et grøt.
Dosering av jern finn du lengre nede. Jern kan gi mørk farge på avføringa og av og til magesmerter. Dersom barnet får mykje magesmerter, kan du prøve å redusere dosen. Det er aldri anbefalt å slutte heilt med jern før barnet er 6 månader gammalt. Om jernet blir slutt, bør barnet få sjekka blodprosenten (Hb + MCV) og eventuelt jernlageret (ferritin) hos fastlegen.
Jerntilskott og D-vitamin til barn
Barn som berre får morsmjølk
Jerntilskott bør gis frå 4 vekers alder. Namnet på produkta kan endre seg, men desse to produkta doserast likt: Niferex og Glutaferro.
Dosering etter vekt:
1500–3000 g: 0,1 ml x 2
≥ 3000 g: 0,15 ml x 2
Jerntilskott anbefalast heile det første leveåret for barn med fødselsvekt under 2 kg. Barn som får grøt kvar dag skal ha halv dose med jern (1 dose dagleg).
Barn som har fødselsvekt mellom 2 og 2,5 kg kan slutte med jerntilskott etter 6 månader, dersom dei et grøt.
Nycoplus D-vitamin dråper:
Frå 1 vekes alder blir det anbefalt 5 dråper Nycoplus D-vitamin til barn som fullammas/får kun morsmelk, uansett fødselsvekt.
D-vitamin dråper skal gis heile første leveår.
Barn som får morsmjølkerstatning
Morsmjølkerstatning er tilsett både vitamin og jern, så tilskota bør justerast for barn som får morsmjølkerstatning i staden for morsmjølk.
Jerntilskott bør gis frå 4 veker alder. Namnet på produkta kan endre seg, men desse to produkta doserast likt: Niferex og Glutaferro.
Dosering etter vekt
1500–3000 g: 0,1 ml x 1
≥ 3000 g: 0,15 ml x 1
Jerntilskott anbefalast heile det første leveåret for barn med fødselsvekt under 2 kg. Barn som får grøt kvar dag skal ha halv dose med jern (1 dose dagleg).
Barn som har fødselsvekt mellom 2 og 2,5 kg kan slutte med jerntilskott etter 6 månader, dersom dei et grøt.
D-vitamin:
Dersom barnet får minst 600 ml morsmjølkerstatning per dag, treng dei ikkje D-vitamin tilskott.
Dersom barnet får mindre enn 600 ml morsmjølkerstatning per dag, kan dei få 3 dråper vitamin D ein gong om dagen frå 1 vekes alder.
Tilskotet gjeld heile første leveår.
Viktig informasjon:
Niferex dråper og Nycoplus D-vitamin dråper kan kjøpast reseptfritt på apoteket.
Glutaferro må legen skrive resept på.